Navigasjon
Navigasjon
Du gjorde det ikkje forgjeves, Konrad!

1.mai 2016 vert det 15. Konradløpet arrangert. Med start frå Brunstad klokka 05.00. I same spora, og om lag til same klokkeslett Konrad Brunstad pla gjere denne runden. Ikkje i sine unge år. Nei, Konrad var godt over 70 før han byrja. Saman med Brua-Arne hadde han vore ein tur til USA. Der observerte han at dei jogga – folk i alle aldrar.

 

Konrad var kring 75 – eller kanskje vel så det - før han tok laust for alvor. Det vil seie kring midt på 1980-talet, tidlegast 1985. Dei vissaste treningsturane gjorde han til Vellesætra, Koppen og runden som i dag utgjer Konradløp-traséen. Han deltok fleire gonger i Ålesund Halvmaraton – også etter fylte 80 år. Etter eitt av desse løpa i byen ringde sportssjefen i Sunnmørsposten, og lurte på om eg kjende ein fåmælt mann frå Velledalen som heitte Konrad Brunstad….?

 

Det gjorde eg. Men det skal seiast at det var dei færraste i Velledalen som brydde seg om treninga til Konrad. Rett nok; somme tok til å skjøne at han ikkje dreiv i heilt liten målestokk, då han som 82-åring vart trimpostvinnar samanlagt. Med over 1800 poeng !

    Men smålåten som han var,  presiserte han stadig vekk at treninga var av det gode for han, men han ville ikkje rå andre eldre til å byrje med det same. –Godt for meg, men andre vil kanskje ikkje tole det, sa Konrad med ettertanke.

 

Det gjekk med Konrad som det har gjort med ei rekkje store kunstnarar. Fyrst etter han gjekk bort, vart folk klar over at Konrad var langt føre tida si med omsyn til trening i framskriden alder. Gravferda (i år 2000) skulle bli vendepunktet. Odd Kvammen sin film – vist i gravferda – og rapportert vidare til Velledalen IL av Ole Petter Berge, var avgjerande for at mannen fekk sitt eige løp -  Konradløpet. Fyrste gong arrangert i 2002, med 195 deltakarar. Ei positiv, men sjokkarta oppleving for arrangøren.

 

Kring 15 år etter Konrad sin død, kan ein spørje: Korleis gjekk det eigentleg med livsstilen han praktiserte i eldre år – fekk den fotfeste…? Vi nøyer oss med å slå fast fylgjande:

·          Folk over 90 år (eksempelvis Oddmund Skylstad) hadde noteringar i Velledalen IL sine trimbøker i 2015.

·          Elling Hole er midt i 70-åra og Ivar Flo også over 70, vann krevjande trimpostar som Myrdalsfjellet og Riksheimdalen i 2015.

·          73-åringen Olaf Øien er fast deltakar i Konradløpet og har delteke 22 gonger av 22 mulege i Nibbeløpet (21 km med 1500 høgdemeter stigning) i Geiranger.

·          76-åringen Jarle Fausa debuterte i Konradløpet som 68-åring på godt i overkant av 28 minutt. Han la seg i trening, mellom anna med årviss deltaking i Konradløpet, og sprang på 23 minutt som 75-åring.

·          Av personar over 80 år med deltaking i Konradløpet nemner vi frå hugsen: Tomas Tandstad (deltok i sitt 92. leveår), Paul Klock, Rasmus Heltne (Vigra), Harald Relling (Langevåg), Oddmund Skylstad, Kjellaug Ulset, Paul Hole, Magnus Ødegård, Konrad Gausemel (Hornindal) og Karstein Sørland (Ålesund).

·          1.mai 2016 går løp nummer 15. På denne dag vil truleg fire personar over 80 år i Velledalen delta for 15. gong - av 15 mulege!!  Namna er: Kjellaug Ulset, Magnhild Hole, Paul Hole og Magnus Ødegård.

 

For 40 år sidan, på 1970-talet, sprang godt vaksne menn svært sjeldan. Berre etter krøter som var vidvanke kunne ein sjå ein mannspersonar i 40- eller 50 åra ta laust den gongen. Og då var det ofte med livet som innsats. Raude i trynet heiv dei etter pusten. Kvinnfolk i nemnde aldersgruppe sprang ALDRI!

     Ja Konrad, du har lov å vere stolt. Vi veit ikkje heilt kvar vi har deg, men sit du i himmelen og har tilgang på flaggstang, då bør du bruke den 1.mai. Med godt samvit. Fyrst og fremst til ære for deg sjølv, og livsstilen du var faneberar for, men også for det 15. Konradløpet, og for dei fire i 80-åra i Velledalen som aldri har svikta  – løpet, der farta ikkje er det viktigaste!

 

PS. Du må gjerne nynne «Jag trodde änglarna fanns bara bara i himmelen» under flaggheisinga.

 

På vegne av oss jordiske

Atle Hole

Småjoggar og arrangør.

