Navigasjon
Navigasjon
Harald Relling: 90 år, men livsgnist som ein tenåring.

Bur ein i Sykkylven er Konradløpet overkomeleg. Ein kan velte seg or senga litt før 04.30, og åle seg inn i løpsantrekket som ligg og ventar like ved . Deretter hiver ein seg i bilen og rekk eit glimt av Bjørg Frøystad Hole i tilhengaren, og dermed starten, med god margin – vel å merke om ein har henta startnummeret kvelden før.

 

Då er det verre for Harald Relling. Han bur i Langevåg, der han har funne ei trygg hamn. Fjord 1 har nemleg bestemt at ferga som må takast frå Magerholm for å nå Konradløpet  i Velledalen 1.mai, ja, den går klokka 03.20. Inga bønn. Tek ein neste ferje kjem ein for seint.  Bur ein  i Langevåg som Harald, må ein opp seinast 02.00. Og er ein i tillegg i 80-åra, skjønar alle at her er det lett gjort å «droppe» ut.

 

I 2017 var han på plass på Brunstad for 10.gong:

-           Sjå her, nye løpssko og lettare bekledning. Utstyrsmessig har eg knappast nokon gong stilt så skarpskodd i Konradløpet, var orda han møtte meg med – i ein alder av 89 år.

 

Av og til «trumfar» konkurranse-innstinktet alderen, tenkte eg då eg såg at Harald Relling stod i fremste line på startstreken då skotet small. Side om side med dei som ville kjempe om sigeren. Farta i løypa var upåklageleg, og humøret på topp då han entra scena saman med dei andre deltakarane over 80 år. Lett og fin i kropp og steg.

 

Hittil har berre Tomas Tandstad delteke i Konradløpet etter passerte 90 år. Neste år kan talet fort gjort vere tre. Harald Relling passerer 90 i dag, og er velkomen tilbake. I tillegg vil Kjellaug Ulset ha passert 90 neste gong. Ho har ikkje skofta eit einaste Konradløp.

 

Men i dag er det Harald Olav Relling vi hyller. 10 Konradløp med bustad Langevåg og 90 år i dag. Jaudå, dette hadde Konrad Brunstad likt, og han vil truleg ha sagt:

-           Du ser de på nå at han he bykts langt over seks meter i lengdehøpp!

 

Ja, Harald var ein dyktig idrettsmann i sine yngre år. I fleire idrettar til og med. Men altfor ofte vert «Alderdomsheltane» feia under teppet og gløymde. Ikkje ein gong nemnde. Men arrangørane av Konradløpet veit å setje pris på karar som Harald Olav Relling. Det gjer vi

 med eit rungande GRATULERER!!

Måtte fleire av oss oppleve å vere like vitale som 90-åringar!

 

