Navigasjon
Navigasjon
Årsmelding – Hovudstyret 2016

STYRET 2016

Atle Hole, leiar (2016 og 2017)

Marit Hole, nestleiar (2016 og 2017)

Ove Skylstad, kasserar (2015 og 2016)

Åshild Kristoffersen, sekretær (2016 og 2017)

Rolf Haxthow, styremedlem (2016 og 2017)

Håkon Fedt, styremedlem (2016 og 2017)

Linda Øye, styremedlem (2015 og 2016)

 

Vara: Håkon K. Brunstad (1.vara), Liv Nordli Hole (2.vara)   

 

Laget har i siste arbeidsåret hatt seks styremøte der heile hovudstyret har vore innkalla. I tillegg har det vore mange møter med mindre grupperingar, eksempelvis i samband med Konradløpa og Førjulsmessa. Diverre har frammøtet vore heller svakt. Medrekna 1. vara i snitt 30 prosent fråver. Fråver som altfor ofte ikkje er meldt på førehand.

    Likevel eit positivt år for Velledalen IL. Idrettsskulen kom tilbake etter eit opphald, og det vart starta trimparti for innebandy og ungdomstrim. O-gruppa har hatt eit enormt år med Forbundsbesøk, kartarbeid, lokale O-løp og opplegg for skular. Dei har fått fortent rosande presseomtale og festa grepet som Velledalen IL si leiande undergruppe. VIL har i 2016 jobba godt med profileringsklede. Medlemstalet er stigande og grasrotkronene (og spelarane) voks i 2016. Førjulsmessa gav ny nettorekord (84 200 kroner).

    På vårparten 2016 sa VRF frå seg vedlikehaldet av Dalemyra stadion, men drifta likevel anlegget ut fotballsesongen 2016.

 

MEDLEMSTAL: Talet på medlemar var i 2015 det svakaste i dette århundre. Såleis måtte det kome ein oppgang.

 

0-5 år

6-12 år

13-19

20-25

26+

Sum

 

2001

13

34

25

2

75

149

 

2002

14

51

24

1

100

190

 

2003

17

49

26

3

98

193

 

2004

15

43

29

2

98

187

 

2005

8

41

31

0

83

163

 

2006

7

62

29

4

94

196

 

2007

8

51

41

6

138

244

 

2008

11

48

35

5

132

231

 

2009

11

42

44

9

125

231

 

2010

10

23

27

7

112

179

 

2011

7

44

23

3

115

192

 

2012

8

30

21

6

83

148

 

2013

6

34

20

3

103

166

 

2014

6

21

20

8

  97

152

 

2015

2

12

12

4

86

116

2016

 11

 46

16

 8

 120

 201

                                Laget har seks nolevande æresmedlemar, fem menn og ei kvinne. To 85-90, éin 70-80, to 60-70 og éin 50-60.

 

ØKONOMI.

Med auka aktivitet aukar også utgiftene. Då må også inntektene opp skal ein halde tritt. Største innkoma i 2016 har i særklasse laget henta  frå sponsormidlar og Førjulsmessa (84 200 netto i 2016). O-gruppa har mellom anna skaffa seg midlar frå Sparebanken Møre, Sykkylven Energi og eige forbund (meir i O-grupppa si melding). Hovudstyret har fått inn 28 000 kroner i midlar til klubbdraktene frå Sykkylven Gjensidige og Hole Maskiner AS. I VIL-målestokk er det heilt unikt, og nesten sensasjonelt, at vi i løpet av eitt kalenderår har samla inn ein stad mellom 75 000 – 100 000 kroner i sponsormidlar. Takk til O-gruppa ved Pernille som viste veg!  Elles er Konradløpa, medlemskontingent og «grasrotpengar» gode inntektskjelder. Den sportslege hendinga som kosta laget mest pengar var deltakinga i Holmenkollstafetten. Meir om korleis pengane har vorte brukte, i eit år der utgiftene har vore klart større enn inntektene, under rekneskap.

