Navigasjon
Navigasjon
Sette farge på Torvikbukt Rundt
arkivfoto
arkivfoto

I går melde vi om tre VIL-medlemar til start i Torvikbukt Rundt, men det skulle vise seg å bli fire. Slik gjekk det for våre i det 13,5 km lange løpet.

 

Espen Strøm Grebstad, klasse 17-20 år:

Espen hadde store ting på gang i dette løpet. Han låg langt framme i feltet, også føre friidrettsleiar Bøe, då han fekk så sterkt hald at han måtte slutte springe. Utruleg nok kom han seg til mål etter ei lang gå-økt, som vinnar, på tida 59.58.

-           Espen ville heilt sikkert vore inne på 53-talet utan dette uhellet, så Alf Petter etter løpet.  

 

Jan Rakkottyai, mosjonsklasse med tidtaking:

Jan Rakkottyai er for tida Velledalen IL sin mest konkurranseglade utøvar. Etter eit godt gjennomførtløp løp vart Jan nummer fire av 30 startande i klassa. Han er framleis betre der det går oppover, men gjer framgang også i dei lettare partia. Jan sprang sine 13,5 km i ei hard løype på 1.05.06. I dag spring han på Sæbø (Det gjer også Radka)

 

Alf Petter Bøe, klasse 50-59 år:

Alf Petter leverte eit sprekt løp. Den ferske 50-åringen vart 6.beste løpar totalt og overlegen vinnar i klasse 50-59 år. Han hadde seks minutt og ti sekund bak til andremann, Per-Øyvind Torvik, IL Varden. Tida vart fine 54.24, så dette lovar godt føre NM i terrengløp i Vik i Sogn i oktober.

 

Olaf Einar Øien, klasse 70+:

Sidan både Alf Petter og Espen drog inn 300 kroner i premiepengar, var det kjekt at superveteranen vår ikkje var stort ringare. Det vart 2.plass på Olaf, etter å ha kryssa mållina i Gjemneshallen på 1.22.59. Prispengane lydde på 200 kroner. VIL er stolte av å ha utøvarar som Olaf(74) i sine sportslege rekkjer.

 

Vi trur dei fire karane hadde ein gild tur og opplevingar som kjem på plussida, sjølv om Espen var uheldig denne gongen. For ordens skuld nemner vi at bestetida i Torvikbukt laurdag var 49.31 (Truls Torvik IL Varden). Nest best vart Kristian Nedregård frå Spjelkavik på 52.26.



