Navigasjon
Navigasjon
Refleksjonar etter KKmila, eit knallrosa kvinneløp

Eg hadde i grunn ikkje særleg lyst til å springe, men med god hjelp av VIL-venn og romkamerat Hedda Hjortdal klarte eg  å overtyde meg sjølv om at dette var ein fin dag for å pine i gong hausttreninga. Etter ei kjapp vurdering av eiga form, konkluderte eg med at halve distansen var rikeleg, noko som viste seg å vere ei god vurdering.  

På startstreken stilte eg meg beskjedent opp i front, side om side med  Ingeborg Løvnes, OL-deltakar på 3000 meter hinder i fjor. Ho susa frå resten av feltet allereie inne på stadion, som seg hør og bør for ein olympisk atlet i konkurranse med mosjonistar. Vinnartida vart 18.40. Sjølv kava eg meg inn til 12. plass på 22.33, etter å ha gått på ein smell som følgje av ei innmari frisk opning, der eg passerte på 7. plass halvvegs i løpet. Men det er ikkje min sportslege, middelmådige prestasjon eg vil skrive om. Det var nemleg andre tankar som kvervla i hovudet mitt denne laurdagen.

For kva er det som gjer at tusenvis av damer stimlar til KKmila og andre liknande arrangement, t.d. iForm-løpet, Jentebølgen og Femi-RUN, medan ein berre kan drøyme om like stor kvinnedeltaking i andre løp? Same tendensen ser ein på heimlege trakter (sjølvsagt i mindre skala); Jentebølgen har ei massiv deltaking, medan kvinnelege løparar er sterkt underrepresenterte på lokale løp som Ålesund Sommerkarusell, Rotevatnet rundt etc.

Mykje av svaret ligg nok i marknadsføringa og profilen til dei sokalla  «jenteløpa». Ei mjukare tilnærming til deltakarane ser ut til å trekkje til seg damer med enorm variasjon i fysisk form. Det sportslege vert dempa og dyssa ned. Eit klikk innom heimesida til KKmila tydar på at goodiebags, champagnekupongar og underhaldning veg tyngre enn tidsbruk og prestasjon. Det som møtte meg på Bislett var knallrosa selfieveggar, skilting til champagnebaren, glitter og glam. Og ei rekkje med lyserosa Hibas-toalett. Inne på stadion vrimla det av rosa t-skjorter.  Ikkje noko gale med fargen rosa i seg sjølv, men eg synest det er rart at eit sopass glitrande og usportsleg fokus skal vere nødvendig for at løping skal appellere til damer. Dette gjeld sjølvsagt ikkje alle, då eg kjenner drøssevis av beintøffe damer som let seg motivere av heilt andre faktorar. Eg er likevel rimeleg sikker på at goodiebags og det sosiale aspektet må ha lokka til seg ein stor del av den kvinnelege hærskaren på Bislett denne laurdagen.

Det var noko påtatt og fjollete over KKmila som gjorde at eg kjende meg litt distansert til heile opplegget. Kanskje kan ein ikkje vente anna når Kvinner og Klær står som arrangør, og kanskje ber eg preg av å ha vore aktiv i eit friidrettsmiljø fritt for jåleri og prinsessefakter. Det er sikkert i beste meining at kvinner får sine eigne løp, men denne knallrosa framstillinga av jenter høyrer vel til ei anna tid? Eller kanskje er det nettopp dette som skal til for at fleire kvinner skal oppdage gleda ved løping? Kva veit vel eg. For meg var det i alle fall noko som skurra, men dei fleste damene såg ut til å kose seg med champagne i sola etter den fysiske utskeiinga. Og eg fekk noko å gruble på.   

Som avrunding på eit litt surmaga innlegg vil eg dele ei artig historie. Etter målgong fekk eg nemleg kjeft av Steinar Hoen, tidlegare medaljegrossist i høgdehopp. Han skulda meg for å snike i goodiebag-køa(!), noko som sjølvsagt ikkje var tilsikta. Småironisk, ettersom eg var mellom dei som hovudsakleg kom for å springe, og ikkje for å få intimsåper, hudkrem og KK-magasin. Kva Hoen gjorde på KK-mila skal eg forresten ikkje blande meg i.

Neste mål er Hytteplanmila 21. oktober. Rykta seier at fleire Oslobaserte VIL-løparar stiller til start. Hytteplanmila lokkar med nysteikte bollar etter målgong, og det kan eg leve med. 



