Navigasjon
Navigasjon
Årsmelding frå (hopp-) og langrennsgruppa sesongen 2015 - 2016

Langrennsgruppa er brukbart fornøgd med aktiviteten til seniorløparane som representerte Velledalen IL i sesongen 2015-2016. Vi har nokre få seniorar som deltek aktivt, men mellom dei aldersbestemte er aktiviteten alt for låg. Ingen aldersbestemte løparar representerer VIL på kretsnivå.

 

Når det gjeld aktiviteten til sjølve langrennsgruppa, må vi seie oss rimeleg godt fornøgde. Vi har saman med langrennsgruppa til SIL arrangert TELENOR-Fjellsætercup i langrenn for andre året på rad i lysløypa på Fjellsætra og saman med SIL, HIL og IIL arrangert Fjellsæterrunden. Langrennsgruppa har saman med friidrettsgruppa arrangert Ramstaddalsløpet, eit sosialt arrangement som samlar folk i alle aldrar. Langrennsgruppa er skuffa over at ''Tomasløpet'' ikkje vart arrangert i 2016, men vil gjere sitt til at dette er på plass att i 2017. 

 

TELENOR-Fjellsætercup i langrenn:

For andre året på rad arrangerte  langrennsgruppene til SIL og VIL langrennscup i lysløypa på Fjellsætra. Vi la opp til fem (5) cuprenn, men mangel på snø i starten av sesongen, gjorde at vi måtte avlyse det fyrste rennet. Dei fire siste renna gjekk etter planen, annan kvar onsdag. Langrennscupen vart avslutta med premieutdeling og sosial samkome på Tandstad skule onsdag 30. mars. Totalt 62 personar deltok i langrennscupen i sesongen 2016. Tala for året før, 2015, var 120 deltakarar.

 

Det 3. rennet i TELENOR-Fjellsætercup vart samtidig arrangert som Bygdamesterskap i langrenn med SIL som ansvarleg arrangør. Langrennsgruppa til VIL hjelpte til på funksjonærsida. Til neste sesong, sesongen 2017, er rollene omvendte. Då er det vi i VIL som er ansvarlege for arrangementet. Då håper vi at SIL stiller opp som medhjelparar.

 

Fjellsæterrunden:

Den 37. utgåva av Fjellsæterrunden gjekk av stabelen på Fjellsætra sundag 28. februar. Skikretsen hadde terminfesta rennet til laurdag 27. februar, men enorme snømengder gjorde at vi måtte utsette rennet med eitt døgn. Då vi skulle prøve å køyre opp løypene på fredagen, snødde løypa att fortare enn vi rakk å køyre... Å utsette rennet med eitt døgn viste seg å vere lurt ettersom vi fekk flotte forhold under heile arrangementet, dog med relativt STORE smørjeproblem for mange av løparane. I motsetning til fjor-året, gjekk Fjellsæter- runden denne gongen i ''originaltraséen med Fitjastølen og to rundar rundt Nysætervatnet.

Rennet vart vunne av Dan Børge Saure frå Bjørke IL på tida 1.27.29 timar.

 

Som med-arrangør er det skuffande at berre 28 konkurranseløparar stilte til start i dei ulike klassene. Frå Velledalen IL deltok trioen Kjell Magnar Berli, Terje Aurdal og Svein Arne Nakken i turrennklassa på 28 km. I Barnas Fjellsæterrunde deltok heile 130 born mot 84 deltakarar i 2015. I trimklassa deltok kun 23 startande.

 

Velledalen IL hadde som vanleg ansvaret med løypene og å stille med habile løypevakter.

Som vanleg var det Pål Rune Fet (løypesjef) og Svein Arne Nakken (ansvarleg for sporlegginga) som tok seg av løypene. Pål Rune hadde samtidig hovudansvaret for tilretteleggjing og merking av stadionområdet. Vidare har Lars Inge Sæther vore tungt inne når det gjeld nettregistrering, påmelding og teknisk ansvarleg i sekretariatet.

 

Langrennsgruppa vil endå ein gong nytte høvet til å få takke maskinførarane ved Skisenteret for god hjelp med å preparere traséen, og elles for svært gode løyper i Fjellsæterområdet vinteren gjennom.

Det Store Folkerennet:

Vart ikkje arrangert i 2016.

