Navigasjon
Navigasjon
Årsmelding for friidrettsgruppa 2016

MEDLEMAR I GRUPPA:

Alf Petter Bøe, leiar

Olav Strømme

Odd-Kåre Fet

Terje Aurdal

Karstein Magne Jensen

Kjell Magnar Berli

 

KONRADLØPET. Deltakinga i Konradløpet i 2016 viste nedgang i høve til 2015. 138 fullførte MiniKonrad, medan 287 sprang hovudløpet. Medrekna PåskeKonrad, OsloKonrad og SlovakiaKonrad samla løpa i 2016 den nette sum av 445 deltakarar, mot 511 i 2015. Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL ( 17.43), og Ebrahim Abdulaziz, Strindheim IL ( 13.30) vart vinnarar med løyperekord i begge klasser.

  HOLMENKOLLSTAFETTEN. Eit av høgdepunkta i gruppa tre siste åra har vore deltakinga i Holmenkollstafetten. Nok ein gong gjorde VIL sitt blandingslag med spenn i alder frå 15-61 år ein flott innsats. Sikker premieplass og populær samling på Bondeheimen etterpå.

Utvikling Holmenkollstafetten siste tre år:

2014: Tid: 1.11.52 – premiert og 235.plass i klasse A1 – seks jenter/kvinner på laget

2015: Tid: 1.07.40 – premiert og 79. plass av 1695 lag i A1 – fire jenter/kvinner.

2016: Tid: 1.06.44 – premiert og 45. plass av 1152 lag i A1 – tre jenter/kvinner.

 

RAMSTADDALSLØPET. Årets stafettdugnad vart arrangert 15. oktober i samarbeid med langrennsgruppa. 55 personar, både medlemar og andre, deltok. Som vanleg med solid spenn i alder, denne gongen frå 2-87 år. Pinnen brukte i 2016 fine 4.00.44 på den drygt 50 km lange løypa. Etter løpet var det triveleg samlingsstund i grendahuskjellaren med kake, kaffi og saft.


SPORTSLEGE PRESTASJONAR: Når det gjeld prestasjonar av utøvarane våre, må vi også i 2016 trekkje fram Kjell Magnar Berli. Han gjorde sin beste sesong «ever», og vi nemner her fire «juvelar»: Beste mannlege deltakarar og klassevinnar 23-34 år i Ålesund halvmaraton med tida 1.17.33. Nest beste mann i Nibbeløpet på tida 1.45.14. Nummer tre totalt i Stranda Fjord Trail Race og nummer 6 i NM Fjelløp Ultra (Hornindal Rundt) på tida 10.31.05. Ny personleg bestenotering med nær to timar! Ikkje uventa vart Kjell Magnar kåra til «Årets Utøvar  2016» i Velledalen IL under Idrettsgallaen.

     Stor honnør til Njål Torillson Tyssing som sprengde tre timars grensa (2.57.47) under Oslo Maraton. Og til Sverre Gunnar Brunstad (Brunstadekspressen) – som er VIL-medlem – og som er av dei beste i kongeriket på lange løp av 1967-årgang. Sverre Gunnar spring for Lørenskog FIL.

  MEDARRANGØR: Friidrettsgruppa i VIL var medarrangør under Panoramaleikane på Ikornnes stadion. Her må målet vere fleire aktive i 2017.

     

REPRESENTASJON. Ser vi vekk frå Holmekollstafetten og Konradløpet, har fylgjande personar representert Velledalen IL i konkurransar som sorterer under friidrett i 2016:

·          Henrik, August og Per Inge Bjørnestad

·          Sivert, Andreas og Svein Arne Nakken

·          Hilde Tandstad

·          Ellen Marie Hole

·          Christina Holmberg

·          Torild Hole

·          Jørgen Grebstad

·          Olaf Einar Øien – framleis av særs få med full pott i Nibbeløpet.

