Navigasjon
Navigasjon
Gratulerer Stordal !!

Som frilansar får ein oppleve litt av kvart. Sommaren 2014 sende avisa Sunnmøringen (Stranda) meg til eit møte i Ålesund i Sunnmøre Regionråd. Tema: Kommunereforma. Har hagla det av ordførarar, varaordførarar og rådmenn frå dei fleste kommunane på Sunnmøre (Sykkylven var av særs få som ikkje var representert). Jan Tore Sanner var der ikkje sjølv, men var representert med ein av undersåttane, Jardar Jensen.

 

Han kom frå Østfold, og hadde langt rulleblad som lokalpolitikar. Han gav uttrykk for at kommunereforma måtte då la seg gjennomføre. Sjølv hadde han vore med på nedlegginga av fire skular. Litt støy i starten, men det roa seg raskt, sa han mellom anna i sin eigen presentasjon. Problemet til herr Jensen var at han hadde lite konkret å kome med.

-           Kva nye oppgåver vil dei større kommunane få, ville mange vite. Spørjarane fekk laus synsing tilbake. Men merk, dette var på eit tidleg stadium.

                     

På dette møtet vart det ALDRI snakka om at kommunar som ikkje ville, i framtida kunne risikere tvang ved økonomisk strypetak. Men det vart snakka mykje om gulrøter.

   

-           Eg kan love det vil kome slike, men alle forstår at slike ikkje kan givast overalt. Det vil koste for mykje, uttrykte Jensen klokkeklart.

Då tok ordførar i Vanylven, Jan Helgøy, ordet:

-           Du må vere klar at her held det ikkje med to, tre gulrøter. Du må i det minste ha ein sekk!

Smil og latter i salen.

 

Tida gjekk med prat i alle retningar. Det vart kommuneval, og vi var komne til hausten 2015. Folket viste kva dei ville og kva retning dette bar. Ordet flopp om kommunereforma verserte mann og mann i mellom. Trauste SP-skeptikarar av reforma som eksempelvis Stein Aam (Ørsta), Odd Jostein Drotninghaug (Sykkylven), Jan Ove Tryggestad (Stranda) og Arne Sandnes (Norddal) fekk gehør og plass i media. Det vart stille frå Sanner – ei tid.

 

Men så kom mottrekket. Pengestraumen av statlege kroner til små og mellomstore kommunar skulle i framtida reduserast. Mottoet var klokkeklart:

-           Slå dykk saman. I framtida vert det dyrt å vere liten!

Sanner og hans likemenn og kvinner la vidare elsken sin på orda ROBUST og BEREKRAFTIG. Berre dei med desse eigenskapane – er robuste og berekraftige – har livets rett i framtida, var - og er framleis - den tydelege bodskapen. Faktisk har vi sansa det no, Sanner, Solberg, Listhaug, Jensen og Lodve Solholm!

 

Men så skjer det noko i Stordal. Vesle Stordal med sine 1000 innbyggarar har slege tilbake. Vesle Stordal  har nærast for opna scene håna den nemnde politiske kvartetten + fylkesmann. Vesle Stordal har fått to utøvarar med til junior-VM på ski. Og vesle Stordal har gjort det før på andre felt enn idrett. Gjennom prestasjonane til mellom andre Petter Løset Skodjereite (kombinert) og Martine Lorgen Øvrebust (langrenn) er Stordal faktisk den mest ROBUSTE og BEREKRAFTIGE idrettskommunen i Møre og Romsdal - målt etter folketal!

 

    Håper du ser det sjølv Sanner – no står du faktisk i sjakk!

 