 

Ramstaddalsløpet:

''Stafettettpinnedugnaden'' Ramstaddalsløpet for medlemmer og sympatisørar vart planlagt og gjennomført av friidrettsgruppa og langrennsgruppa ved Alf Petter Bøe og Svein Arne Nakken i samarbeid med leiar Atle Hole. Laurdag den 15. oktober kl. 09.30 braut Paul Hole (87 år) startsnora og løpet var i gong. Etter 4 timar og 44 sekund sprang ankerguten Anders Brunstad Leirmo over mållinja. Då hadde 55 ulike personar over like mange etappar delt på å frakte stafettpinnen dei 51 km frå start til mål. Veret var også denne gongen på vår side med topp haustver.

Etter målkomst var det samkome på Grendahuset for deltakarane.

Løpstraséen er den same kvart år: Joker-Velledalen via Fjellsæter-området til Fausaskiftet. Vidare Fasteindalen og Ramstaddalen til Aure. Over Sykkylvsbrua til Straumgjerde, Straumsheim, Fet og gamlevegen fram att til butikken.

 

 

Velledalen IL har hatt desse aktive løparane  i sesongen 2015-2016:

Hilde Riksheim Tandstad, Ellen Marie Hole, Kjell Magnar Berli, Terje Aurdal, Olav Brunstad og Svein Arne Nakken (alle langrenn) og Jan Ringseth (hopp).

 

Velledalen IL har gjennom desse personane vore representert i flg. skirenn i inn- og utland:

Jan Ringseth i plastbakkeanlegget i Spjelkavik med eit hopp på 20,5 meter.

Svein i ''Marcialonga'' (70 km) i Italia, Terje i ''Biela Stopa'' i Slovakia (13 km),

Olav i ''Trysil Skimaraton'' i Trysil (42 km), Kjell Magnar og Svein i ''Furusjøen Rundt'', Kvam i Gudbrandsdalen (45 km), Kjell Magnar, Terje og Svein i Fjellsæterrunden (28 km),

Svein i ''Vasaloppet'' i Sverige (90 km), Ellen og Hilde i ''KK-Mila'' i Holmenkollen, Hilde i ''FredagsBirken'' Rena-Lillehammer (54 km), Kjell Magnar, Olav og Svein i ''Birkebeinerrennet'' Rena-Lillehammer (54 km) og Olav i ''Troll Skimaraton'' Ringebu-Sjusjøen (95 km).

I Birkebeineren tok Kjell Magnar sitt 3 merke og Svein sitt 17 merke.

 

For detaljar viser vi til arkivet på nettsida vår:    www.velledalen.net/idrettslaget

 

 

Straumgjerde 12. mars 2017

For Velledalen IL, langrennsgruppa

Svein Arne Nakken, gruppeleiar.



