Navigasjon
Navigasjon
Njål i kanonform – denne gong på halvmaraton
arkivfoto
arkivfoto

Njål Torillson Tyssing er i kanonform for tida. Tidlegare denne hausten har han persa på heilmaraton og 10 km. Denne helga reiste han til Lørenskog og sprang halvmaraton – med stor suksess. Tida 1.18.07 var ny personleg rekord med godt over to minutt, det var 1. plass i klasse 35-39 år, og totalt nummer åtte av alle mannfolka på distansen.

    Nesten synd at sesongen er over, Njål!!

 

Les Njål sin rapport frå løpet og kom gjerne med kommentarar.

 

Som følge av flott ver på Austlandet på laurdag, så benytta eg muligheita til å springe Lørenskog Halvmaraton. Referat som følger:

 

Lørenskog Halvmaraton

Som følge av flott ver, benytta eg muligheita til å prøve å settte årsbeste på halvmaraton for 2017. Eg var sterk i trua på at dette kunne gå, særleg sidan det også var mitt første halvmaraton for 2017. Sekundært mål var å prøve å forbetre personlig rekord på ca. 1.20.20. Eg var ikkje like sterk i trua på dette målet, men større under har skjedd før litt lengre sør i Europa/Asia.

 

Løpet eg hadde sett meg ut i finveret, var Lørenskog Halvmaraton. Ikkje overraskande ligg dette løpet på Lørenskog. Ein spring ei kort sløyfe og fire rundar i ei kjapp og oversiktleg løype i nærleiken av AHUS. Velledalen var som vanleg godt representert. Underteikna var på plass, og den berømte Brunstadekspressen med kone blei også observert i løypa.

 

Starten gjekk utanfor eit kjøpesenter. Ein svært gammal mann fyrte laus med ein svær pistol. Truleg av type startpistol. Eg blei sopass skremt av dette at eg lag meg i rygg på ei gruppe som sprang fort. Faktisk so fort at eg slapp feltet etter eg var utanfor skothald frå nevnte eldre herremann.

 

Resten av løpet sprang eg stort sett åleine. Såg litt folk føre meg, men klarte ikkje å hente dei igjen før siste 2 km. Då innsåg eg til gjengjeld at målet om sub 80 min på halvmaraton var innanfor rekkevidde med god margin. Gleden var difor nokså stor då eg klokka inn på 1.18.07 og ingen mann med startpistol var å sjå i umiddelbar nærleik. Også kjekt med ny personleg rekord.

 

Plassering blei nr 7 av 153 mannfolk, og faktisk nr 1 i den svært lite prestisjefylte klassa Menn 35-39. Dette er det første gong eg har blitt nr 1 i noko sidan eg vann SVISS-cup i 1997 (multitalentet Raymond Elveland vann dei foregåande åra, men han hadde før vinteren 97 lagt opp skikarriera, og satsa på fotball og kvinnfolk).

 