 

Oversikt over grasrotkroner - og grasrotspelarar ved utgangen av året (i parentes):

2009: 15 736 (55)

2010: 23 248 (73)

2011: 23 656 (76)

2012: 26 762 (81)

2013: 19 702 (67)

2014: 17 574 (68)

2015: 16 422 (72)

2016: 18 864 (76)

 

ARRANGEMENT.

VIL har vore relativt aktive på arrangementssida siste året, noko som er breiare skildra i gruppene sine årsmeldingar. Fleire arrangement har vorte meir eller mindre årvisse:

MINIKONRAD

KONRADLØPET

KOLDABAKKEN GRAND PRIX

GRILLKVELD BRUNSTADSÆTRA

AKTIVITETSKVELD (mellom anna med idrettsmerkeprøver)

RAMSTADDALSLØPET

FØRJULSMESSA (VRF og VELLEDALEN SKULEKORPS MEDARR)

ROMJULSMARSJ

«IDRETTSGALLA»

FRIIDRETTSSTEMNE PÅ IKORNNES (medarr.)

FJELLSÆTERCUP (fem renn - samarbeidsprosjekt)

LOKALE O-LØP PÅ DALEMYRA

FJELLSÆTERRUNDEN (samarbeidsprosjekt)

 

I tillegg nokre mindre arrangement.

 

NB!  Fetvatnet Rundt, Tomasløpet og Det Store Folkerennet vart ikkje arrangert i 2016.

 

ANLEGG

Velledalen IL eig som dei fleste veit Dalemyra stadion, opna i 1971. I starten drifta VIL anlegget og hadde kiosksalet, medan VRF* betalte baneleige for bruken. Ein del år seinare overtok VRF drift, vedlikehald og disposisjonsrett medan VIL heldt fram som eigar. Det var i VRF-regi at Kråmyrabygget kom, og det vart bygt «tribune» og «hus» til innbytarane. VRF starta nedbygginga av klubben i 2002, same året klubben feira 50 år. Frå 2003 kom FK Sykkylven inn med heimekampar på Dalemyra, og leigde bane av VRF som framleis drifta anlegget. Kring eit tiår seinare fusjonerte også den aldersbestemte fotballen i VRF inn i FK Sykkylven-paraplyen. VRF fann - etter ei tid i tankar - at dei ikkje lenger ville drifte to grasbanar. I april 2016 sa laget frå seg - på dagen - drifta av Dalemyra stadion. Sidan dette var berre kring ti dagar før seriestart, og VRF hadde avtalt at FK Sykkylven framleis skulle bruke Dalemyra til trening og kamp, vart ein slik «bråstopp» funnen urimeleg. Det enda difor med at VRF drifta bana ut fotballsesongen 2016. Den gamle stadionkiosken, teikna av Kjell Peter Fet på 1970-talet, vart fjerna av Johan S. Grebstad med støttespelarar sommaren 2016.

 

Styret i Velledalen IL har gjort vedtak om at Dalemyra stadion framleis skal vere kamparena, og må driftast deretter. Det er gjort munnleg avtale med Geir Helge Grebstad om klipparkjøp. Johan S. Grebstad med fleire vil stå for stell av bana i 2017. Anlegget treng nye mål og kiosksalet skal tilbake på Velledalen IL sine hender. Det vil bli gjort forsøk på å leige ut anlegget til andre enn FK Sykkylven.

Mest truleg  vil drifta av Dalemyra representere ein utgiftspost for Velledalen IL dei komande åra.

 

*I 1952 gjekk fotballgruppa i Velledalen IL og Fotballgruppa i IL Ringen (Straumgjerde) saman. Dei tok etter kvart namnet Velledalen & Ringen Fotballag (forkorta til VRF).

 

PROFILERING OG SAMHALD

Etter mange år med prat, lite handling og få meiningar i Hovudstyret, vart det gjort «gjennomslag» med omsyn til profileringsklede. Arbeidet vart sett vekk til Anders Wigdahl og Ellen Marie Hole i VIL si Osloavdeling. Dei såg på ulike vareprøver og kvalitet, valde å frikople fargevalet frå alle andre lag i bygda, fekk sjølve bestemme design, og valde Swix som merke-leverandør. Det vart gjort innkjøp gjennom Sport 1-systemet som sponsa, saman med Swix, Gjensidige Sykkylven og Hole Maskiner AS. I tillegg sponsa Velledalen IL til medlemar, og slik fekk vi panneband, huer, jakker, bukser og vestar til kring 35 prosent av ordinær pris. Det viktigaste arbeidet Hovudstyret i VIL har gjennomført i 2016!