Publisert: Måndag 4. September 2017 Kl. 23:51
Siste nyhende
Constantin sette rekord i Koldabakken
Rekord-deltaking då Koldabakken Grand Prix vart avvikla under gode forhold torsdag 4.juni.
Les meir (04.06.2020)
2638 grasrotkroner i mai månad
Velledalen IL takkar grasrotspelarane sine for 2638 kroner i mai
Les meir (01.06.2020)
1.juni er siste dag av trimpost-vandringa.
Oppslutninga har vore enorm. No står berre innleveringa og premietrekkinga att.
Les meir (31.05.2020)
Motbakkeløp sprint på Hole 4.juni
Friidrettsleiar Bøe melder at Koldabakken Grand Prix vert arrangert torsdag 4.juni på kveldstid.
Les meir (30.05.2020)
Sterkt VIL-trekløver med fødselsdag 29.mai
Minst tre VIL-medlem hadde fødselsdag fredag 29.mai. Les kven.
Les meir (30.05.2020)
ANETTE HEIMLI JOKSTAD – FRÅ BALLSPEL TIL HINDERLØP
Vi visste det ikkje då vi starta denne serien, men faktum er at Anette Heimli Jokstad har to reklameplakatar for vørterøl i leilegheita ho bur. Ekte reklameplakatar frå T-bana i Oslo, som Anette har hatt sidan barndomen. Tøft!
Les meir (24.05.2020)
O-sesongen i gang med løp på Emblem
Hurra! Endeleg er o-sesongen i gang for alvor med løp på Emblem sundag 24.mai
Les meir (24.05.2020)
2001 var Jostein Linga sitt år
Ny sak frå Atle Hole sitt frilansarkiv. Denne gongen frå fotballåret 2001.
Les meir (21.05.2020)
Seks utøvarar frå Velledalen IL sprang 17.mairaton
Mellom desse Roger André Vanebo som dermed leverte ein flott re-debut som VIL-løpar i moden alder (M 55-59).
Les meir (19.05.2020)
Her kjem ei 17.maihelsing frå osloavdelinga.
Oslo maraton arrangerte det virtuelle løpet 17.mairaton med over 8000 deltakarar i dag.
Les meir (18.05.2020)
SVEIN ARNE NAKKEN – Skulemann, sauebonde og gratis-arbeidar
Svein Arne Nakken sine svar er så grundige, at vi treng ikkje skrive mange orda om han «føreåt». Men grovt sagt er livet hans delt i fire bolkar, som fylgjer: Familie Ullavik skule Sauebonden Svein Gratis-arbeid
Les meir (17.05.2020)
Snøras over mykje brukt treningsveg
Heldigvis gjekk alt bra denne gongen
Les meir (17.05.2020)
Les «Siste Dansen» og send varme tankar til Severin
«Siste Dansen» er historia om VRF sitt herrelag sine gode år i perioden 1995-2000, med hovudvekt på året 1996, då laget berre var eitt mål unna opprykk til nivå tre.
Les meir (16.05.2020)
Jan Rakottyai – i motorsport-miljøet «Rakett-Jan»
Velledalen IL har etter kvart vorte ganske så internasjonale. Ein av dei som bidreg i så måte, er Jan Rakottyai, frå Slovakia. Han snakkar flytande norsk, så språkleg er dette 100 prosent problemfritt.
Les meir (15.05.2020)
Jarle Konrad 80 år 11.mai
I dag fyller Jarle Konrad Fausa i Fausadalen 80 år.
Les meir (11.05.2020)
Ellen Marie Hole – medfødt medlemskap på livstid
Ellen Marie er den mellomste av Olatausene i alder. Ho har alltid vore ei bestemt kjelle, så bestemt at ho tok eit kvileår frå fotballen som niåring. Men det vart fort kjedeleg, så ho var tilbake året etter.
Les meir (10.05.2020)
Jorunn sprang virtuelt løp
Takk til Jorunn Kvalsund Jarnes som introduserte oss for virtuelle løp då ho deltok i «Run Forest Run», sundag 10. mai. Men kva er eit virtuelt løp?
Les meir (10.05.2020)
Fin gest til turfolket!
I Hjorthol Grunneigarlag vert auka rift etter parkering møtt med gratis parkering og ynskje om GOD TUR!
Les meir (09.05.2020)
Elling held koken på Myrdalsfjellet
VIL har hatt ein melder på Myrdalsfjellet trimpost. Der i frå vert det rapportert at Elling Hole har fått luke til resten av feltet.
Les meir (09.05.2020)
Frode Mauren – King of the road

BUSTAD: Vegsund

ALDER: 47

Les meir (07.05.2020)
Per Inge kommenterer 105 000 meters løpet
Vi har tidlegare på VIL-nett fått kommentarar frå Frode Hoprekstad og Bjørn Arve Brune via Svein Arne Nakken. Her set Per Inge Bjørnestad sine ord på hendinga.
Les meir (04.05.2020)
Nærbutikken Velledalen: Vørterøl fram 600 prosent
Butikk-sjefen ved Nærbutikken i Velledalen, Henning Tandstad, melder om ein formidabel auke i salet av vørterøl siste året.
Les meir (04.05.2020)
Aktive treningsdagar i Velledalen for OCR-paret vårt
Planen var at hinderløparane våre, Anette Heimli Jokstad og Nikolai Handle Jensen, skulle setje farge på Konradløpet.
Les meir (03.05.2020)
Kommentarar frå Bjørn Arve og Frode
Svein Arne Nakken har sendt kommentarar frå Bjørn Arve Brune og Frode Hoprekstad til VIL-Nett i etterkant av 105 km–løpet deira 1.mai.
Les meir (03.05.2020)
Endeleg fekk Anette premien sin
Laurdag 2.mai 2020 fekk Anette Heimli Jokstad endeleg premien sin som «Årets Idrettskvinne 2019» i Velledalen IL.
Les meir (03.05.2020)
Forsvars-Konrad
I fjor haust var det min tur til å reise i fyrstegongstenesten.
Les meir (01.05.2020)
Stunt-kameratane greidde 105 kilometer
Heretter bør trioen Frode Hoprekstad, Per Inge Bjørnestad og Bjørn Arve Brune gå under namnet «Stunt-kameratane»
Les meir (01.05.2020)
Sterk kvinnetid av Anette
Korona-Konrad, del 2, vart arrangert 1.mai klokka 10.00 med fire løparar.
Les meir (01.05.2020)
Takk for 2594 grasrotkroner i april!
Kjekt at støttespelarane våre støttar opp i ei vanskeleg tid.
Les meir (01.05.2020)
Trimpostane: Truleg mot toppår for Koppen!
Koppen trimpost er «stikk-ut» turmål denne sesongen og vil venteleg få eit markert oppsving frå det normale.
Les meir (01.05.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no