Publisert: Måndag 13. Mars 2017 Kl. 18:36
Siste nyhende
Likar du kart og data, og er 14-26 år…?
I så fall bør du lese denne saka nøye
Les meir (06.06.2020)
Årsmøte i Velledalen IL 25.juni
VIL-leiar, Ove Inge Skylstad, melder at det vert halde årsmøte for 2019 den 25.juni
Les meir (06.06.2020)
Holetindane trimpost vil ha besøk
Nils Terje Skylstad melder til VIL-Nett at Holetindane trimpost har smelta fram i dagen.
Les meir (06.06.2020)
Det gode rykket i Koldabakken
Ho starta saman med mora Malene og bestemora Bjørg, men litt ut i løpet hadde Mathea eit rykk på lur.
Les meir (06.06.2020)
Constantin sette rekord i Koldabakken
Rekord-deltaking då Koldabakken Grand Prix vart avvikla under gode forhold torsdag 4.juni.
Les meir (04.06.2020)
2638 grasrotkroner i mai månad
Velledalen IL takkar grasrotspelarane sine for 2638 kroner i mai
Les meir (01.06.2020)
1.juni er siste dag av trimpost-vandringa.
Oppslutninga har vore enorm. No står berre innleveringa og premietrekkinga att.
Les meir (31.05.2020)
Motbakkeløp sprint på Hole 4.juni
Friidrettsleiar Bøe melder at Koldabakken Grand Prix vert arrangert torsdag 4.juni på kveldstid.
Les meir (30.05.2020)
Sterkt VIL-trekløver med fødselsdag 29.mai
Minst tre VIL-medlem hadde fødselsdag fredag 29.mai. Les kven.
Les meir (30.05.2020)
ANETTE HEIMLI JOKSTAD – FRÅ BALLSPEL TIL HINDERLØP
Vi visste det ikkje då vi starta denne serien, men faktum er at Anette Heimli Jokstad har to reklameplakatar for vørterøl i leilegheita ho bur. Ekte reklameplakatar frå T-bana i Oslo, som Anette har hatt sidan barndomen. Tøft!
Les meir (24.05.2020)
O-sesongen i gang med løp på Emblem
Hurra! Endeleg er o-sesongen i gang for alvor med løp på Emblem sundag 24.mai
Les meir (24.05.2020)
2001 var Jostein Linga sitt år
Ny sak frå Atle Hole sitt frilansarkiv. Denne gongen frå fotballåret 2001.
Les meir (21.05.2020)
Seks utøvarar frå Velledalen IL sprang 17.mairaton
Mellom desse Roger André Vanebo som dermed leverte ein flott re-debut som VIL-løpar i moden alder (M 55-59).
Les meir (19.05.2020)
Her kjem ei 17.maihelsing frå osloavdelinga.
Oslo maraton arrangerte det virtuelle løpet 17.mairaton med over 8000 deltakarar i dag.
Les meir (18.05.2020)
SVEIN ARNE NAKKEN – Skulemann, sauebonde og gratis-arbeidar
Svein Arne Nakken sine svar er så grundige, at vi treng ikkje skrive mange orda om han «føreåt». Men grovt sagt er livet hans delt i fire bolkar, som fylgjer: Familie Ullavik skule Sauebonden Svein Gratis-arbeid
Les meir (17.05.2020)
Snøras over mykje brukt treningsveg
Heldigvis gjekk alt bra denne gongen
Les meir (17.05.2020)
Les «Siste Dansen» og send varme tankar til Severin
«Siste Dansen» er historia om VRF sitt herrelag sine gode år i perioden 1995-2000, med hovudvekt på året 1996, då laget berre var eitt mål unna opprykk til nivå tre.
Les meir (16.05.2020)
Jan Rakottyai – i motorsport-miljøet «Rakett-Jan»
Velledalen IL har etter kvart vorte ganske så internasjonale. Ein av dei som bidreg i så måte, er Jan Rakottyai, frå Slovakia. Han snakkar flytande norsk, så språkleg er dette 100 prosent problemfritt.
Les meir (15.05.2020)
Jarle Konrad 80 år 11.mai
I dag fyller Jarle Konrad Fausa i Fausadalen 80 år.
Les meir (11.05.2020)
Ellen Marie Hole – medfødt medlemskap på livstid
Ellen Marie er den mellomste av Olatausene i alder. Ho har alltid vore ei bestemt kjelle, så bestemt at ho tok eit kvileår frå fotballen som niåring. Men det vart fort kjedeleg, så ho var tilbake året etter.
Les meir (10.05.2020)
Jorunn sprang virtuelt løp
Takk til Jorunn Kvalsund Jarnes som introduserte oss for virtuelle løp då ho deltok i «Run Forest Run», sundag 10. mai. Men kva er eit virtuelt løp?
Les meir (10.05.2020)
Fin gest til turfolket!
I Hjorthol Grunneigarlag vert auka rift etter parkering møtt med gratis parkering og ynskje om GOD TUR!
Les meir (09.05.2020)
Elling held koken på Myrdalsfjellet
VIL har hatt ein melder på Myrdalsfjellet trimpost. Der i frå vert det rapportert at Elling Hole har fått luke til resten av feltet.
Les meir (09.05.2020)
Frode Mauren – King of the road

BUSTAD: Vegsund

ALDER: 47

Les meir (07.05.2020)
Per Inge kommenterer 105 000 meters løpet
Vi har tidlegare på VIL-nett fått kommentarar frå Frode Hoprekstad og Bjørn Arve Brune via Svein Arne Nakken. Her set Per Inge Bjørnestad sine ord på hendinga.
Les meir (04.05.2020)
Nærbutikken Velledalen: Vørterøl fram 600 prosent
Butikk-sjefen ved Nærbutikken i Velledalen, Henning Tandstad, melder om ein formidabel auke i salet av vørterøl siste året.
Les meir (04.05.2020)
Aktive treningsdagar i Velledalen for OCR-paret vårt
Planen var at hinderløparane våre, Anette Heimli Jokstad og Nikolai Handle Jensen, skulle setje farge på Konradløpet.
Les meir (03.05.2020)
Kommentarar frå Bjørn Arve og Frode
Svein Arne Nakken har sendt kommentarar frå Bjørn Arve Brune og Frode Hoprekstad til VIL-Nett i etterkant av 105 km–løpet deira 1.mai.
Les meir (03.05.2020)
Endeleg fekk Anette premien sin
Laurdag 2.mai 2020 fekk Anette Heimli Jokstad endeleg premien sin som «Årets Idrettskvinne 2019» i Velledalen IL.
Les meir (03.05.2020)
Forsvars-Konrad
I fjor haust var det min tur til å reise i fyrstegongstenesten.
Les meir (01.05.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no