Navigasjon
Navigasjon
Haustferie – takk for innsatsen på trimpostane!

Men stå på til det siste! Bokbyte skjer nemleg ikkje same dag på alle postar, men i løpet av den komande veka vil det vere over for sesongen 2015. Ny bok er NY sesong.

 

Mange har lagt ned ein formidabel innsats. Alt frå «smårollingar» til personar over 90 år har sett namnetrekka sine i bøkene. Det set vi pris på. Alle trimpostvinnarane, og dei tre beste samanlagt, vert premiert under Velledalen IL sin idrettsgalla som enno ikkje er tidfesta. I tillegg vert det trekt ut tilfeldige premiar.

 

Like eins set vi stor pris på at dei jamnaste utøvarane held teljing med turane sine, og set tur-talet bak namnet sitt. Tenk, for ein jobb det hadde blitt for statistikk-general; Nils Terje Skylstad, om ingen gjorde det! For dei som berre går nokre få turar på kvar post, er dette sjølvsagt mindre viktig. Slike kjem uansett ikkje på sluttlistene.

 

Topp-5 resultat frå enkeltpostane vil kome ganske raskt. Truleg i løpet av oktober. Det er i samanlagt-resultata den store jobben ligg. Både det å få lista rett med omsyn til plassering, og rett med omsyn til antal poeng. Finn nokon feil på resultata vi kunngjer, ta straks kontakt med Nils Terje Skylstad, og vi garanterer feilen vert retta opp.

 

MEDLEMSKAP:

Vi set STOR pris på at somme av dei ivrigaste viser dei set pris på tiltaket gjennom å betale medlemskontingent. Om ein ikkje vil bli fullverdig medlem, kan STØTTEMEDLEMSKAP vere eit alternativ. Satsar for 2015:

Familie: Kr 400,- pr år

Vaksne: Kr 200,- pr. år

Born: Kr 100,- pr. år

Støttemedlemskap: Valfri sum over kr 50,-

Betal til: Velledalen IL, v/Ove Skylstad, Holevegen 37, 6220 – kontonr: 4045 10 23537