·          Kevin Storvik

·          Roger Malvin Hole

·          Jens Christian Hole

·          Njål Torillson Tyssing

·          Karstein Jensen

·          Anders Wigdahl

·          Kjell Magnar Berli

·          Atle Hole

 

SKULECUP. Vi nemner også at Ildri Bøe har kvalifisert seg til fylkesfinalen i skulecupen i friidrett (kule). Denne vert arrangert i Molde i april 2017.

 

Av mindre arrangement nemner vi Koldabakken Grand Prix – eit årvisst motbakkeløp (sprint) – arrangert i Nils Skylstad sitt beite på Hole i slutten av mai. Elles har fleire i gruppa hatt gleda av å hjelpe til under O-gruppa sine løp på Dalemyra i sesongen 2016.

 

Friidrettsgruppa takkar dei aktive og alle hjelparane for innsatsen i 2016

For friidrettsgruppa i VIL

Alf Petter Bøe

Leiar

 



Publisert: Torsdag 9. Mars 2017 Kl. 21:22
Siste nyhende
Likar du kart og data, og er 14-26 år…?
I så fall bør du lese denne saka nøye
Les meir (06.06.2020)
Årsmøte i Velledalen IL 25.juni
VIL-leiar, Ove Inge Skylstad, melder at det vert halde årsmøte for 2019 den 25.juni
Les meir (06.06.2020)
Holetindane trimpost vil ha besøk
Nils Terje Skylstad melder til VIL-Nett at Holetindane trimpost har smelta fram i dagen.
Les meir (06.06.2020)
Det gode rykket i Koldabakken
Ho starta saman med mora Malene og bestemora Bjørg, men litt ut i løpet hadde Mathea eit rykk på lur.
Les meir (06.06.2020)
Constantin sette rekord i Koldabakken
Rekord-deltaking då Koldabakken Grand Prix vart avvikla under gode forhold torsdag 4.juni.
Les meir (04.06.2020)
2638 grasrotkroner i mai månad
Velledalen IL takkar grasrotspelarane sine for 2638 kroner i mai
Les meir (01.06.2020)
1.juni er siste dag av trimpost-vandringa.
Oppslutninga har vore enorm. No står berre innleveringa og premietrekkinga att.
Les meir (31.05.2020)
Motbakkeløp sprint på Hole 4.juni
Friidrettsleiar Bøe melder at Koldabakken Grand Prix vert arrangert torsdag 4.juni på kveldstid.
Les meir (30.05.2020)
Sterkt VIL-trekløver med fødselsdag 29.mai
Minst tre VIL-medlem hadde fødselsdag fredag 29.mai. Les kven.
Les meir (30.05.2020)
ANETTE HEIMLI JOKSTAD – FRÅ BALLSPEL TIL HINDERLØP
Vi visste det ikkje då vi starta denne serien, men faktum er at Anette Heimli Jokstad har to reklameplakatar for vørterøl i leilegheita ho bur. Ekte reklameplakatar frå T-bana i Oslo, som Anette har hatt sidan barndomen. Tøft!
Les meir (24.05.2020)
O-sesongen i gang med løp på Emblem
Hurra! Endeleg er o-sesongen i gang for alvor med løp på Emblem sundag 24.mai
Les meir (24.05.2020)
2001 var Jostein Linga sitt år
Ny sak frå Atle Hole sitt frilansarkiv. Denne gongen frå fotballåret 2001.
Les meir (21.05.2020)
Seks utøvarar frå Velledalen IL sprang 17.mairaton
Mellom desse Roger André Vanebo som dermed leverte ein flott re-debut som VIL-løpar i moden alder (M 55-59).
Les meir (19.05.2020)
Her kjem ei 17.maihelsing frå osloavdelinga.
Oslo maraton arrangerte det virtuelle løpet 17.mairaton med over 8000 deltakarar i dag.
Les meir (18.05.2020)
SVEIN ARNE NAKKEN – Skulemann, sauebonde og gratis-arbeidar
Svein Arne Nakken sine svar er så grundige, at vi treng ikkje skrive mange orda om han «føreåt». Men grovt sagt er livet hans delt i fire bolkar, som fylgjer: Familie Ullavik skule Sauebonden Svein Gratis-arbeid
Les meir (17.05.2020)
Snøras over mykje brukt treningsveg
Heldigvis gjekk alt bra denne gongen
Les meir (17.05.2020)
Les «Siste Dansen» og send varme tankar til Severin
«Siste Dansen» er historia om VRF sitt herrelag sine gode år i perioden 1995-2000, med hovudvekt på året 1996, då laget berre var eitt mål unna opprykk til nivå tre.
Les meir (16.05.2020)
Jan Rakottyai – i motorsport-miljøet «Rakett-Jan»
Velledalen IL har etter kvart vorte ganske så internasjonale. Ein av dei som bidreg i så måte, er Jan Rakottyai, frå Slovakia. Han snakkar flytande norsk, så språkleg er dette 100 prosent problemfritt.
Les meir (15.05.2020)
Jarle Konrad 80 år 11.mai
I dag fyller Jarle Konrad Fausa i Fausadalen 80 år.
Les meir (11.05.2020)
Ellen Marie Hole – medfødt medlemskap på livstid
Ellen Marie er den mellomste av Olatausene i alder. Ho har alltid vore ei bestemt kjelle, så bestemt at ho tok eit kvileår frå fotballen som niåring. Men det vart fort kjedeleg, så ho var tilbake året etter.
Les meir (10.05.2020)
Jorunn sprang virtuelt løp
Takk til Jorunn Kvalsund Jarnes som introduserte oss for virtuelle løp då ho deltok i «Run Forest Run», sundag 10. mai. Men kva er eit virtuelt løp?
Les meir (10.05.2020)
Fin gest til turfolket!
I Hjorthol Grunneigarlag vert auka rift etter parkering møtt med gratis parkering og ynskje om GOD TUR!
Les meir (09.05.2020)
Elling held koken på Myrdalsfjellet
VIL har hatt ein melder på Myrdalsfjellet trimpost. Der i frå vert det rapportert at Elling Hole har fått luke til resten av feltet.
Les meir (09.05.2020)
Frode Mauren – King of the road

