Navigasjon
Navigasjon
Gratulerer til æresmedlem som fyller 95

Fridtjof Drabløs er Velledalen IL sin eldste nolevande æresmedlem. Han vart fødd 15. januar 1919. Han var såleis litt eldre enn den breie, sterke og idrettsflinke gutegenerasjonen i dalen som kom til verda på 1920-talet, og som fostra æresmedlemane Karl B. Lade, Magnar Fet, Kaspar Fet og Paul Hole.

 

Fridtjof var i hovudsak aktiv i to idrettsgreiner. Ski og springing, eller meir presist; langrenn og løpsstafettar. Frå 1946 og utover var aktiviteten stor. På stafettfronten mønstra Velledalen IL ofte lag, heilt opp i timannslag. Då kunne Fridtjof sine lange steg vere gode og ha. Han var ein seig stafettløpar, vert det sagt.

 

Elles hadde han ei rekkje verv. Han sat i skigruppa og fleire andre grupper/nemnder, og han var leiar i laget i 1951 og 1952, midt under det ein kan kalle ein sterk Jon-periode. Møbelkompanjong Jon Hjortdal var leiar i 1947 og 1948, før vervet gjekk over til Jon C Brunstad på andre sida av elva i 1949. I 1950 tok Jon Hjortdal eit nytt år, og «veksla» med Fridtjof i 1951 og 1952, før ein ny Jon, Jon P. Brunstad, overtok i 1953. Fridtjof var også mykje nytta som funksjonær under renn utover på 1950 – og 1960-talet. Under dei to storrenna i Brunstadbakken i 1962 og 1965, der deler av noregseliten deltok, var Fridtjof mellom pådrivarane for premieinnsamlinga. Og nettopp premiebordet var det mest imponerande med desse renna.

 

Fridtjof var industrimann, og til liks med andre i møbelbransjen her i Velledalen, sytte han for at Velledalen IL/VRF fekk god rekruttering av innflyttarar. Mange av desse bygde hus og stifta familie, og vart slik ein varig ressurs for heile grenda.

 

Då Velledalen IL passerte 100 år, var det Fridtjof sitt initiativ som gjorde at det vart samla inn pengar til hjartestartar som gåve, og den vart plassert i grendahuset. Ei handling som vitna om ein åndsfrisk person, av ein mann som den gongen var 89 år.

 

Like før jul besøkte vi Fridtjof på BUAS

-           Åh, dokke he`kje gløymt meg endå, sa han då han fekk idrettslaget sitt julekort og plante frå vår gode gartnerisponsor, Holmbergs Gartneri, like før jul. Så trykte han handa mi fleire gonger og vi snakka om 1960-talet, om storrenna i Brunstadbakken, premiane det gjekk gjetord om, folkelivet og vegkaoset etterpå.

 

Æresmedlemar vert aldri gløymde.

Gratulerer med 95 års dagen, Fridtjof!

 

På vegne av idrettsvener i Velledalen IL

 

