Navigasjon
Navigasjon
John Sverre Holmberg er dagens jubilant

«Reite-Jon» er kallenamnet. Som betyr at han er frå same bruket som broren, «Reite-Ottar», eller sagt på ein annan måte; frå same bruket som Holmbergs Gartneri. Han er såleis Hole-mann, men bygde seg hus på feil side av elva, på Brøvoll.

 

I visse krinsar har det herska tvil om denne guten av 1937-årgang heitte Jon eller John. Alt tyder på at JOHN er det rette; det står i alle fall på postkassa til jubilanten.

 

John har alltid likt å sjå seg om i verda. Også i Amerika, på same måten som Mons-Konrad. Konrad observerte fenomenet jogging på turen, John vart fasinert av symjebasseng. Alle amerikanarar med ei rimeleg breial lommebok har basseng.

 

Vi veit lite om John si lommebok, men han bygde like godt to. Eitt ute og eitt inne. Somme meinte det var mest for eigentrening, sidan han var næraste nabo til ei elv der det formeleg aula med blankfisk på 1960- og 70-talet. Amerikanarane har eigen «pool-boy», medan John alltid har vore sjølvhjelpt på området.

 

Sjølv om John tvillaust er Velledalen sin bassengbaron, er det lite som tyder på at han er glad i å bade. Mange i område bada langt meir enn «Reite-guten», sjølv dei åra ein vanskeleg kunne krysse elva utan å trakke på ein pjakk. Han tok seg heller ei ykt med hesteskokasting og sosialt preik. Det siste har John alltid vore glad i, og sterk tilhengar av.

 

John Sverre Holmberg var formann (som det då heitte ) i Velledalen IL i åra 1966,1967, 1968 og 1969. Dette var like etter laget starta med barneidrett – i så måte var 1960-talet ei pionertid. Han sysla litt med skihopp, i ei tid der mest alle gutar dreiv skisport. Knut-Edvart var førebiletet.

   Sportsleg er han mellom personane med flest Konradløp i Velledalen. Stiller han i 2017, vert det for 14.gong. Og vi berre minner om at alle 80 år og eldre, plar bli heidra på scena i grendahuset etter løpet. Noko å gle seg til!!

 

Alle som har hatt samtalar med John – på timen eller lenger – får møte filosofen i han. Han tenkjer eit utal tankar og har mange idéar. Nokre få vert realiserte. Han vil at det skal vere triveleg rundt seg, difor kan han finne på å rydde på nøytral grunn, og han er ein av dei desidert beste flaggarane i Velledalen. Siste åra har han markert seg med auka lyssetting i den mørke årstida. Klart best på Brøvoll på feltet, sjølv om han fekk litt hardare konkurranse enn normalt sist adventstid av ein «heimvendt son». Og han vart slegen av eit par frå Belgia som har slege seg ned på Holen. Her ventar vi spent på neste trekk.

 

Vi skal i liten grad kome inn på møblar og agentverksemd, anna enn nemne at det var livsgrunnlaget mesteparten av hans yrkesaktive liv. Jubilanten har eit barnebarn som held høg nasjonal klasse på friidrettsbana, men det er ikkje å stikke under ein stol at det John aller best likar å framsnakke, er: Korpsmusikk, Svingfoten (nedlagt) og Trekkspelmusikk. Han frekventerer ulike kulturhus oftare enn velledalingar flest, for å seie det slik.

Velledalen hadde vore «fattigare» utan «Reite-Jon». Det er klinkande klart.

Mannen er i høgste grad skrivefør. Ein sjeldan gong kjem slike skriv «ålmugen» til gode, anten i Sykkylvsbladet, som eit frittståande flygeblad eller som eit Idrettsminne til Velledalen IL

 

Vi legg ved eit skriv signert John Sverre Holmberg der han tek oss med tilbake til eigen barndom. God lesnad, og GRATULERER MED 80 ÅRS DAGEN, JOHN!! her 



