Navigasjon
Navigasjon
Torild mellom over 50 000 fullførande i New York

Det er mest ikkje til å tru. Tala varierer litt, men alle stader står det å lese om over 50 000 fullførande i New York. Mellom seks og sju gonger folketalet i Sykkylven kommune! Det blir litt skoslitasje i løpet av ein dag – hadde vel vore eit eldorado for skoseljar Terje Aurdal der!

 

Vi reknar med somme har lese på VIL facebook kva Torild skriv der. Ei hard prøve, men ho var godt nøgd med tida. Det har ho god grunn til. Løypa er hardare enn i Roma, dama er to år eldre, og treninga har ikkje vorte intensivert. Difor er 6.58.45 i New York i 2017, eit hakk sterkare enn 6.48 i Roma i 2015. Men for Torild var hovudmålet å få oppleve det klimakset ei målline-kryssing  etter 42 195 meter kan vere. Faktisk er det ikkje mange i Sykkylven som har gjort det. Av VIL-medlemar truleg berre Ivar Arne Flo, Einar Magne Fet, Njål Torillson Tyssing og Sverre Gunnar Brunstad – i tillegg til Torild. Har VIL-Nett rett i at Torild er einaste kvinne som har fullført heilmaraton etter asfalt/brustein….?

     Vi veit sjølvsagt at Christina og Emma Holmberg har gjort hardare «stunt», og Radka Vosicka like eins. Men enn så lenge har Torild klubbrekorden på heilmaraton for kvinner.

 

Slik var passeringstidene:

10 km: 1.31.07

20 km : 3.09.28

Halvvegs: 3.20.17

30 km: 4.50.13

40 km: 6.36.03

Mål: 6.58.45 – med denne tida hadde Torild over 1000 løparar bak seg.

 

 

Geoffrey Kamworor frå Kenya vart beste herreløpar på 2.10.53, medan det vart ein populær heimesiger til Shalane Flanagan (2.26.53) mellom kvinnene. Tider som provar at dette ikkje er eit lett maratonløp.



Publisert: Tirsdag 7. November 2017 Kl. 18:01
Siste nyhende
Gode forhold på fjellet
Langrennsleiar, Svein Arne Nakken, melder om gode forhold på fjellet. Så det BLIR skitrening i kveld. Frammøte 18.00 på parkeringsplassen ved skisenteret.
Les meir (12.12.2018)
Inger Riksheim åleine på trimtrona
arkivfotoVann for sjuande gong og auka doseringa. Gjekk 522 turar og var 1125 poeng føre nummer to.
Les meir (11.12.2018)
Anita Nakken vann helgakonkurransen
Det kom inn mange rette svar, og under loddtrekninga vart Anita Mosby Nakken den heldige vinnaren.
Les meir (10.12.2018)
Solveig nest best i 2018
Solveig Olsen har siste tiåret vore fast gjest på Velledalen IL si topp-10 liste over trimpoeng.
Les meir (10.12.2018)
Skitrening onsdag 12. desember klokka 18.00
Om forholda tillet det, vert det skitrening onsdag 12.desember klokka 18.00. Frammøte på parkeringsplassen ved skitrekket.
Les meir (09.12.2018)
Helsejogg med Team Bøe 12. desember

Start frå Nærbutikken i Velledalen klokka 10.00. Sosial samling ca klokka 11.00 i kafeavdelinga. Alle velkomne!

 