Atle Hole



Publisert: Tirsdag 14. Januar 2014 Kl. 22:10
Siste nyhende
Likar du kart og data, og er 14-26 år…?
I så fall bør du lese denne saka nøye
Les meir (06.06.2020)
Årsmøte i Velledalen IL 25.juni
VIL-leiar, Ove Inge Skylstad, melder at det vert halde årsmøte for 2019 den 25.juni
Les meir (06.06.2020)
Holetindane trimpost vil ha besøk
Nils Terje Skylstad melder til VIL-Nett at Holetindane trimpost har smelta fram i dagen.
Les meir (06.06.2020)
Det gode rykket i Koldabakken
Ho starta saman med mora Malene og bestemora Bjørg, men litt ut i løpet hadde Mathea eit rykk på lur.
Les meir (06.06.2020)
Constantin sette rekord i Koldabakken
Rekord-deltaking då Koldabakken Grand Prix vart avvikla under gode forhold torsdag 4.juni.
Les meir (04.06.2020)
2638 grasrotkroner i mai månad
Velledalen IL takkar grasrotspelarane sine for 2638 kroner i mai
Les meir (01.06.2020)
1.juni er siste dag av trimpost-vandringa.
Oppslutninga har vore enorm. No står berre innleveringa og premietrekkinga att.
Les meir (31.05.2020)
Motbakkeløp sprint på Hole 4.juni
Friidrettsleiar Bøe melder at Koldabakken Grand Prix vert arrangert torsdag 4.juni på kveldstid.
Les meir (30.05.2020)
Sterkt VIL-trekløver med fødselsdag 29.mai
Minst tre VIL-medlem hadde fødselsdag fredag 29.mai. Les kven.
Les meir (30.05.2020)
ANETTE HEIMLI JOKSTAD – FRÅ BALLSPEL TIL HINDERLØP
Vi visste det ikkje då vi starta denne serien, men faktum er at Anette Heimli Jokstad har to reklameplakatar for vørterøl i leilegheita ho bur. Ekte reklameplakatar frå T-bana i Oslo, som Anette har hatt sidan barndomen. Tøft!
Les meir (24.05.2020)
O-sesongen i gang med løp på Emblem
Hurra! Endeleg er o-sesongen i gang for alvor med løp på Emblem sundag 24.mai
Les meir (24.05.2020)
2001 var Jostein Linga sitt år
Ny sak frå Atle Hole sitt frilansarkiv. Denne gongen frå fotballåret 2001.
Les meir (21.05.2020)
Seks utøvarar frå Velledalen IL sprang 17.mairaton
Mellom desse Roger André Vanebo som dermed leverte ein flott re-debut som VIL-løpar i moden alder (M 55-59).
Les meir (19.05.2020)
Her kjem ei 17.maihelsing frå osloavdelinga.
Oslo maraton arrangerte det virtuelle løpet 17.mairaton med over 8000 deltakarar i dag.
Les meir (18.05.2020)
SVEIN ARNE NAKKEN – Skulemann, sauebonde og gratis-arbeidar
Svein Arne Nakken sine svar er så grundige, at vi treng ikkje skrive mange orda om han «føreåt». Men grovt sagt er livet hans delt i fire bolkar, som fylgjer: Familie Ullavik skule Sauebonden Svein Gratis-arbeid
Les meir (17.05.2020)
Snøras over mykje brukt treningsveg
Heldigvis gjekk alt bra denne gongen
Les meir (17.05.2020)
Les «Siste Dansen» og send varme tankar til Severin
«Siste Dansen» er historia om VRF sitt herrelag sine gode år i perioden 1995-2000, med hovudvekt på året 1996, då laget berre var eitt mål unna opprykk til nivå tre.
Les meir (16.05.2020)
Jan Rakottyai – i motorsport-miljøet «Rakett-Jan»
Velledalen IL har etter kvart vorte ganske så internasjonale. Ein av dei som bidreg i så måte, er Jan Rakottyai, frå Slovakia. Han snakkar flytande norsk, så språkleg er dette 100 prosent problemfritt.
Les meir (15.05.2020)
Jarle Konrad 80 år 11.mai
I dag fyller Jarle Konrad Fausa i Fausadalen 80 år.
Les meir (11.05.2020)
Ellen Marie Hole – medfødt medlemskap på livstid
Ellen Marie er den mellomste av Olatausene i alder. Ho har alltid vore ei bestemt kjelle, så bestemt at ho tok eit kvileår frå fotballen som niåring. Men det vart fort kjedeleg, så ho var tilbake året etter.
Les meir (10.05.2020)
Jorunn sprang virtuelt løp
Takk til Jorunn Kvalsund Jarnes som introduserte oss for virtuelle løp då ho deltok i «Run Forest Run», sundag 10. mai. Men kva er eit virtuelt løp?
Les meir (10.05.2020)
Fin gest til turfolket!
I Hjorthol Grunneigarlag vert auka rift etter parkering møtt med gratis parkering og ynskje om GOD TUR!
Les meir (09.05.2020)
Elling held koken på Myrdalsfjellet
VIL har hatt ein melder på Myrdalsfjellet trimpost. Der i frå vert det rapportert at Elling Hole har fått luke til resten av feltet.
Les meir (09.05.2020)
Frode Mauren – King of the road

BUSTAD: Vegsund

ALDER: 47

Les meir (07.05.2020)
Per Inge kommenterer 105 000 meters løpet
Vi har tidlegare på VIL-nett fått kommentarar frå Frode Hoprekstad og Bjørn Arve Brune via Svein Arne Nakken. Her set Per Inge Bjørnestad sine ord på hendinga.
Les meir (04.05.2020)
Nærbutikken Velledalen: Vørterøl fram 600 prosent
Butikk-sjefen ved Nærbutikken i Velledalen, Henning Tandstad, melder om ein formidabel auke i salet av vørterøl siste året.
Les meir (04.05.2020)
Aktive treningsdagar i Velledalen for OCR-paret vårt
Planen var at hinderløparane våre, Anette Heimli Jokstad og Nikolai Handle Jensen, skulle setje farge på Konradløpet.
Les meir (03.05.2020)
Kommentarar frå Bjørn Arve og Frode
Svein Arne Nakken har sendt kommentarar frå Bjørn Arve Brune og Frode Hoprekstad til VIL-Nett i etterkant av 105 km–løpet deira 1.mai.
Les meir (03.05.2020)
Endeleg fekk Anette premien sin
Laurdag 2.mai 2020 fekk Anette Heimli Jokstad endeleg premien sin som «Årets Idrettskvinne 2019» i Velledalen IL.
Les meir (03.05.2020)
Forsvars-Konrad
I fjor haust var det min tur til å reise i fyrstegongstenesten.
Les meir (01.05.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no