  Atle Hole



Publisert: Søndag 21. Februar 2016 Kl. 10:22
Siste nyhende
Barnas Fjellsæterrunde 1.mars
arkivfotoRennet tel samstundes som fyrste renn i Telenor-Fjellsætercup langrenn
Les meir (28.02.2020)
Maraton-prisen gjekk til Njål
At Njål Tonsill Tyssing vann «maraton-prisen» under Velledalen IL sin Idrettsgalla var av det minst overraskande som hende.
Les meir (28.02.2020)
Treningsstipend på 5000 kroner til Kjell Magnar
Kjell Magnar Berli vann «Gir det han har, tar det han får-prisen» - eit treningsstipend på 5000 kroner – under Velledalen IL sin Idrettsgalla 22.februar.
Les meir (26.02.2020)
Odd Drabløs vinnar av stol.
Det var Odd Drabløs som vann hovudvinsten i VIL-loddboka.
Les meir (26.02.2020)
Nestleiaren har fått redesigna sin Kia.
Atle Hole er no lettare å kjenne att i trafikken.
Les meir (26.02.2020)
Badminton tysdag 25.februar klokka 18.00
Etter ei lengre pause startar Velledalen IL opp att det som tidlegare var ein populær trimaktivitet; badminton.
Les meir (25.02.2020)
Idrettsgalla: Atle Hole fekk heiderspris
Velledalen IL si største eldsjel vart heidra under idrettsgallaen. Les VIL-leiaren sine ord om Atle Jomar Hole.
Les meir (24.02.2020)
Sykkylven Mållag heidra Sissel Beate for godt språk
Stor dagar i Sølmongarden på Brunstad sist helg. Laurdag vart Odd trekt ut som vinnar av hovudpremien i VIL sitt Idrettsgalla-lotteri, dagen etter vann kona, Sissel, Målprisen.
Les meir (24.02.2020)
Idrettsgalla: Sterk duo fekk pris som årets nykommar og årets gjennombrot
To av VIL sine utøvarar frå Ålesund kommune, May Evy og Frode fekk gjeve prisar under gallaen.
Les meir (23.02.2020)
Idrettsgalla: Gjevaste prisane til Anette og Olaf
Stappfullt hus i Ungdomshuset Vaarvon sitt kjellarlokal då Velledalen IL heldt Idrettsgalla for året 2019.
Les meir (23.02.2020)
Idrettsgalla: Prisdryss over idrettslaget sine unge utøvarar
Mange imponerande prestasjonar å vise til blandt dei yngste utøvarane til Velledalen IL.
Les meir (23.02.2020)
Vinnarar frå loddboka til Velledalen IL
500 lodd vart selde frå loddboka til idrettslaget i vinter. 10.000 inntjente kroner går til o-gruppa sitt kartarbeid.
Les meir (22.02.2020)
O-gruppa VIL, terminliste våren 2020
-endringer kan forekomme, følg med på Facebook-gruppa «Orienteringsløp Sykkylven».
Les meir (17.02.2020)
Lokale resultat frå Furusjøen Rundt
ArkivfotoSvein vart nummer sju i klasse 50-54 år, Kjell Magnar nummer 16 i klasse 30-34 år.
Les meir (17.02.2020)
Vert det «Barnas Fjellsæterrunde i vinter..?
arkivfotoTruleg JA, seier langrennsgruppa i Velledalen IL som nyleg har hatt møte.
Les meir (11.02.2020)
Ny trakkemaskin står klar
Langrennsgruppa melder at ei ny trakkemaskin formeleg hungrar etter meir snø i Ladalen.
Les meir (11.02.2020)
Plass til fleire på Idrettsgalla
Dagen før påmeldingsfristen går ut melder kasserar i VIL, Henning Tandstad , om kring 20 ledige plassar.
Les meir (11.02.2020)
Bilskiltet «ARNE 371» sine band til Velledalen IL
Han vart KM-vinnar for Velledalen IL i 1960 med 2,77 meter, men gav seg ikkje før han hoppa 3,71 i stille lengde.
Les meir (11.02.2020)
Anders Wigdahl gjekk Sjusjøen Skimaraton
Endeleg har vi eit ski-resultat og melde – frå VIL-avdelinga på Austlandet.
Les meir (09.02.2020)
Vinterkarusell nr 4: Andreas og Frode klassevinnarar
Fem menn representerte Velledalen IL under fjerde løpet av Vinterkarusellen i Ålesund.
Les meir (08.02.2020)
May Evy beste kvinne på 5 kilometer
May Evy Nesheim vart beste kvinne på 5 kilometer med tida 22.17 under Ålesund Vinterkarusell. Også Lillian Nykrem klassevinnar.
Les meir (08.02.2020)
Bladet «Runners World» skriv om Kjell Magnar
Heile fem sider – framsida og fire inne i bladet - har løpsbladet «Runners World» spandert på Kjell Magnar Berli.
Les meir (08.02.2020)
Nye karusell-løp i Ålesund 8.februar
arkivfotoFå utøvarar har førebels meldt seg på, men Olaf Einar Øien stiller på 5 km.
Les meir (05.02.2020)
Velkommen til sonerenn i Hyttehola på Hellesylt laurdag 8. februar.
Rennet går i fristil, med start klokka 12.30, individuell start og normaldistanse.
Les meir (05.02.2020)
Dei finaste nedslaga
Med Helge Lødøen sin bortgang har Velledalen mist ein sann idretts-ven.
Les meir (04.02.2020)
Krevjande helgakonkurranse
Men Kristin Grebstad visste at Katrine Ulriksen (VIL-leiar I 1997) var rett svar denne gongen.
Les meir (03.02.2020)
Idrettsgalla 22.februar – påmeldingsfrist 12.febr.
arkivfotoI år er det påmelding til Velledalen IL sin Idrettsgalla –frist for påmelding er 12.februar.
Les meir (03.02.2020)
Fire blad Nakken i Oslo Winterrun 2020.
I går kvitterte Sivert og Andreas Mosby Nakken ut ei av julegåvene sine. Far Svein og mor Anita var også mellom deltakarane.
Les meir (02.02.2020)
Tusen, tusen takk til 94 grasrotspelarar!
Januar vart ein knallmånad med 2662 grasrotkroner til Velledalen IL.
Les meir (01.02.2020)
Britt Janne 40 år 1.februar
arkivfotoJubileuma kjem tett i Velledalen IL for tida. I dag er det Britt Janne sin tur.
Les meir (01.02.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
To19.03
Fr03.04
To30.04
Fr01.05
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no