Navigasjon
Navigasjon
Referat frå Njål Torillson Tyssing.

Oslo Maraton er utvilsomt eitt av dei få høgdepunkta med å å bu i Oslo. Saman med Gardermoen Flyplass og god tilgang på solrike dagar. Nok om dei to sistnevnte og litt meir om førstnevnte. Fritt etter hukommelsen foregjekk min dag om lag som følger.

 

09.12 står eg på Smestad T-banestasjon. Starten for Oslo Maraton går 09.25. Panikken burde nok tatt meg her, men grunna svært låge forventningar til meg sjølv, så tenkte eg ikkje noko særskild over dette. Ti minutt seinare er eg rett ved start, nokså dårleg oppvarma men med ei plutseleg ståltru på meg sjølv. Eg la meg difor rett i rygg på fartsholdaren for tre timar og haldt følge med han og ei svær gruppe overambisiøse mannfolk i om lag 15 km.

 

Motet tok no overhand, så det var berre å gje gass oppover mot St. Hanshaugen. Løypa som på førehand blei beskreve som litt tøff opplevdes foreløpig som nokså overkommeleg. Men klok av skade frå Stranda Fjord Trail Race var eg ikkje blitt, så eg valgte difor å henge meg på ei gruppe med skrinne mannfolk på runde 2. For den interesserte lesar så gjekk 1. runde på ca 1.28.14. Målet om løpstid på under tre timar levde enno!

 

Nytt av året er mykje og mangt, men for min del så er den viktigaste innovasjonen på maratonfronten at eg spring med energi-gel som energikjelde gjennom nesten heile løpet. Dette gjorde at eg ikkje sprakk som vanleg, og eg kunne difor jogge nokså uanstrengt mot Zombie Hill (St.Hanshaugen). Bakken blei nokså tøff, men bakken ned igjen til mål blei enno tøffare. Eg fekk ikkje oppleve tøysete lår som på Stranda, men fekk i alle fall kjenne litt på smerte, vrede og tiltakande delirium. Heldigvis kom eg meg i mål før ting utarta seg, og kunne nøgd innsjå at eg persa med eitt minutt. Sluttid på 2.56.50.

 

Neste mål er Hytteplanmila 21. oktober. Denne gong med ambisjonar om sjå 34-talet og ete ei rikeleg mengde med muffinsar som blir servert i mål på dette flotte arrangementet ved Hønefoss.

 

 