BUSTAD: Vegsund

ALDER: 47

Les meir (07.05.2020)
Per Inge kommenterer 105 000 meters løpet
Vi har tidlegare på VIL-nett fått kommentarar frå Frode Hoprekstad og Bjørn Arve Brune via Svein Arne Nakken. Her set Per Inge Bjørnestad sine ord på hendinga.
Les meir (04.05.2020)
Nærbutikken Velledalen: Vørterøl fram 600 prosent
Butikk-sjefen ved Nærbutikken i Velledalen, Henning Tandstad, melder om ein formidabel auke i salet av vørterøl siste året.
Les meir (04.05.2020)
Aktive treningsdagar i Velledalen for OCR-paret vårt
Planen var at hinderløparane våre, Anette Heimli Jokstad og Nikolai Handle Jensen, skulle setje farge på Konradløpet.
Les meir (03.05.2020)
Kommentarar frå Bjørn Arve og Frode
Svein Arne Nakken har sendt kommentarar frå Bjørn Arve Brune og Frode Hoprekstad til VIL-Nett i etterkant av 105 km–løpet deira 1.mai.
Les meir (03.05.2020)
Endeleg fekk Anette premien sin
Laurdag 2.mai 2020 fekk Anette Heimli Jokstad endeleg premien sin som «Årets Idrettskvinne 2019» i Velledalen IL.
Les meir (03.05.2020)
Forsvars-Konrad
I fjor haust var det min tur til å reise i fyrstegongstenesten.
Les meir (01.05.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no