Publisert: Søndag 24. September 2017 Kl. 09:59
Siste nyhende
Skogsvegen Drabløs: Tett som hagl bak Annlaug
Annlaug Lervåg har fått luke i skogsvegen Drabløs – og den er ikkje så reint lita heller.
Les meir (18.07.2018)
Strøken grasbane til leige
Norway Cup er ei grasturnering, og kanskje kunne litt grastrening vore ein idé for lokale lag før avreise til Oslo.
Les meir (18.07.2018)
10 000 kroner frå Sykkylven Energi-Fondet til PC
O-gruppa i Velledalen IL har fått ei gladmelding i fellesferien; har fått 10 000 kroner til ny «løps-PC» frå Sykkylven Energi sitt fond !
Les meir (17.07.2018)
Myrdalsfjellet trimpost: stoda 17.juli
Veteranen Elling Hole er framleis personen som slit mest sko på Myrdalsfjellet.
Les meir (17.07.2018)
For minneboka – del 2 – Konradløpet i 2002
arkivfoto 2004Vi har sett nærare på Sykkylvsbladet si dekning av det fyrste Konradløpet (1.mai 2002), ført i penn av Ole Jostein Fet.
Les meir (15.07.2018)
Minne for livet for familie frå Velledalen
Dei færraste får nokon gong oppleve å delta i eit o-løp med 4500 deltakarar. Frå eit utal nasjonar til og med. Familien Ibsen Lervåg frå Drabløs i Velledalen har gjort det.
Les meir (13.07.2018)
Pernille i verdstoppen på langdistanse
Fredag 13 (!) juli vart Pernille Ibsen Lervåg nummer åtte i A-finalen langdistanse under veteran-VM i Danmark.
Les meir (13.07.2018)
Frode klassevinnar i sommarkarusellen
Med 40.34 på 10 kilometer vart Frode Mauren klassevinnar i M 45-49 under andre løpet i Ålesund Sommarkarusell.
Les meir (12.07.2018)
Klubbmeteorolog Holmberg spår sommarvêret
Klubbmeteorolog Per-Gunnar Holmberg har reist på ferie. Noko av det siste han gjorde før avreisa var denne rapporten om sommarvêret.
Les meir (11.07.2018)
Går stadig betre for Pernille i O-VM
Etter i ha blitt nummer 26 i A-finalen i sprint, vart ho i dag nummer 16 i A-finalen på mellomdistanse.
Les meir (11.07.2018)
Pernille finaleklar på mellomdistanse
I dag, 10.juli, var det kvalifiseringsløp på mellomdistanse for Pernille i O-VM for veteranar i Danmark.
Les meir (10.07.2018)
For minneboka – Del 1
Nestleiaren i VIL har hatt ryddeaksjon i sommar. Då kan ein støyte på litt av kvart. Som denne saka frå 27.august 2004.
Les meir (10.07.2018)
Overraskingar finst over alt i verda…
Dette har du ikkje sagt mykje om Johan S. Grebstad!
Les meir (10.07.2018)
Pernille nummer 26 i A-finalen i sprint-VM
Pernille Ibsen Lervåg deltek i VM i orientering for veteranar i Danmark. Ho er no ferdig med by-sprinten.
Les meir (08.07.2018)
Fin 3.plass til Anders Wigdahl i Hellesyltløpet
Få VIL-løparar i Hellesylt-løpet denne gongen. Av totalt 75 utøvarar var Anders Wigdahl åleine-deltakar frå Vellledalen IL.
Les meir (08.07.2018)
Kanonløp av Radka i Hornindal
Ultraløp-debuterte med 14.02.12 i Hornindal, som heldt til 2.plass i klasse 35-39 år.
Les meir (08.07.2018)
Markant framgang for Emma og Christina
Sjå startnummer 173Emma og Christina Holmberg kom på delt 21.plass i ultraløpet i Hornindal laurdag 7.juli
Les meir (08.07.2018)
VIL i København, Hornindal og Hellesylt i helga
Velledalen IL har deltakarar mellom anna i veteran-VM i orientering i Danmark, i Hornindal Rundt og i Hellesyltløpet.
Les meir (06.07.2018)
Holetindane trimpost. No er det høgsesong
Då meldaren vår var på posten 3.juli, var Nils Terje Skylstad i tet med 13 turar.
Les meir (04.07.2018)
Intervall-trening i Vallasætervegen
Tysdag 3.juli køyrde friidrettsgruppa i VIL intervall-trening i Vallasætervegen.
Les meir (04.07.2018)
Siste trening med Alf Petter før fellesferien
Frammøte ved Brunstad Kraft tysdag 3.juli klokka 20.00
Les meir (02.07.2018)
Holemarka trimpost 1.juli
Her får du stillinga på trimposten ved sætreelva i Holemarka 1.juli klokka 11.00
Les meir (02.07.2018)
Trimgruppa har utsett grillinga
arkivfotoDet vert ikkje grilling på Brunstadsætra i regi av trimgruppa i Velledalen IL ved fellesferiestart.
Les meir (01.07.2018)
Takk for 2257 grasrotkroner i juni!
Velledalen IL takkar grasrotspelarane sine – 83 i talet – for 2257 kroner i juni.
Les meir (01.07.2018)
Trimpostane våre: Skogsvegen Hjorthol
Mest ikkje til å tru, men no er det berre drygt tre mnd til sesongslutt.
Les meir (30.06.2018)
Nærmar oss veteran–VM i orientering
Velledalen IL har aldri før gjennom sine 112 år hatt med deltakarar i eit veteran-VM i sommaridrett. I året 2018 skjer det!
Les meir (30.06.2018)
Ikkje meldt inn «stunt» denne sommaren
Men fire utøvarar frå Velledalen IL spring/går Hornindal Rundt Ultra – 75 km og 5600 høgdemeter – laurdag 7.juli.
Les meir (30.06.2018)
Sommaravslutning i Oslo-avdelinga
Med intervall-økt, kveldsmat og VIL-rekord i «hangups» for kvinner.
Les meir (28.06.2018)
Gule velledalingar og tap mot topplaget

Botnlaget FKS rauk mot topplaget AaFK 2, og etter halvspelt serie står framleis   bygda sine beste fotball-spelarar utan siger i 4.div...

Les meir (28.06.2018)
Team Bøe med sommarjogg og hugs Janne-trimmen!

Start frå Fet klokka 10.00 onsdag 27.juni. Alle velkomne!

 

Alle som ka...

Les meir (26.06.2018)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no