Navigasjon
Navigasjon
60-åring med høg kilometer-stand

Heldigvis er det skilnad på bilar og menneske. Bilar skal helst ha låg kilometer-stand. Menneske som ikkje røyver seg er sjeldan av dei sunnaste. Dagens jubilant, Nils Terje Skylstad, har aldri vore redd for å knyte på seg joggesko.

 

Rullebladet hans i Velledalen IL er langt og godt. Kring 20 år som leiar av trimgruppa i Velledalen IL, og enno lenger fartstid som trimpostgeneral. Årsmeldingane til trimgruppa har vore prega av mykje godt statistisk arbeid. Både frå trimpostane og idrettsmerkeprøver. Nils har alltid hatt kontroll. Det er ikkje akkurat få trimbøker han har blada seg gjennom, på leit etter den einsleg turen  som kan endre stod.

 

Han har sjølv vore ein trottig turgåar. Mang ein gong har Nils sitt namn trona øvst. Holetindane har han nærast hatt klippekort  på, normalt med over 20 turar i sesongen. I Holemarka finn vi garanter Nils inne på topp-5. Og han var den fyrste som gjorde eit «trimpost-stunt», då han 24.juli 2008 tok 11 av 12 trimpostar på same dag – til og med på årets varmaste dag.

Nils Terje Skylstad er æresmedlem i Velledalen IL.  Vel  fortent etter trufast sportsleg og administrativt arbeid. Han har ei solid karriere som motbakkeløpar bak seg. Han har vidare gjort sterke stafett-etappar både lokalt og nasjonalt.

    Også i Konradløpet er posisjonen sterk. Bestetida hans er 15.29, i eit løp der han vart totalvinnar i 2002, 2003 og 2004.

 

Sjølv om kilometer -standen til Nils er høg er «karosseriet» i god stand. Så vidt vi veit har han enno ikkje byrja bruke av reservedelane. Idrettsvener i Velledalen IL gratulerer med overstått 60 års dag!

 

Atle Jomar.



Publisert: Onsdag 20. September 2017 Kl. 23:12
Siste nyhende
Team DnB – Steffen og Stian
Denne helga starta krinscupen i langrenn opp med renn i Valldal utan deltakarar frå Sykkylven. Men Team DnB var der.
Les meir (17.12.2017)
Delt 2. plass til Espen i Volda.
Foto topp-3: Bjørg Iren StrømLaurdag vart nok eit løp rundt Rotevatnet i Volda arrangert. Denne gong på vinterføre.
Les meir (17.12.2017)
Ivar hoppa frå 5.plass i fjor til 3.plass i år.
arkivfotoIvar Arne Flo greidde 1946 trimpoeng denne sesongen. Berre to personar samla fleire.
Les meir (16.12.2017)
Sluttutbetaling spelemidlar 2017
10 000 kroner som stod til rest på Myrdalssætra o-kart, vil no bli utbetalt skriv Møre og Romsdal fylkeskommune til Sykkylven Kommune.
Les meir (16.12.2017)
4534 kroner i utstyrsmidlar frå o-forbundet.
O-forbundet har fordelt «Utstyrsmidlane» for 2017. O-gruppa i VIL var mellom dei 53 klubbane som fekk pengar.
Les meir (15.12.2017)
Årets Førjulsmesse gav rekordresultat
Kring 93 000 kroner kunne delast på dei tre arrangørlaga etter årets messe.
Les meir (15.12.2017)
Skitnesundag-konkurransen.
Sjå foto frå Konradløpet 2017!
Les meir (14.12.2017)
Arnhild held koken
Ny sterk plassering for Arnhild Linga på trimpostane i 2017. Denne gongen nummer fire med 1660 poeng.
Les meir (14.12.2017)
Lange løp og gode gjerningar
arkivfotoNjål Torillson Tyssing har nyleg vore i Lisboa. Der sprang han halvmaraton og gjorde ei god gjerning.
Les meir (13.12.2017)
Held seg i form med innebandy
FOTO: Svein Arne Nakken)Kjenner du det strammar både her og der like over nyttår, kan innebandy vere eit godt alternativ.
Les meir (12.12.2017)
Ei av dei sprekare damene i dalen fyller 40
FOTO: Konradløpet 2017Eit høglydt HURRA for Inger Anne Brunstad – alltid i toppsjiktet på Brunstadsætra trimpost og ein «racer» i Konradløpet.
Les meir (12.12.2017)
Sterk trimpost-sesong av Ingrid
Berre fire personar samla fleire trimpoeng enn Ingrid Brudevoll i sesongen 2016/2017.
Les meir (11.12.2017)
Flott og velsmakande servering
O-gruppa si kombinerte grønsak/kjøttsuppe fekk raus fagnad under O-festen.
Les meir (10.12.2017)
Premie til Mateusz og Emil
På O-festen vanka det premiar til alle born, men også til to av dei ivrigaste deltakarane sist sesong.
Les meir (10.12.2017)
Fortent heider til Janne og Merete.
Velledalen IL er stolte av O- gasellene sine. F.v:Merete, Janne og Pernille. Fekk kvar si O-bok for innsatsen i 2017 under O-festen.
Les meir (10.12.2017)
Idrettsminne i høve John Birger Johansen sin 70 års dag
John Johansen står som nr. 3 bak f.v. Dette fotoet er teke ca 8 år før det omtala kanonskotet på Siffen10.desember vart tidlegare VRF-spelar, John Johansen, 70 år. Vi tek dykk med tilbake til våren 1979.
Les meir (10.12.2017)
Oppsummering futsal-EM kvinner
Det norske laget slo Catalonia 12-0 og kom på tredje plass.
Les meir (09.12.2017)
Andre løpet i vinterkarusellen i Ålesund
arkivfotoVelledalen IL friidrett representert med tre blad Nakken.
Les meir (09.12.2017)
Grethe hoppa frå 10. til 6.plass
arkivfotoGrethe Ramstad Fet har siste året gått 389 turar til 1583 poeng. Det gav 6.plass på samanlagt-lista.
Les meir (08.12.2017)
15 788 i momsrefusjon for 2016
Velledalen IL får i desse dagar 15 788 kroner i momsrefusjon for året 2016.
Les meir (08.12.2017)
Futsal EM