     O-gruppa slengde seg på bølga, overførte design og fargar til Trimtex, og slik vart det flotte løpsklede for orientering eller andre idrettar der ein må vere meir lettkledd. Meir kan sikkert vere i vente.

 

REPRESENTASJON

«Lag på Lag» har ikkje vore i drift i 2016. Samskipnaden verkar no å vere lagt ned.

Odd Kåre Fet representerte Velledalen IL i styret i Sykkylven Idrettsråd.

Marit Hole var utsending til generalforsamlinga i Velledalen grendahus.

Håkon Fedt har vore utsending til generalforsamlinga i Velledalen Naturbarnehage.

 

KURS: Velledalen IL har dekt utgifter til eit todelt Ungdomsleiarkurs i Molde for Emma Holmberg og Sofie Skylstad Hole i 2016.

 

 

HEIMESIDA

VIL fekk eiga heimeside i desember 2007. Den ligg som link under www.velledalen.net.

Nettsida til Velledalen IL er drifta av Liv og Atle Hole. Utviklinga år for år ser slik ut:

2008:  4 169 treff

2009: 13 815 treff

2010: 19 164 treff – 294 saker

2011: 27 659 treff – 376 saker

2012: 33 804 treff – 510 saker

2013: 43 037 treff – 488 saker

2014: 42 614 treff – 359 saker

2015: 44 330 treff – 394 saker

2016: 42 872 treff – 386 saker

Vi oppmodar gruppene/medlemane om å bruke sida. Meld alle resultat og sportslege nyhende.

Sida kan mellom anna vere ei god hjelpekjelde når gruppene skal skrive årsmeldingane sine.

 

Velledalen IL kom på Facebook i 2013. Sida vert drifta frå Oslo og Måløy av «Olatausene» Ellen Marie og Ann-Helen Hole.

31.12.13: 114 «venner»

31.12.14: 222 «venner»

31.12.15: 317 «venner»

31.12.16: 407 «venner»

 

Nytt liv – yngre krefter

2016 vart eit positivt år på den måten at nye aktivitetar kom til, eller at tidlegare aktivitetar vakna til vitalisering og nytt liv (ungdomstrim og Idrettsskulen). O-gruppa hadde starta året før, men fekk verkeleg vind i segla i 2016. Det var ingen GOD JOBB av Hovudstyret som gjorde at Pernille Ibsen Lervåg melde seg til innsats i 2015. Og like eins; Julie Brochman melde seg utan påtrykk til å starte opp igjen Idrettsskulen, Thorbjørn Hopland kom og spurde om han fekk starte opp ei gruppe med innebandy, og Ungdomstrimmen kom og spurde om vi hadde treningstid til dei. Og det var også i det positive året 2016 at Janne Tomtum lurte på om ein måtte ha spesielle kvalifikasjonar for å starte opp ei sirkeltrening i regi av O-gruppa.

    Men enno sit forgubbinga djupt i Hovudstyret, langrennsgruppa og friidrettsgruppa. Vi oppmodar spesielt yngre folk gjere som dei vi har nemnt ovanfor!

 

Reint sportsleg er der meir å hente. I 2016 er ikkje lenger året der Sivert og Andreas Mosby Nakken er dei einaste under 15 år som har representert VIL utanfor Sykkylven kommune, slik dei var i 2015. Men det er skremande nær at Olaf Øien på 73 år, framleis er topp-3 når vi skal kåre dei flittigaste til å drage startnummeret over brystet i teneste for Velledalen IL. Kring halvparten av VIL sine vaksne utøvarar har tilhald på Austlandet.