Publisert: Søndag 17. September 2017 Kl. 23:18
Siste nyhende
Skogsvegen Drabløs: Tett som hagl bak Annlaug
Annlaug Lervåg har fått luke i skogsvegen Drabløs – og den er ikkje så reint lita heller.
Les meir (18.07.2018)
Strøken grasbane til leige
Norway Cup er ei grasturnering, og kanskje kunne litt grastrening vore ein idé for lokale lag før avreise til Oslo.
Les meir (18.07.2018)
10 000 kroner frå Sykkylven Energi-Fondet til PC
O-gruppa i Velledalen IL har fått ei gladmelding i fellesferien; har fått 10 000 kroner til ny «løps-PC» frå Sykkylven Energi sitt fond !
Les meir (17.07.2018)
Myrdalsfjellet trimpost: stoda 17.juli
Veteranen Elling Hole er framleis personen som slit mest sko på Myrdalsfjellet.
Les meir (17.07.2018)
For minneboka – del 2 – Konradløpet i 2002
arkivfoto 2004Vi har sett nærare på Sykkylvsbladet si dekning av det fyrste Konradløpet (1.mai 2002), ført i penn av Ole Jostein Fet.
Les meir (15.07.2018)
Minne for livet for familie frå Velledalen
Dei færraste får nokon gong oppleve å delta i eit o-løp med 4500 deltakarar. Frå eit utal nasjonar til og med. Familien Ibsen Lervåg frå Drabløs i Velledalen har gjort det.
Les meir (13.07.2018)
Pernille i verdstoppen på langdistanse
Fredag 13 (!) juli vart Pernille Ibsen Lervåg nummer åtte i A-finalen langdistanse under veteran-VM i Danmark.
Les meir (13.07.2018)
Frode klassevinnar i sommarkarusellen
Med 40.34 på 10 kilometer vart Frode Mauren klassevinnar i M 45-49 under andre løpet i Ålesund Sommarkarusell.
Les meir (12.07.2018)
Klubbmeteorolog Holmberg spår sommarvêret
Klubbmeteorolog Per-Gunnar Holmberg har reist på ferie. Noko av det siste han gjorde før avreisa var denne rapporten om sommarvêret.
Les meir (11.07.2018)
Går stadig betre for Pernille i O-VM
Etter i ha blitt nummer 26 i A-finalen i sprint, vart ho i dag nummer 16 i A-finalen på mellomdistanse.
Les meir (11.07.2018)
Pernille finaleklar på mellomdistanse
I dag, 10.juli, var det kvalifiseringsløp på mellomdistanse for Pernille i O-VM for veteranar i Danmark.
Les meir (10.07.2018)
For minneboka – Del 1
Nestleiaren i VIL har hatt ryddeaksjon i sommar. Då kan ein støyte på litt av kvart. Som denne saka frå 27.august 2004.
Les meir (10.07.2018)
Overraskingar finst over alt i verda…
Dette har du ikkje sagt mykje om Johan S. Grebstad!
Les meir (10.07.2018)
Pernille nummer 26 i A-finalen i sprint-VM
Pernille Ibsen Lervåg deltek i VM i orientering for veteranar i Danmark. Ho er no ferdig med by-sprinten.
Les meir (08.07.2018)
Fin 3.plass til Anders Wigdahl i Hellesyltløpet
Få VIL-løparar i Hellesylt-løpet denne gongen. Av totalt 75 utøvarar var Anders Wigdahl åleine-deltakar frå Vellledalen IL.
Les meir (08.07.2018)
Kanonløp av Radka i Hornindal
Ultraløp-debuterte med 14.02.12 i Hornindal, som heldt til 2.plass i klasse 35-39 år.
Les meir (08.07.2018)
Markant framgang for Emma og Christina
Sjå startnummer 173Emma og Christina Holmberg kom på delt 21.plass i ultraløpet i Hornindal laurdag 7.juli
Les meir (08.07.2018)
VIL i København, Hornindal og Hellesylt i helga
Velledalen IL har deltakarar mellom anna i veteran-VM i orientering i Danmark, i Hornindal Rundt og i Hellesyltløpet.
Les meir (06.07.2018)
Holetindane trimpost. No er det høgsesong
Då meldaren vår var på posten 3.juli, var Nils Terje Skylstad i tet med 13 turar.
Les meir (04.07.2018)
Intervall-trening i Vallasætervegen
Tysdag 3.juli køyrde friidrettsgruppa i VIL intervall-trening i Vallasætervegen.
Les meir (04.07.2018)
Siste trening med Alf Petter før fellesferien
Frammøte ved Brunstad Kraft tysdag 3.juli klokka 20.00
Les meir (02.07.2018)
Holemarka trimpost 1.juli
Her får du stillinga på trimposten ved sætreelva i Holemarka 1.juli klokka 11.00
Les meir (02.07.2018)
Trimgruppa har utsett grillinga
arkivfotoDet vert ikkje grilling på Brunstadsætra i regi av trimgruppa i Velledalen IL ved fellesferiestart.
Les meir (01.07.2018)
Takk for 2257 grasrotkroner i juni!
Velledalen IL takkar grasrotspelarane sine – 83 i talet – for 2257 kroner i juni.
Les meir (01.07.2018)
Trimpostane våre: Skogsvegen Hjorthol
Mest ikkje til å tru, men no er det berre drygt tre mnd til sesongslutt.
Les meir (30.06.2018)
Nærmar oss veteran–VM i orientering
Velledalen IL har aldri før gjennom sine 112 år hatt med deltakarar i eit veteran-VM i sommaridrett. I året 2018 skjer det!
Les meir (30.06.2018)
Ikkje meldt inn «stunt» denne sommaren
Men fire utøvarar frå Velledalen IL spring/går Hornindal Rundt Ultra – 75 km og 5600 høgdemeter – laurdag 7.juli.
Les meir (30.06.2018)
Sommaravslutning i Oslo-avdelinga
Med intervall-økt, kveldsmat og VIL-rekord i «hangups» for kvinner.
Les meir (28.06.2018)
Gule velledalingar og tap mot topplaget

Botnlaget FKS rauk mot topplaget AaFK 2, og etter halvspelt serie står framleis   bygda sine beste fotball-spelarar utan siger i 4.div...

Les meir (28.06.2018)
Team Bøe med sommarjogg og hugs Janne-trimmen!

Start frå Fet klokka 10.00 onsdag 27.juni. Alle velkomne!

 

Alle som ka...

Les meir (26.06.2018)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no