Les meir (08.12.2017)
Særdeles kjekk e-post
Anette Heimli Jokstad (t.h) og Nikolai Handle Jensen nr tre frå høgreVi ynskjer Anette og Nikolai varmt velkomne inn i fellesskapet vårt.
Les meir (06.12.2017)
Elling (76) har starta klatringa
ArkivfotoElling Ivar Hole vart nummer åtte på lista over dei største poengsankarane på VIL sine trimpostar i fjor. I år rykte han fram til 7.plass.
Les meir (06.12.2017)
FUTSAL-EM: Norge-Belgia 2-3 (2-3)
Dei norske debutantane beit godt frå seg i ein kamp der tre straffespark til Belgia i siste del av 1.omgang avgjorde kampen.
Les meir (05.12.2017)
Trimpostane: 75-åring tok 8.plassen
I fjor var det ikkje plass til Odd-Kåre Fet på topp-10 samanlagt. I år løfta veteranen seg til 8.plass.
Les meir (05.12.2017)
På plass i Spania – opnar mot Belgia
Det norske laget som skal delta i Futsal-EM er på plass i Spania, og møter Belgia i sin fyrste kamp 5. desember.
Les meir (04.12.2017)
Kjell Olsen nummer ni med 1519 poeng
Kjell Olsen har hatt ei lett nedtrapping i 2017, men berga likevel plass på den prestisjetunge topp-10.
Les meir (04.12.2017)
Topp-10 trimpostar 2017: Anita på 10.plass
arkivfotoDå har Nils Terje Skylstad klar samanlagt-lista for trimpostane 2017. Fine 1449 poeng heldt til 10.plass på lista.
Les meir (03.12.2017)
Bislett 24-timars - Inge Asbjørn var der
For ikkje lenge sidan kunne vi sjå og lese om ein sengeliggande, gul og blå Inge Asbjørn Haugen, i Sunnmørsposten. I helga sprang han Bislett 24-timars.
Les meir (30.11.2017)
16 794 noteringar på trimpostane sist sesong
Frå oktober 2016 til oktober 2017 vart det gjort 16 794 signeringar på VIL sine 14 trimpostar. Dette er 277 mindre enn året før.
Les meir (30.11.2017)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Ty26.12
La27.01
30.04
Ty01.05
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no