Publisert: Søndag 29. Oktober 2017 Kl. 20:31
Siste nyhende
Idrettsgalla Velledalen IL for året 2017
Kjellarsalen i Velledalen grendahus – fredag 26.januar kl 19.00
Les meir (20.01.2018)
Tandstad-karar VIL-debuterer i Holmenkollstafetten
Tida er komen for å melde si interesse for Holmenkollstafetten. Les om to karar som alt har gjort det.
Les meir (20.01.2018)
Få helsedirektoratet til å juble!
Ut med fy-mat, inn med fisk og frukt.
Les meir (18.01.2018)
18. januar: Råsprek pensjonist fyller 90 år.
arkivfoto frå Fetvatnet rundt 2010Les om Kjellaug Petrine Ulset – dama som ikkje er som 90-åringar flest.
Les meir (17.01.2018)
Langrenn: Cupstart onsdag 24.januar
arkivfotoRennprogrammet for årets TELENOR – FjellsæterCup er no klart.
Les meir (16.01.2018)
Vinterkarusellen i Ålesund – 3.løp
Velledalen IL var representert ved Olaf Einar Øien og tvillingane Sivert og Andreas Mosby Nakken under tredje løpet i Ålesund vinterkarusell.
Les meir (14.01.2018)
Team-Njål viser musklar på Bislett
Det har kome ein kort rapport frå hovudstaden. Eit foto viser at Team-Njål veks. Les den kortfatta rapporten.
Les meir (09.01.2018)
Langrenn: Det blir FjellsæterCup også i 2018
arkivfotoEr du mellom dei som lurer på om det vert FjellsæterCup i langrenn dette året, så les resten av teksten.
Les meir (09.01.2018)
Brune klassevinnar på Hareid
Vann klasse 50-54 år i Grimstadvatnet Rundt. Velledalen IL ikkje representert.
Les meir (07.01.2018)
Konradløpet 2018: Påmeldinga opnar om få dagar
Det er mindre enn fire månadar til Konradløpet 2018. Nettpåmeldinga opnar om få dagar.
Les meir (07.01.2018)
Holmenkollstafetten: Lag påmeldt
Velledalen IL har meldt på lag til Holmenkollstafetten 2018
Les meir (07.01.2018)
Olav og Anders gjekk Budorrennet
Velledalen IL var representert med Olav Brunstad og Anders Wigdahl under Budorrennet ved Hamar i dag.
Les meir (06.01.2018)
Grasrotspelarar innan idretten i Sykkylven
Nedgang i sentrum, utkantane har vekst.
Les meir (04.01.2018)
18 958 grasrotkroner til VIL i 2017
Dette er 93 kroner meir enn i 2016. Talet på grasrotspelarar har i same periode auka frå 76 til 81.
Les meir (01.01.2018)
Vil du låne vottane mine…..?
Klubbmeteorolog Per-Gunnar Holmberg er ein godhjarta mann. Les om møtet mellom ein langar og ein hardhaus i Ålesund sist laurdag.
Les meir (31.12.2017)
Nyttårsmaraton i Ålesund
Alf Petter vart klassevinnar, Sivert fullførte i debuten, medan Olaf måtte bryte etter fall.
Les meir (30.12.2017)
Nyttårsmaraton i Ålesund 30. desember
Sivert Mosby Nakken(14) og Olaf Øien (74) mellom dei påmelde.
Les meir (29.12.2017)
Olaf Einar Øien på «likes-toppen» i 2017
Vil nokon vippe Olaf ned av trona må dei vere raske. Året er nemleg snart omme.
Les meir (28.12.2017)
Vellukka Romjulsmarsj og akekveld
Eldrid og Asle Myhre hadde med seg bornborn og var mellom dei som heldt høgast fart. Kjekt å sjå at sparken framleis kan tene som framkomstmiddel. Trimgruppa i Velledalen IL drog like godt til med eit dobbelarrangement 2.juledag
Les meir (27.12.2017)
Endeleg vinter – bli med ut og nyt den!
I dag slår VIL-Nett eit slag for eit privat initiativ i Straumgjerde.
Les meir (27.12.2017)
1.juledagshelsing frå Bruna trimpost
Kjell Olsen kjempar mot ein bataljon av kvinner i toppsjiktet
Les meir (26.12.2017)
Trimpostane: 60-og 70-åringane «ruler» stort!
På sjølvaste julaftan finn vi det naturleg å gi ei verbal gåve i form av ros til lokale 60- og 70-åringar. Les kvifor.
Les meir (24.12.2017)
Inger Anne best for sjette gong
Nærbutikken sin Henning Tandstad er særdeles stolt av naboen sin. Ein triumf til så tronar ho på trimpost-toppen åleine.Inger Anne Riksheim vart beste utøvar på VIL sine trimpostar i 2017 etter 485 turar og 3414 trimpoeng.
Les meir (23.12.2017)
Romjulsmarsj for 38.gong 2.juledag
arkivfotoRomjulsmarsjen har tradisjon heilt tilbake til 1979 i Velledalen IL.
Les meir (23.12.2017)
Testløp i Oslo-avdelinga
arkiv fotoRykta seier at Oslo-avdelinga har hatt testløp over 5000 meter med gode resultat.
Les meir (22.12.2017)
Holmenkollstafetten 2018 går 5.mai
arkivfotoEr venta 3 000 lag og 45 000 deltakarar til den 88.utgåva av Holmenkollstafetten.
Les meir (22.12.2017)
Solveig Olsen på sikker 2.plass
Solveig Olsen vart nummer tre i fjor og rykte fram til 2.pass denne sesongen etter nøyaktig like mange turar.
Les meir (18.12.2017)
Team DnB – Steffen og Stian
Denne helga starta krinscupen i langrenn opp med renn i Valldal utan deltakarar frå Sykkylven. Men Team DnB var der.
Les meir (17.12.2017)
Delt 2. plass til Espen i Volda.
Foto topp-3: Bjørg Iren StrømLaurdag vart nok eit løp rundt Rotevatnet i Volda arrangert. Denne gong på vinterføre.
Les meir (17.12.2017)
Ivar hoppa frå 5.plass i fjor til 3.plass i år.
arkivfotoIvar Arne Flo greidde 1946 trimpoeng denne sesongen. Berre to personar samla fleire.
Les meir (16.12.2017)

 Arkiv
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no