Navigasjon
Navigasjon
18. januar: Råsprek pensjonist fyller 90 år.
arkivfoto frå Fetvatnet rundt 2010
arkivfoto frå Fetvatnet rundt 2010

18.januar fyller Kjellaug Petrine Ulset 90 år. Ho har nok aldri kalla seg idrettskvinne, sjølv om ei slik nemning er nærare det korrekte no, enn då ho var 25.

    I Kjellaug si velmakt var arbeidsevne viktigare enn å springe frå A til B på tid. Og vi kan seie det slik; Kjellaug – til liks med dei fleste andre - vart produkt av tida dei levde i. Ho har vore budeie på Myrdalen, men truleg aldri sprunge frå Hole til Myrdalen på tid.

 

Men særleg som pensjonist fatta Kjellaug interesse for å halde seg i god fysisk form. Og det passa bra at Velledalen IL plasserte ut trimpostar mest samstundes som dama vart pensjonist. Ho viste seg som ein flittig turgåar, særleg til posten ved sætreelva i Holemarka.

 

Kjellaug Ulset var 74 år då det fyrste Konradløpet vart arrangert. Ho slengde seg med. Ikkje underleg, då ho levde i nærleiken av dei ideala Konrad Brunstad dyrka, berre i langt mindre grad. I alle fall då. Men dette skulle endre seg. Kjellaug vart fast gjest i alle Konradløpa, og det er eit fåtal som med handa på hjarte kan seie dei er sprekare i ein alder av 85 enn 55. Kjellaug kunne, men det stoppa ikkje der.

 

1.mai 2017 var Kjellaug på scena i grendahuset, saman med fem andre utøvarar over 80 år. Dette året sette ho ny aldersrekord for kvinner i det 4,5 kilometer lange Konradløpet. Ho gjennomførte i fin stil i ein alder av 89 år og 103 dagar. Og enno meir imponerande. Ho hadde delteke i 16 av 16 moglege løp – og hugs ho var 74 år under debuten! Stiller ho 1.mai i 2018 vil ho truleg vere einaste kvinne over 90 år som har fullført løpet (berre Tomas Tandstad har vore eldre – gjekk i sitt 92.leveår).

 

Men det stoppar ikkje med Konradløpet. I 2017 hadde Kjellaug Petrine 100 noteringar på trimposten ved sætreelva i Holemarka. Ein framifrå prestasjon som berre Nils Terje Skylstad gjekk over.

 

Velledalen IL er stolte av personar som Kjellaug Ulset.

-           Som fyke lavt, på gylne vinger, som gruppa Vamp ville ha sagt.

Hjarteleg til lukke med 90 års dagen, Kjelllaug!!

 

Atle Jomar



Publisert: Onsdag 17. Januar 2018 Kl. 19:48
Siste nyhende
Olaf og Alf Petter klassevinnarar på Hareid
arkivfotoSnipsøyrvatnet Rundt (12,5 km) vart avvikla på Hareid laurdag 19. oktober.
Les meir (21.10.2018)
Fine prestasjonar i Hytteplanmila
Velledalen IL, avdeling Aust, var representert med fire utøvarar under Hytteplanmila ved Hønefoss laurdag.
Les meir (21.10.2018)
Trimpostane: 109 noteringar på Holetindane
arkivfotoNok med to turar på denne trimposten for ei topp-5 plassering. Og vinnaren må kallast stabil.
Les meir (21.10.2018)
Nok ei gåve frå «gromjentene»
I fjor gav Elsa Welle og Svanhild Brunstad ein barnebunad til arrangørane av Førjulsmessa. Les kva dei har gitt dette året.
Les meir (20.10.2018)
Trimpostane 2018: Syltynt på Høgsætra.
Høgsætra trimpost (Fet) vart svakaste post i 2018. Les meir og du vil få namnet på post-vinnaren.
Les meir (20.10.2018)
Osloavdelinga tungt inn i Hytteplanmila
Velledalen IL vert representerte under Hytteplanmila ved Hønefoss og Snipsøyrvatnet Rundt på Hareid denne helga.
Les meir (19.10.2018)
Pyramide-intervall sundag 21.oktober
Frammøte ved Fet bru klokka 10.15.
Les meir (19.10.2018)
Kjøp o-boka 2018!
Omtale finn du på orientering.no
Les meir (19.10.2018)
Rapport frå Emma

Samstundes som Christina og eg meldte oss på Hornindal Ru...