 

Vi er framleis solide på arrangementsida med mange gode tilskipingar under trim&trivsel-fana. Dette er tiltak som inkluderer alle – unge, gamle, spreke og mindre spreke. Velledalen IL ynskjer vere eit inkluderande lag. Alle arrangement er rusfrie. Vi har heidra eit høgt tal jubilantar med gåver og gode ord på nettsida i 2016. Også gjennom den årlege «Idrettsgallaen» gjer vi stas på mange. Julekort er delt ut til medlemar og sponsorar, og vi syrgjer med dei vi mister. Æresmedlem Fridtjof Drabløs gjekk bort i 2016, og vi minnest han med takksemd!

 

Velledalen IL sine tre høgast rangerte prisar i 2016:

Vinnar trimpostar: Inger Anne Riksheim

Årets Idrettsutøvar: Kjell Magnar Berli

Årets Namn: Pernille Ibsen Lervåg

 

Velledalen IL er i sin heilskap tufta på frivilleg arbeid. Hovudstyret takkar alle som har bidrege i 2016 – spesielt ved tunge arrangement som Førjulsmessa og Konradløpa, men kanskje like viktig; trufast arbeid i det stille, heilt utan merksemd. Vi takkar alle trottige slitarar på trimpostane og ikkje minst statistikkførar Nils Terje Skylstad. Vi avsluttar meldinga med eitt av friidrettsleiar AP Bøe sine postulat: «God form kan ikkje kjøpast på blå resept»!

 

                                                         

For Hovudstyret

Atle Hole, leiar



Publisert: Tirsdag 14. Mars 2017 Kl. 17:41
Siste nyhende
2638 grasrotkroner i mai månad
Velledalen IL takkar grasrotspelarane sine for 2638 kroner i mai
Les meir (01.06.2020)
1.juni er siste dag av trimpost-vandringa.
Oppslutninga har vore enorm. No står berre innleveringa og premietrekkinga att.
Les meir (31.05.2020)
Motbakkeløp sprint på Hole 4.juni
Friidrettsleiar Bøe melder at Koldabakken Grand Prix vert arrangert torsdag 4.juni på kveldstid.
Les meir (30.05.2020)
Sterkt VIL-trekløver med fødselsdag 29.mai
Minst tre VIL-medlem hadde fødselsdag fredag 29.mai. Les kven.
Les meir (30.05.2020)
ANETTE HEIMLI JOKSTAD – FRÅ BALLSPEL TIL HINDERLØP
Vi visste det ikkje då vi starta denne serien, men faktum er at Anette Heimli Jokstad har to reklameplakatar for vørterøl i leilegheita ho bur. Ekte reklameplakatar frå T-bana i Oslo, som Anette har hatt sidan barndomen. Tøft!
Les meir (24.05.2020)
O-sesongen i gang med løp på Emblem
Hurra! Endeleg er o-sesongen i gang for alvor med løp på Emblem sundag 24.mai
Les meir (24.05.2020)
2001 var Jostein Linga sitt år
Ny sak frå Atle Hole sitt frilansarkiv. Denne gongen frå fotballåret 2001.
Les meir (21.05.2020)
Seks utøvarar frå Velledalen IL sprang 17.mairaton
Mellom desse Roger André Vanebo som dermed leverte ein flott re-debut som VIL-løpar i moden alder (M 55-59).
Les meir (19.05.2020)
Her kjem ei 17.maihelsing frå osloavdelinga.
Oslo maraton arrangerte det virtuelle løpet 17.mairaton med over 8000 deltakarar i dag.
Les meir (18.05.2020)
SVEIN ARNE NAKKEN – Skulemann, sauebonde og gratis-arbeidar
Svein Arne Nakken sine svar er så grundige, at vi treng ikkje skrive mange orda om han «føreåt». Men grovt sagt er livet hans delt i fire bolkar, som fylgjer: Familie Ullavik skule Sauebonden Svein Gratis-arbeid
Les meir (17.05.2020)
Snøras over mykje brukt treningsveg
Heldigvis gjekk alt bra denne gongen
Les meir (17.05.2020)
Les «Siste Dansen» og send varme tankar til Severin
«Siste Dansen» er historia om VRF sitt herrelag sine gode år i perioden 1995-2000, med hovudvekt på året 1996, då laget berre var eitt mål unna opprykk til nivå tre.
Les meir (16.05.2020)
Jan Rakottyai – i motorsport-miljøet «Rakett-Jan»
Velledalen IL har etter kvart vorte ganske så internasjonale. Ein av dei som bidreg i så måte, er Jan Rakottyai, frå Slovakia. Han snakkar flytande norsk, så språkleg er dette 100 prosent problemfritt.
Les meir (15.05.2020)
Jarle Konrad 80 år 11.mai
I dag fyller Jarle Konrad Fausa i Fausadalen 80 år.
Les meir (11.05.2020)
Ellen Marie Hole – medfødt medlemskap på livstid
Ellen Marie er den mellomste av Olatausene i alder. Ho har alltid vore ei bestemt kjelle, så bestemt at ho tok eit kvileår frå fotballen som niåring. Men det vart fort kjedeleg, så ho var tilbake året etter.
Les meir (10.05.2020)
Jorunn sprang virtuelt løp
Takk til Jorunn Kvalsund Jarnes som introduserte oss for virtuelle løp då ho deltok i «Run Forest Run», sundag 10. mai. Men kva er eit virtuelt løp?
Les meir (10.05.2020)
Fin gest til turfolket!
I Hjorthol Grunneigarlag vert auka rift etter parkering møtt med gratis parkering og ynskje om GOD TUR!
Les meir (09.05.2020)
Elling held koken på Myrdalsfjellet
VIL har hatt ein melder på Myrdalsfjellet trimpost. Der i frå vert det rapportert at Elling Hole har fått luke til resten av feltet.
Les meir (09.05.2020)
Frode Mauren – King of the road