Publisert: Fredag 2. Oktober 2015 Kl. 17:56
Siste nyhende
Takkar for 2829 grasrotkroner i juni!
Juni vart ein særs god månad med 2829 kroner i klubbkassa frå 105 spelarar
Les meir (01.07.2020)
Aktuelt foto frå vinteren 2005
Broren til den sovande jenta er verdsmeister i orientering mange gonger, og skal nytte Velledalen Il sin o-kart til trening i sommar.
Les meir (30.06.2020)
May Evy Nesheim nest beste kvinne i Mefjellet Opp
Frode Mauren vart nummer to i klasse M 45-49
Les meir (28.06.2020)
Kjetil og Per-Gunnar fekk klaff med juni-vêret
Alle vi veit om synest juni 2020 har vore ein framifrå vêrmånad
Les meir (28.06.2020)
Lukke til Frode og May Evy!
Frode Mauren og May Evy Nesheim er i dag på plass i Fjørå der starten går for motbakkeløpet Mefjellet Opp.
Les meir (28.06.2020)
Toppløpar klar for Velledalen IL
Friidrettsleiar Alf Petter Bøe er stolt som ein hane om dagen etter å ha fått sterke Constantin Rust (23) inn på laget.
Les meir (28.06.2020)
Stor takk til Sparebanken Møre
Banken gav 25 000 kroner (TEFR-midlar) til prosjektet « Orienteringskart Ikornnes/Sessvatnet).
Les meir (28.06.2020)
Eit vakkert foto om gode rollemodellar!
Så godt som alle born har sine rollemodellar, med gjerne foreldra i aller fremste line.
Les meir (23.06.2020)
Kvepsebol
Pass opp for små hissige kvepsar.
Les meir (22.06.2020)
Litt stoff omkring det å vere o-løpar
Meir frå «Oppdal 2-dagars». Mellom anna våre utøvarar sine resultat andre dag
Les meir (22.06.2020)
Tomasløpet: Ny triumf til Constantin Rust
Arrangøren, Velledalen IL, er ikkje nøgde med 42 deltakarar. Men vinnartidene var fine, 17.55 på Constantin Rust og 22.52 på Elida Fuglem.
Les meir (21.06.2020)
Hoppskule og renn med klassesigrar til Jonny og Jan
Få tenkjer på skihopp når gradestokken slikkar 30-grader streken, men Jonny Mauren og Jan Ringseth sytte for to klassesigrar til Velledalen IL.
Les meir (21.06.2020)
To skarpe VIL-familiar spring «Oppdal 2-dagers»
Det er snakk om orientering og familiane som representerer Velledalen IL er Fløttum Fauske og Ibsen Lervåg.
Les meir (21.06.2020)
Flotte VIL-prestasjonar i Sommar-Karusellen
110 løparar fullførte 1.løpet i Sommar-Karusellen i Ålesund. Dette er ny rekord.
Les meir (17.06.2020)
Sommarkarusell i Ålesund – 1.løp 17.juni
Folk er løps-sugne som aldri før. Ny deltakarrekord er alt sikra. Les om stor VIL-tropp og andre kjende på startlistene.
Les meir (14.06.2020)
Tomasløpet vert arrangert i Straumgjerde 21.juni
Velledalen IL har gleda av å ynskje mosjonistar, syklande og springande velkomne til nytt Tomasløp – sundag 21.juni.
Les meir (13.06.2020)
God veke for Pernille!
Torsdag 4.juni var Pernille Linga beste jente/kvinne opp Koldabakken, tre dagar seinare var ho mellom dei uttrekte vinnarane i trimpost-vandringa for mai månad.
Les meir (07.06.2020)
Likar du kart og data, og er 14-26 år…?
I så fall bør du lese denne saka nøye
Les meir (06.06.2020)
Årsmøte i Velledalen IL 25.juni
VIL-leiar, Ove Inge Skylstad, melder at det vert halde årsmøte for 2019 den 25.juni
Les meir (06.06.2020)
Holetindane trimpost vil ha besøk
Nils Terje Skylstad melder til VIL-Nett at Holetindane trimpost har smelta fram i dagen.
Les meir (06.06.2020)
Det gode rykket i Koldabakken
Ho starta saman med mora Malene og bestemora Bjørg, men litt ut i løpet hadde Mathea eit rykk på lur.
Les meir (06.06.2020)
Constantin sette rekord i Koldabakken
Rekord-deltaking då Koldabakken Grand Prix vart avvikla under gode forhold torsdag 4.juni.
Les meir (04.06.2020)
2638 grasrotkroner i mai månad
Velledalen IL takkar grasrotspelarane sine for 2638 kroner i mai
Les meir (01.06.2020)
1.juni er siste dag av trimpost-vandringa.
Oppslutninga har vore enorm. No står berre innleveringa og premietrekkinga att.
Les meir (31.05.2020)
Motbakkeløp sprint på Hole 4.juni
Friidrettsleiar Bøe melder at Koldabakken Grand Prix vert arrangert torsdag 4.juni på kveldstid.
Les meir (30.05.2020)
Sterkt VIL-trekløver med fødselsdag 29.mai
Minst tre VIL-medlem hadde fødselsdag fredag 29.mai. Les kven.
Les meir (30.05.2020)
ANETTE HEIMLI JOKSTAD – FRÅ BALLSPEL TIL HINDERLØP
Vi visste det ikkje då vi starta denne serien, men faktum er at Anette Heimli Jokstad har to reklameplakatar for vørterøl i leilegheita ho bur. Ekte reklameplakatar frå T-bana i Oslo, som Anette har hatt sidan barndomen. Tøft!
Les meir (24.05.2020)
O-sesongen i gang med løp på Emblem
Hurra! Endeleg er o-sesongen i gang for alvor med løp på Emblem sundag 24.mai
Les meir (24.05.2020)
2001 var Jostein Linga sitt år
Ny sak frå Atle Hole sitt frilansarkiv. Denne gongen frå fotballåret 2001.
Les meir (21.05.2020)
Seks utøvarar frå Velledalen IL sprang 17.mairaton
Mellom desse Roger André Vanebo som dermed leverte ein flott re-debut som VIL-løpar i moden alder (M 55-59).
Les meir (19.05.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no