Les meir (16.10.2018)
Team Bøe onsdag 17. oktober
Frammøte ved Nærbutikken i Velledalen klokka 10.00
Les meir (16.10.2018)
Intervall-trening i sommartemperatur
Fuktig luft og kring 20 plussgrader då eit fint knippe utøvarar møtte til intervall-trening ved Fetbrua sundag 14. oktober.
Les meir (14.10.2018)
Årsbeste av Roger Malvin
Nummer åtte av 60 fullførande i klasse M 50-54 år under Nøklevann Rundt i helga let seg absolutt høyre Roger Malvin Hole!
Les meir (14.10.2018)
Velledalen IL, avdeling aust, arrangerer treningsleir
Kanskje nokre av desse stiller?Sommaren 2019 vert det treningsleir i Velledalen. Arrangert av Velledalen IL, avdeling aust.
Les meir (13.10.2018)
TRIMPOSTAR: Ny sesong i gang
Trimbøkene på VIL sine 14 postar er skifta, som betyr vi er inne i ny sesong, som strekkjer seg frå oktober 2018 til oktober 2019.
Les meir (13.10.2018)
Velkomen til ny intervall-trening 14. oktober
Frammøte ved Fet Bru sundag 14. oktober klokka 10.15. Denne gongen flate intervall-drag på grusveg langs Fetvatnet.
Les meir (13.10.2018)
Henning Tandstad ny kasserar i VIL
VIL-styret har gjort nokre små-rokkeringar.
Les meir (12.10.2018)
Glen Ørjan senka FK Sykkylven
Med 2-3 tap mot Valder torsdag, er det siste snev av håp om ståplass ute for FK Sykkylven.
Les meir (12.10.2018)
Førjulsmessa har 25 års jubileum
Har du ikkje meldt deg på..? kontakt Elisabeth Sjøli snarast, det er berre fem veker til messestart.
Les meir (12.10.2018)
Tøffe Emma Olin har gjort det
Fullførte Kosice Peace Maraton dagen før 19 års dagen
Les meir (09.10.2018)
Frode beste VIL-løpar under Østremsætra Opp
Frode Mauren sprang raskast av VIL sin kvartett. Radka og Olaf vart klassevinnarar.
Les meir (07.10.2018)
Hareid slo FK Sykkylven 3-1
Hareid vann den viktige botnkampen mot FK Sykkyven og sende dermed gjestane nådelaust ned i 5.divisjon.
Les meir (05.10.2018)
Østremsetra Opp på Emblem 6.oktober
Velledalen IL vert representert med fleire habile løparar
Les meir (05.10.2018)
Lagnadskamp for FK Sykkylven på Hareid
Faktisk kan det vere «vinn eller forsvinn» for FK Sykkylven fredag 5.oktober når laget møter Hareid på bortebane.
Les meir (04.10.2018)
Ikkje alt er dyrt i Oslo
VIL-medlemar sprang motbakkeløpet Skjennungstua Opp, der varm hønsesuppe med brød, kaffi, kakao og bolle var inkludert i startkontingent på 120 kroner.
Les meir (04.10.2018)
Team Bøe vil ha deg med onsdag 3.oktober
Lett mosjonering med start frå Nærbutikken i Velledalen klokka 10.00
Les meir (01.10.2018)
Njål nummer ti i «Oslos Bratteste»
Ikkje lenge etter Njål Torillson Tyssing sprang heilmaraton i overkant av 2.50, mønstra han på ein motbakkesprint i Oslo.
Les meir (01.10.2018)
Takk for 3041 grasrotkroner i september!
September vart ein knallmånad med over 3000 grasrotkroner.
Les meir (01.10.2018)
Pernille avslutta med sterk 2.plass
ArkivfotoÅrets siste lokale o-løp, «Fjellgeita» vart avvikla på Emblem 30.september
Les meir (01.10.2018)
Kjempetalent med slektskapsband til Fet
Kaspar Fet var ein kjend mann i Velledalen. No har det dukka opp ein ny kar med mest same namn, nemleg Kasper Fet Støtvig.
Les meir (01.10.2018)
Kven sat i UK i 1978…?
Det har kome spørsmål om kven som sat i UK (uttakningskomiteen) hos VRF i 1978
Les meir (25.09.2018)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no