Navigasjon
Navigasjon
O-folka testa utstyr

Det var ein spennande og historisk kveld på Drabløs i går. Pernille Lervåg viste fram det innkjøpte utstyret, kompass, kart, Emit tidtakar-system med meir. Utstyr av ein verdi til kring 30 000 kroner.

 

Dei frammøtte delte seg i ei herre- og ei damegruppe. Mannfolka, Håkon Fedt, Lars Inge Sæther og Bernt Are Lervåg, jobba med tidtakarsystemet, medan Janne Tomtum, Merete Masdal og Pernille Lervåg budde seg på dei andre oppgåvene som skal presenterast under kurset 1. mars.

 

Staden å vere den kvelden i tidsrommet 20.15-22.00 er altså Velledalen grendahus. Med Pernille i spissen arrangerer Velledalen IL og Røde Kors i fellesskap kurs i bruk av kart og kompass. I tillegg vert det introduksjon av orienteringssporten. Vi oppmodar spesielt ungdom til å møte, sidan dei misser trimkvelden sin denne tysdagen. Litt sosialt vert det òg, då det ryktast enkel servering av kaffi og kake.

 

Vi set pris på påmelding på førehand – til Pernille Lervåg eller Atle Hole.

Hopp i det – her er alle velkomne!!

 