Atle Jomar Hole



Publisert: Onsdag 6. September 2017 Kl. 18:38
Siste nyhende
Constantin sette rekord i Koldabakken
Rekord-deltaking då Koldabakken Grand Prix vart avvikla under gode forhold torsdag 4.juni.
Les meir (04.06.2020)
2638 grasrotkroner i mai månad
Velledalen IL takkar grasrotspelarane sine for 2638 kroner i mai
Les meir (01.06.2020)
1.juni er siste dag av trimpost-vandringa.
Oppslutninga har vore enorm. No står berre innleveringa og premietrekkinga att.
Les meir (31.05.2020)
Motbakkeløp sprint på Hole 4.juni
Friidrettsleiar Bøe melder at Koldabakken Grand Prix vert arrangert torsdag 4.juni på kveldstid.
Les meir (30.05.2020)
Sterkt VIL-trekløver med fødselsdag 29.mai
Minst tre VIL-medlem hadde fødselsdag fredag 29.mai. Les kven.
Les meir (30.05.2020)
ANETTE HEIMLI JOKSTAD – FRÅ BALLSPEL TIL HINDERLØP
Vi visste det ikkje då vi starta denne serien, men faktum er at Anette Heimli Jokstad har to reklameplakatar for vørterøl i leilegheita ho bur. Ekte reklameplakatar frå T-bana i Oslo, som Anette har hatt sidan barndomen. Tøft!
Les meir (24.05.2020)
O-sesongen i gang med løp på Emblem
Hurra! Endeleg er o-sesongen i gang for alvor med løp på Emblem sundag 24.mai
Les meir (24.05.2020)
2001 var Jostein Linga sitt år
Ny sak frå Atle Hole sitt frilansarkiv. Denne gongen frå fotballåret 2001.
Les meir (21.05.2020)
Seks utøvarar frå Velledalen IL sprang 17.mairaton
Mellom desse Roger André Vanebo som dermed leverte ein flott re-debut som VIL-løpar i moden alder (M 55-59).
Les meir (19.05.2020)
Her kjem ei 17.maihelsing frå osloavdelinga.
Oslo maraton arrangerte det virtuelle løpet 17.mairaton med over 8000 deltakarar i dag.
Les meir (18.05.2020)
SVEIN ARNE NAKKEN – Skulemann, sauebonde og gratis-arbeidar
Svein Arne Nakken sine svar er så grundige, at vi treng ikkje skrive mange orda om han «føreåt». Men grovt sagt er livet hans delt i fire bolkar, som fylgjer: Familie Ullavik skule Sauebonden Svein Gratis-arbeid
Les meir (17.05.2020)
Snøras over mykje brukt treningsveg
Heldigvis gjekk alt bra denne gongen
Les meir (17.05.2020)
Les «Siste Dansen» og send varme tankar til Severin
«Siste Dansen» er historia om VRF sitt herrelag sine gode år i perioden 1995-2000, med hovudvekt på året 1996, då laget berre var eitt mål unna opprykk til nivå tre.
Les meir (16.05.2020)
Jan Rakottyai – i motorsport-miljøet «Rakett-Jan»
Velledalen IL har etter kvart vorte ganske så internasjonale. Ein av dei som bidreg i så måte, er Jan Rakottyai, frå Slovakia. Han snakkar flytande norsk, så språkleg er dette 100 prosent problemfritt.
Les meir (15.05.2020)
Jarle Konrad 80 år 11.mai
I dag fyller Jarle Konrad Fausa i Fausadalen 80 år.
Les meir (11.05.2020)
Ellen Marie Hole – medfødt medlemskap på livstid
Ellen Marie er den mellomste av Olatausene i alder. Ho har alltid vore ei bestemt kjelle, så bestemt at ho tok eit kvileår frå fotballen som niåring. Men det vart fort kjedeleg, så ho var tilbake året etter.
Les meir (10.05.2020)
Jorunn sprang virtuelt løp
Takk til Jorunn Kvalsund Jarnes som introduserte oss for virtuelle løp då ho deltok i «Run Forest Run», sundag 10. mai. Men kva er eit virtuelt løp?
Les meir (10.05.2020)
Fin gest til turfolket!
I Hjorthol Grunneigarlag vert auka rift etter parkering møtt med gratis parkering og ynskje om GOD TUR!
Les meir (09.05.2020)
Elling held koken på Myrdalsfjellet
VIL har hatt ein melder på Myrdalsfjellet trimpost. Der i frå vert det rapportert at Elling Hole har fått luke til resten av feltet.
Les meir (09.05.2020)
Frode Mauren – King of the road

BUSTAD: Vegsund

ALDER: 47

Les meir (07.05.2020)
Per Inge kommenterer 105 000 meters løpet
Vi har tidlegare på VIL-nett fått kommentarar frå Frode Hoprekstad og Bjørn Arve Brune via Svein Arne Nakken. Her set Per Inge Bjørnestad sine ord på hendinga.
Les meir (04.05.2020)
Nærbutikken Velledalen: Vørterøl fram 600 prosent
Butikk-sjefen ved Nærbutikken i Velledalen, Henning Tandstad, melder om ein formidabel auke i salet av vørterøl siste året.
Les meir (04.05.2020)
Aktive treningsdagar i Velledalen for OCR-paret vårt
Planen var at hinderløparane våre, Anette Heimli Jokstad og Nikolai Handle Jensen, skulle setje farge på Konradløpet.
Les meir (03.05.2020)
Kommentarar frå Bjørn Arve og Frode
Svein Arne Nakken har sendt kommentarar frå Bjørn Arve Brune og Frode Hoprekstad til VIL-Nett i etterkant av 105 km–løpet deira 1.mai.
Les meir (03.05.2020)
Endeleg fekk Anette premien sin
Laurdag 2.mai 2020 fekk Anette Heimli Jokstad endeleg premien sin som «Årets Idrettskvinne 2019» i Velledalen IL.
Les meir (03.05.2020)
Forsvars-Konrad
I fjor haust var det min tur til å reise i fyrstegongstenesten.
Les meir (01.05.2020)
Stunt-kameratane greidde 105 kilometer
Heretter bør trioen Frode Hoprekstad, Per Inge Bjørnestad og Bjørn Arve Brune gå under namnet «Stunt-kameratane»
Les meir (01.05.2020)
Sterk kvinnetid av Anette
Korona-Konrad, del 2, vart arrangert 1.mai klokka 10.00 med fire løparar.
Les meir (01.05.2020)
Takk for 2594 grasrotkroner i april!
Kjekt at støttespelarane våre støttar opp i ei vanskeleg tid.
Les meir (01.05.2020)
Trimpostane: Truleg mot toppår for Koppen!
Koppen trimpost er «stikk-ut» turmål denne sesongen og vil venteleg få eit markert oppsving frå det normale.
Les meir (01.05.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no