 



Publisert: Fredag 22. Januar 2016 Kl. 20:55
Siste nyhende
Æresmedlem Magnar fyller 93 år
Arkivfoto15.juli vert Velledalen IL sin eldste æresmedlem, Magnar Fet, 93 år.
Les meir (15.07.2020)
Velledalen IL-jakke på Preikestolen
Ikkje preikestolen i ei kyrkje, men sjå foto av kven som har vore på turistmålet Preikestolen.
Les meir (15.07.2020)
Helsing frå Sørlandet
Nettsida har fått inn ei helsing frå familien Mosby Nakken som ferierer på Sørlandet
Les meir (14.07.2020)
Send oss helsingar!
Velledalen IL sin klubbjakker, eller andre kolleksjons-plagg, er for tida spreidde utover kongeriket og endå vidare.
Les meir (14.07.2020)
Nettsida oppe og går igjen
Det er ferietid, og forsyne meg har ikkje nettsida til Velledalen IL også teke ferie.
Les meir (14.07.2020)
O-gruppa jobbar knallhardt med kart
Nytt kart i området Ikornnes/Sessvatnet, oppdatering av Velledals-kartet og utviding av Fjellsætet-kartet.
Les meir (05.07.2020)
Trimbingo til Brunstadsætra 12.juli
Arkivfoto Trimgruppa melder at den årlege grillkvelden vert noko amputert i coronaåret
Les meir (05.07.2020)
Nytt karusell-løp i Ålesund 8.juli
Andre løp i Ålesund Sommarkarusell vert arrangert onsdag 8.juli
Les meir (05.07.2020)
Ove Skylstad held fram som leiar i VIL
«Orrenes-ekspressen» (Sondre Bårnes) einaste nye i hovudstyret.
Les meir (05.07.2020)
Takkar for 2829 grasrotkroner i juni!
Juni vart ein særs god månad med 2829 kroner i klubbkassa frå 105 spelarar
Les meir (01.07.2020)
Aktuelt foto frå vinteren 2005
Broren til den sovande jenta er verdsmeister i orientering mange gonger, og skal nytte Velledalen Il sin o-kart til trening i sommar.
Les meir (30.06.2020)
May Evy Nesheim nest beste kvinne i Mefjellet Opp
Frode Mauren vart nummer to i klasse M 45-49
Les meir (28.06.2020)
Kjetil og Per-Gunnar fekk klaff med juni-vêret
Alle vi veit om synest juni 2020 har vore ein framifrå vêrmånad
Les meir (28.06.2020)
Lukke til Frode og May Evy!
Frode Mauren og May Evy Nesheim er i dag på plass i Fjørå der starten går for motbakkeløpet Mefjellet Opp.
Les meir (28.06.2020)
Toppløpar klar for Velledalen IL
Friidrettsleiar Alf Petter Bøe er stolt som ein hane om dagen etter å ha fått sterke Constantin Rust (23) inn på laget.
Les meir (28.06.2020)
Stor takk til Sparebanken Møre
Banken gav 25 000 kroner (TEFR-midlar) til prosjektet « Orienteringskart Ikornnes/Sessvatnet).
Les meir (28.06.2020)
Eit vakkert foto om gode rollemodellar!
Så godt som alle born har sine rollemodellar, med gjerne foreldra i aller fremste line.
Les meir (23.06.2020)
Kvepsebol
Pass opp for små hissige kvepsar.
Les meir (22.06.2020)
Litt stoff omkring det å vere o-løpar
Meir frå «Oppdal 2-dagars». Mellom anna våre utøvarar sine resultat andre dag
Les meir (22.06.2020)
Tomasløpet: Ny triumf til Constantin Rust
Arrangøren, Velledalen IL, er ikkje nøgde med 42 deltakarar. Men vinnartidene var fine, 17.55 på Constantin Rust og 22.52 på Elida Fuglem.
Les meir (21.06.2020)
Hoppskule og renn med klassesigrar til Jonny og Jan
Få tenkjer på skihopp når gradestokken slikkar 30-grader streken, men Jonny Mauren og Jan Ringseth sytte for to klassesigrar til Velledalen IL.
Les meir (21.06.2020)
To skarpe VIL-familiar spring «Oppdal 2-dagers»
Det er snakk om orientering og familiane som representerer Velledalen IL er Fløttum Fauske og Ibsen Lervåg.
Les meir (21.06.2020)
Flotte VIL-prestasjonar i Sommar-Karusellen
110 løparar fullførte 1.løpet i Sommar-Karusellen i Ålesund. Dette er ny rekord.
Les meir (17.06.2020)
Sommarkarusell i Ålesund – 1.løp 17.juni
Folk er løps-sugne som aldri før. Ny deltakarrekord er alt sikra. Les om stor VIL-tropp og andre kjende på startlistene.
Les meir (14.06.2020)
Tomasløpet vert arrangert i Straumgjerde 21.juni
Velledalen IL har gleda av å ynskje mosjonistar, syklande og springande velkomne til nytt Tomasløp – sundag 21.juni.
Les meir (13.06.2020)
God veke for Pernille!
Torsdag 4.juni var Pernille Linga beste jente/kvinne opp Koldabakken, tre dagar seinare var ho mellom dei uttrekte vinnarane i trimpost-vandringa for mai månad.
Les meir (07.06.2020)
Likar du kart og data, og er 14-26 år…?
I så fall bør du lese denne saka nøye
Les meir (06.06.2020)
Årsmøte i Velledalen IL 25.juni
VIL-leiar, Ove Inge Skylstad, melder at det vert halde årsmøte for 2019 den 25.juni
Les meir (06.06.2020)
Holetindane trimpost vil ha besøk
Nils Terje Skylstad melder til VIL-Nett at Holetindane trimpost har smelta fram i dagen.
Les meir (06.06.2020)
Det gode rykket i Koldabakken
Ho starta saman med mora Malene og bestemora Bjørg, men litt ut i løpet hadde Mathea eit rykk på lur.
Les meir (06.06.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no