Publisert: Torsdag 25. Februar 2016 Kl. 18:29
Siste nyhende
ALF PETTER BØE – RIR PÅ ANDRE BØLGJA
Den fyrste bølgja levde Alf Petter ut på Nordmøre. Med fotball for Bøfjord IL og friidrett (løp) for Rindals-Troll. Toppen nådde han kring 1995, med 1.08 på halvmaraton og 32-talet på mila.
Les meir (05.04.2020)
Radka Vosicka – ein tsjekkisk solstråle
Velledalen IL har mange solstrålar frå ulike nasjonar. Radka er ein av dei. I 2016 fann kvinna frå Tsjekkia at ho ville gjere nokre justeringar med livet sitt – medan det enno var tid. Justeringar i ei meir sportsleg retning.
Les meir (03.04.2020)
Kronprins Håkon Magnus påmeldt i Konradløpet
Slottet melder at kronprinsen kjem til Velledalen med eitt mål for auget; få revansje på ein kar ved namn Svein Arne Nakken.
Les meir (01.04.2020)
Historisk dag: Velledalen IL nådde 100 grasrotspelar
På mars månad sin siste dag, nådde Velledalen IL det nette tal av 100 grasrotspelarar.
Les meir (01.04.2020)
2003 grasrotkroner i mars
Norsk Tipping melder om nedgang i omsetninga. Det rammar laga gjennom grasrotmidlane, men Velledalen IL greier seg bra.
Les meir (01.04.2020)
Avlysingar på løpsfronten
Holmenkollstafetten der Velledalen IL har meldt på lag er mellom dei korona-avlyste arrangementa.
Les meir (30.03.2020)
Leif Erling gjekk til skimerket
Det er lite nytt å melde i desse koronatider, men langrennsgruppa har hatt ein mann gjennom til skimerkeprøve.
Les meir (30.03.2020)
Solbjørg Brunstad konkurranse-vinnar
Solbjørg Brunstad har hatt flaks under loddtrekning tidlegare og hadde det igjen denne veka.
Les meir (19.03.2020)
Den tillyste 3000 meter testen er avlyst
I tråd med råd frå dei som sit på mykje kunnskap innan helse og idrett, er den tillyste 3000 meter testen den 22.mars avlyst.
Les meir (19.03.2020)
Midtveke-konkurranse med premiering
Sjå foto! Karane er kjende, men kvar er dei…?
Les meir (17.03.2020)
VIL-årsmøtet utsett på ubestemt tid
Det tillyste årsmøtet i Velledalen IL den 19.mars, er altså utsett.
Les meir (17.03.2020)
VIL-utøvarar med 463 startar 1.halvår 2019
Foto: Karl Egil LiasetEnorm aktivitet i Velledalen IL i 2019. Medlemar av Velledalen IL gjorde 463 startar i 1. halvår.
Les meir (15.03.2020)
Velledalen grendahus: Stengd for kroppsleg utfalding
Alle kommunale symjehallar og gymsalar i Sykkylven er stengde i tidsrommet 13.mars til 1.mai.
Les meir (14.03.2020)
Skikarusell
Vedlagt bilde viser to sunnmøringar under oppvarminga, Velledalen IL til venstre og Valldal IL til høgre.Elektronisk brevhelsing frå nord:
Les meir (12.03.2020)
Corona-viruset tok årets Birkebeinerrenn
ArkivfotoSvein Arne Nakken var einaste påmelde frå Velledalen til dette rennet.
Les meir (11.03.2020)
Går det mot toppår for trimpostane….?
Lite snø i låglandet gjer turar til nokre av Velledalen IL sine trimpostar til heilårs-aktivitet.
Les meir (09.03.2020)
O-trening
O-gruppa testet i ettermiddag et nytt konsept med innetrening for barn/ungdom med løpeleker og o-teknikk, dvs trening av både hode og kropp slik som orienteringsløp også er.
Les meir (08.03.2020)
Vinterkarusellen: Resultat Velledalen IL
Slik gjorde VIL-løparane det i siste løpet i Ålesund Vinterkarusell laurdag 7.mars
Les meir (08.03.2020)
Vêrmeldinga stoppa rennet, men det vart trena.
Det tillyste ski-o rennet til Velledalen IL/Emblem IL som skulle arrangerast sundag 8.mars vart avlyst grunna dårlege vêrmeldingar.
Les meir (08.03.2020)
AVLYST skiorientering
Grunna dårleg meldingar.
Les meir (07.03.2020)
Solid VIL-debut av Frode Hoprekstad
Brukte 44.12 på mila under siste løpet av Ålesund Vinterkarusell denne sesongen.
Les meir (07.03.2020)
Lillian klassevinnar i VIL-debuten
Lillian Nykrem har meldt seg inn i Velledalen IL og vann K 35-39 år i sitt fyrste løp for laget vårt.
Les meir (07.03.2020)
Premiedryss til Velledalen IL i vinterkarusellen
Alle som kunne slå i bordet med tre løp eller meir (av i alt fem) vart premierte då Ålesund Vinterkarusell 2020 vart avslutta laurdag 7.mars
Les meir (07.03.2020)
Siste løpet i vinterkarusellen
Velledalen IL stiller ein brei tropp. Frode Hoprekstad debuterer for VIL.
Les meir (07.03.2020)
Ung VIL-medlem vinnar i loddboka
Ein av idrettslagets yngste medlemmar, Tea Tandstad, stolt vinnar av andrevinsten frå idrettslaget si loddbok.
Les meir (04.03.2020)
Idrettsgalla: Alle prisane som vart delte ut
Vi har den siste tida omtala mange av dei utdelte prisane under Idrettsgallaen. Her finn du alle prisane samla, i den rekkefølga dei vart delte ut.
Les meir (04.03.2020)
Velledalen IL har fått pengar til skulegardskart
Då har Pernille Ibsen Lervåg på vegne av Velledalen IL fått pengar til skulegardskart ved alle skulane i Sykkylven.
Les meir (03.03.2020)
Idrettsgalla: Pris til Nærbutikken
Nærbutikken i Velledalen vart også heidra, då den stakk av med «Nært og Nyttig-prisen».
Les meir (02.03.2020)
To luringar på Idrettsgalla
Dei færraste visste at Jan Rakottyai og Ivar Flo hadde noko felles. Idrettsgallaen i VIL avsløra kva.
Les meir (02.03.2020)
107 gjekk Barnas Fjellsæterrunde
Steffen Mork frå Emblem IL raskast rundt Sætrevatnet. Mange VIL-løparar markerte seg positivt i rennet.
Les meir (02.03.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
To30.04
Fr01.05
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no