Publisert: Torsdag 23. Februar 2017 Kl. 23:43
Siste nyhende
Likar du kart og data, og er 14-26 år…?
I så fall bør du lese denne saka nøye
Les meir (06.06.2020)
Årsmøte i Velledalen IL 25.juni
VIL-leiar, Ove Inge Skylstad, melder at det vert halde årsmøte for 2019 den 25.juni
Les meir (06.06.2020)
Holetindane trimpost vil ha besøk
Nils Terje Skylstad melder til VIL-Nett at Holetindane trimpost har smelta fram i dagen.
Les meir (06.06.2020)
Det gode rykket i Koldabakken
Ho starta saman med mora Malene og bestemora Bjørg, men litt ut i løpet hadde Mathea eit rykk på lur.
Les meir (06.06.2020)
Constantin sette rekord i Koldabakken
Rekord-deltaking då Koldabakken Grand Prix vart avvikla under gode forhold torsdag 4.juni.
Les meir (04.06.2020)
2638 grasrotkroner i mai månad
Velledalen IL takkar grasrotspelarane sine for 2638 kroner i mai
Les meir (01.06.2020)
1.juni er siste dag av trimpost-vandringa.
Oppslutninga har vore enorm. No står berre innleveringa og premietrekkinga att.
Les meir (31.05.2020)
Motbakkeløp sprint på Hole 4.juni
Friidrettsleiar Bøe melder at Koldabakken Grand Prix vert arrangert torsdag 4.juni på kveldstid.
Les meir (30.05.2020)
Sterkt VIL-trekløver med fødselsdag 29.mai
Minst tre VIL-medlem hadde fødselsdag fredag 29.mai. Les kven.
Les meir (30.05.2020)
ANETTE HEIMLI JOKSTAD – FRÅ BALLSPEL TIL HINDERLØP
Vi visste det ikkje då vi starta denne serien, men faktum er at Anette Heimli Jokstad har to reklameplakatar for vørterøl i leilegheita ho bur. Ekte reklameplakatar frå T-bana i Oslo, som Anette har hatt sidan barndomen. Tøft!
Les meir (24.05.2020)
O-sesongen i gang med løp på Emblem
Hurra! Endeleg er o-sesongen i gang for alvor med løp på Emblem sundag 24.mai
Les meir (24.05.2020)
2001 var Jostein Linga sitt år
Ny sak frå Atle Hole sitt frilansarkiv. Denne gongen frå fotballåret 2001.
Les meir (21.05.2020)
Seks utøvarar frå Velledalen IL sprang 17.mairaton
Mellom desse Roger André Vanebo som dermed leverte ein flott re-debut som VIL-løpar i moden alder (M 55-59).
Les meir (19.05.2020)
Her kjem ei 17.maihelsing frå osloavdelinga.
Oslo maraton arrangerte det virtuelle løpet 17.mairaton med over 8000 deltakarar i dag.
Les meir (18.05.2020)
SVEIN ARNE NAKKEN – Skulemann, sauebonde og gratis-arbeidar
Svein Arne Nakken sine svar er så grundige, at vi treng ikkje skrive mange orda om han «føreåt». Men grovt sagt er livet hans delt i fire bolkar, som fylgjer: Familie Ullavik skule Sauebonden Svein Gratis-arbeid
Les meir (17.05.2020)
Snøras over mykje brukt treningsveg
Heldigvis gjekk alt bra denne gongen
Les meir (17.05.2020)
Les «Siste Dansen» og send varme tankar til Severin
«Siste Dansen» er historia om VRF sitt herrelag sine gode år i perioden 1995-2000, med hovudvekt på året 1996, då laget berre var eitt mål unna opprykk til nivå tre.
Les meir (16.05.2020)
Jan Rakottyai – i motorsport-miljøet «Rakett-Jan»
Velledalen IL har etter kvart vorte ganske så internasjonale. Ein av dei som bidreg i så måte, er Jan Rakottyai, frå Slovakia. Han snakkar flytande norsk, så språkleg er dette 100 prosent problemfritt.
Les meir (15.05.2020)
Jarle Konrad 80 år 11.mai
I dag fyller Jarle Konrad Fausa i Fausadalen 80 år.
Les meir (11.05.2020)
Ellen Marie Hole – medfødt medlemskap på livstid
Ellen Marie er den mellomste av Olatausene i alder. Ho har alltid vore ei bestemt kjelle, så bestemt at ho tok eit kvileår frå fotballen som niåring. Men det vart fort kjedeleg, så ho var tilbake året etter.
Les meir (10.05.2020)
Jorunn sprang virtuelt løp
Takk til Jorunn Kvalsund Jarnes som introduserte oss for virtuelle løp då ho deltok i «Run Forest Run», sundag 10. mai. Men kva er eit virtuelt løp?
Les meir (10.05.2020)
Fin gest til turfolket!
I Hjorthol Grunneigarlag vert auka rift etter parkering møtt med gratis parkering og ynskje om GOD TUR!
Les meir (09.05.2020)
Elling held koken på Myrdalsfjellet
VIL har hatt ein melder på Myrdalsfjellet trimpost. Der i frå vert det rapportert at Elling Hole har fått luke til resten av feltet.
Les meir (09.05.2020)
Frode Mauren – King of the road

BUSTAD: Vegsund

ALDER: 47

Les meir (07.05.2020)
Per Inge kommenterer 105 000 meters løpet
Vi har tidlegare på VIL-nett fått kommentarar frå Frode Hoprekstad og Bjørn Arve Brune via Svein Arne Nakken. Her set Per Inge Bjørnestad sine ord på hendinga.
Les meir (04.05.2020)
Nærbutikken Velledalen: Vørterøl fram 600 prosent
Butikk-sjefen ved Nærbutikken i Velledalen, Henning Tandstad, melder om ein formidabel auke i salet av vørterøl siste året.
Les meir (04.05.2020)
Aktive treningsdagar i Velledalen for OCR-paret vårt
Planen var at hinderløparane våre, Anette Heimli Jokstad og Nikolai Handle Jensen, skulle setje farge på Konradløpet.
Les meir (03.05.2020)
Kommentarar frå Bjørn Arve og Frode
Svein Arne Nakken har sendt kommentarar frå Bjørn Arve Brune og Frode Hoprekstad til VIL-Nett i etterkant av 105 km–løpet deira 1.mai.
Les meir (03.05.2020)
Endeleg fekk Anette premien sin
Laurdag 2.mai 2020 fekk Anette Heimli Jokstad endeleg premien sin som «Årets Idrettskvinne 2019» i Velledalen IL.
Les meir (03.05.2020)
Forsvars-Konrad
I fjor haust var det min tur til å reise i fyrstegongstenesten.
Les meir (01.05.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no