Les meir (09.12.2018)
Helgakonkurranse i førjulsstrida
Sjå foto av løpar på veg mot toppen av Dalsnibba i 2018! Svarar du rett på spørsmålet vårt, kan du bli premievinnar.
Les meir (09.12.2018)
Jamne tal og sterk 3.plass til Ivar Arne Flo
arkivfotoI år gjorde Ivar jobben lett for trimpostgeneralen.
Les meir (09.12.2018)
Pernille raskaste kvinne på 5 km
Pernille Ibsen Lervåg sprang 5 km under vinterkarusellen på 20.58, og vart raskaste kvinne på distansen.
Les meir (08.12.2018)
Nok ein gong ny pers for Frode
arkivfotoVelledalen IL sin Frode Mauren sprang for fyrste gong under 40 minutt under vinterkarusellen i november. I dag senka han persen til 39.24.
Les meir (08.12.2018)
Mange sykkylvingar spring vinterkarusell
Sjekk deltakarane som representerer Velledalen IL på ettermiddagstid 8.desember.
Les meir (08.12.2018)
Jan Kåre Oterhals ein god nummer fire
272 signeringar på Bruna trimpost gav Jan Kåre Oterhals 1904 trimpoeng. Berre tre personar straffa den summen.
Les meir (06.12.2018)
Tok friidrettsleiaren på ordet
- Friidrettsleiaren får det som han vil. VIL stiller ikkje berre med «karrar» under andre løpet i Ålesund vinterkarusell komande laurdag.
Les meir (05.12.2018)
Holmenkollstafetten 11.mai 2019
Påmelding av lag bør skje før nyttår, men skal det meldast på eitt eller to lag…?
Les meir (05.12.2018)
Knallsesong av Ingrid Brudevoll
307 turar gav 1782 trimpoeng og finfin 5. plass for sesongen 2018.
Les meir (03.12.2018)
No byrjar det bli litt sus her!
Heile ti utøvarar møtte 2.desember ved Fet Bru klokka 10.15 til intervall-trening.
Les meir (02.12.2018)
O-boka 2018 – ei kvalitetsbok!
Vi håper rett mange av Velledalen IL sine utøvarar har sikra seg årets O-bok. Nestleiaren i VIL har gjort det.
Les meir (02.12.2018)
2031 grasrotkroner i november
Alt tyder på at året 2018 går ut med ny årsrekord
Les meir (01.12.2018)
Sterk 6.plass til Ingunn Hole Hunnes
245 turar til Bruna trimpost gav Ingunn Hole Hunnes – frå ei sterk trimslekt – ein flott 6.plass på samanlagtlista med 1715 poeng.
Les meir (01.12.2018)
2.løp i vinterkarusellen går 8.desember
Velledalen IL imponerte med ni utøvarar då Ålesund vinterkarusell opna i november. Kor mange stiller vi i løp nummer to…?
Les meir (29.11.2018)
Åshild ordførarkandidat!
Sykkylvsbladet melder at Åshild Kristoffersen – medlem i friidrettsgruppa til Velledalen IL – er Sykkylven AP sin ordførarkandidat.
Les meir (29.11.2018)
Kjell Olsen som vanleg inne på topp-10
Vart denne sesongen nummer sju med 1676 trimpoeng etter 239 signeringar på VIL sine turmål.
Les meir (27.11.2018)
Brunstadsætra: Trimpostkasse flytta
Det har kome spørsmål til VIL-Nett: - Har Brunstadsætra mist statusen som trimpost…?
Les meir (27.11.2018)
Trimpostgeneralen nummer åtte
Nils Terje Skylstad er ein allsidig turvandrar. 1565 trimpoeng i 2018 heldt til 8.plass då innslaget vart gjort i oktober.
Les meir (25.11.2018)
Trimpoeng samanlagt: Nykomar nummer ni.
Vi kan røpe at vi har fleire nykomarar inne på topp-10 denne sesongen, noko Velledalen IL set stor pris på.
Les meir (24.11.2018)
Måtte over 1500 poeng for å kome på topp-10
Då er vi over på dei største poengsankarane, alle 14 postane medrekna. I dag får du namnet på utøvaren som tok 10.plassen.
Les meir (23.11.2018)
Skjønsmidlar til orientering og langrenn.
Gledeleg melding om skjønsmidlar denne veka.
Les meir (23.11.2018)
Bruna trimpost klart best – 1086 noteringar føre nr. 2
ArkivfotoDei ivrigaste har gått meir enn i fjor, men totalen er klart svakare enn snittet siste fem år.
Les meir (22.11.2018)
Under pari på Brunstadsætra trimpost
Brunstadsætra trimpost hadde i 2018 sitt svakaste resultat i siste femårsbolk, men vart likevel nest best av VIL sine 14 postar.
Les meir (20.11.2018)
Takk alle gode hjelparar – vellukka messe i helga!
God innsats av mange, og lagleg vêr, gjorde at det er godt håp om ny rekord i brutto omsetjing for Førjulsmessa 2018.
Les meir (18.11.2018)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no