BUSTAD: Vegsund

ALDER: 47

Les meir (07.05.2020)
Per Inge kommenterer 105 000 meters løpet
Vi har tidlegare på VIL-nett fått kommentarar frå Frode Hoprekstad og Bjørn Arve Brune via Svein Arne Nakken. Her set Per Inge Bjørnestad sine ord på hendinga.
Les meir (04.05.2020)
Nærbutikken Velledalen: Vørterøl fram 600 prosent
Butikk-sjefen ved Nærbutikken i Velledalen, Henning Tandstad, melder om ein formidabel auke i salet av vørterøl siste året.
Les meir (04.05.2020)
Aktive treningsdagar i Velledalen for OCR-paret vårt
Planen var at hinderløparane våre, Anette Heimli Jokstad og Nikolai Handle Jensen, skulle setje farge på Konradløpet.
Les meir (03.05.2020)
Kommentarar frå Bjørn Arve og Frode
Svein Arne Nakken har sendt kommentarar frå Bjørn Arve Brune og Frode Hoprekstad til VIL-Nett i etterkant av 105 km–løpet deira 1.mai.
Les meir (03.05.2020)
Endeleg fekk Anette premien sin
Laurdag 2.mai 2020 fekk Anette Heimli Jokstad endeleg premien sin som «Årets Idrettskvinne 2019» i Velledalen IL.
Les meir (03.05.2020)
Forsvars-Konrad
I fjor haust var det min tur til å reise i fyrstegongstenesten.
Les meir (01.05.2020)
Stunt-kameratane greidde 105 kilometer
Heretter bør trioen Frode Hoprekstad, Per Inge Bjørnestad og Bjørn Arve Brune gå under namnet «Stunt-kameratane»
Les meir (01.05.2020)
Sterk kvinnetid av Anette
Korona-Konrad, del 2, vart arrangert 1.mai klokka 10.00 med fire løparar.
Les meir (01.05.2020)
Takk for 2594 grasrotkroner i april!
Kjekt at støttespelarane våre støttar opp i ei vanskeleg tid.
Les meir (01.05.2020)
Trimpostane: Truleg mot toppår for Koppen!
Koppen trimpost er «stikk-ut» turmål denne sesongen og vil venteleg få eit markert oppsving frå det normale.
Les meir (01.05.2020)
Ole-Peder stakk frå og vann Korona-Konrad.
Konradløpet vart avlyst, men ei gruppe på ni personar og ein hund heldt tradisjonen med 1.mai-løp i hevd.
Les meir (01.05.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no