Navigasjon
Navigasjon
Heidersmann fyller 70

Vi har tidlegare lese på VIL-Nett at kryssing av mannfolk frå Sykkylven og kvinnfolk frå «Honndalen» har gitt ein god sportsleg miks. «Pe-Hans» visste kva han gjorde, og Bård Per Erstad kan stå som eit lysande døme i så måte.

 

Tenk deg tilbake til året 1963. Dei færraste hadde fjernsyn. Internasjonal fotball var heilt fråverande. Kampar med det norske landslaget lytta folk til på radio. Ja, vi fekk kjensla av at «Kniksen» var god, men vi såg han ikkje. Internasjonalt var Brasil sin Pele den mest magiske, men kva han utretta…ja, det fekk vi stort sett inn gjennom øyrene. Men Bård Erstad, Einar Fet, Svein Lien og Per Svarstad var inga dårleg erstatning. Dei såg vi i alle fall. Med blod på knea, grønske på drakta og eit smil om munnen – menga dei seg med publikum og tusla ned frå Slettegjerde etter kampslutt.

 

Oftast vann dei. VRF hadde vunne seg eit godt ry som fotballag. Særleg på heimebane selde dei gulsvarte seg dyrt, støtta av eit entusiastisk publikum. Beste perioden i VRF-soga var nok åra 1970-1972. Då var også

Bård på topp. I sin beste alder då mellom anna Ole Gunnar Solskjær sin grasrotklubb, Clausenengen, vart nedsabla 6-1 på Dalemyra. I ein elektrisk kamp i regnvêr på såpeglatt bane, der dei to leikne kantspelarane, Svein Welle og Kjell Hellevik, blomstra samstundes.

   I alt vart det om lag 700 kampar på Bård i VRF-drakta. Kring halvparten obligatoriske (serie- og cupkampar). I tillegg fekk han med seg mange krinslagskampar og han vart ved fleire høve nominert som ein av spelarane når Sunnmørsposten kåra «Årets Lag», basert på antal noteringar på «Ukens-11».

 

Lova trappe ned. Frå tid til anna kunne Bård finne på å gle kona si, Grete, litt ekstra. Som då han midt i 30-åra lova han skulle legge fotballskorne på hylla. Den lovnaden rauk – i rettferda sitt namn etter sterkt press frå klubben – fleire gonger. Bård vart over 40 år før han vart kurert.

 

Andre freistingar. Bård var idrettstalent og det var så mykje som lokka. I tidleg ungdom hadde han vist talent i langrennsporet. Om lag samstundes med den fyrste lovnaden om nedtrapping av fotballen, vart han meir og meir sugen på langrenn. Og brått var han ein av Sunnmøre Skikrins sine beste veteranløparar. Vi er då tidleg på 1980-talet, og det må nemnast at Bård var fyrste utøvarane frå Velledalen IL som gjekk «Birken». Sjølvsagt på ei tid langt under det mykje omsnakka merkekravet.

 

Hesteskokasting og stafett. Bergteken, er det noko som heiter i eventyra. Kanskje var Bård det i denne perioden. Han kasta seg stadig på nye idrettar, mellom anna hesteskokasting. Der tok han ein sensasjonell siger i ei av fyrste utgåvene av Øye-cupen (i Norangsdalen). I parkasting i spann med ingen ringare enn Egil Skåre.

     Vidare var Bård fast inventar på Velledalen IL sitt stafettlag, anten i senior- eller veteranklassa. Og slik hadde det seg at Bård hamna på Bondeheimen i Oslo.

 

Meiningslaust god matlyst. Det var neppe sunt slik vi dreiv på. Eit år spela vi seriekamp mot Valder ute på Vigra ein fredagskveld. Etter kampslutt var Bård mellom dei som sette seg i ein bil og køyrde direkte til Oslo for å delta i Holmenkollstafetten. Vi kom fram om lag timen før frukostserveringa opna på Bondeheimen i Rosenkransgate denne laurdagen. Hadde betjeninga visst kva dei hadde i vente hadde dei truleg aldri opna. Skrubbsvoltne stafettløparar frå Sykkylven ovåt. Vi kjenner ikkje tapstala til Bondeheimen denne laurdagen, men dei var garantert betydelege – og Bård åt mest av alle.

 

Trimpostar og løypesjef. Bård har vore ein seig hardhaus i alle åra. Det vart ofte seine kveldar og nattarbeid i den perioden han sat som løypesjef for Fjellsæterrunden. Dette var då løype gjekk ned i Fasteindalen og langt opp i Røvsdalen. Trakkemaskina køyrde seg fast eller slangar rauk. Det høyrde mest unntaka til at alt gjekk knirkefritt. Og etter ei natt med lite søvn gjekk han rennet.

   I 2005 og 2006 var Bård mannen som kapra mest poeng på trimgruppa sine postar. Ein prestasjon som ikkje gjer seg sjølv. Noko alle som har prøvt seg i bransjen veit.

 

Dalsnibba og sykkel. På sine eldre dagar fann Bård det rett å prøve enno ei ny grein. Denne gongen som syklist. Han deltok både i lokale ritt som Sykkylvsrittet, Fetvatnet Rundt og Ekornesrittet, men òg det meir krevjande Nibberittet. Som 65-åring sykla han frå sjøkanten i Geiranger til toppen av Dalsnibba på 108 (1time og 48 minutt) minutt. Berre få månader seinare sette tette blodårar og anna sjukdom ein stoppar for det meste.

   Vi presiserer at det som her er skrive ikkje er Bård sitt komplette sportslege rulleblad. Han har fleire år som trenar og lagleiar (oppmann) for ulike lag, og det vert hevda at han var ein slepen skeiselaupar.

 

På vegne av Velledalen IL, og mange andre, gratulerer vi heidersmannen Bård i dag med 70 års dagen ! Tusen takk til Grete og alle andre i familien for langvarig lån!

Minna er mange og uendeleg gode.

 

Atle Hole

 

 



Publisert: Torsdag 7. Mars 2013 Kl. 18:11
Siste nyhende
Likar du kart og data, og er 14-26 år…?
I så fall bør du lese denne saka nøye
Les meir (06.06.2020)
Årsmøte i Velledalen IL 25.juni
VIL-leiar, Ove Inge Skylstad, melder at det vert halde årsmøte for 2019 den 25.juni
Les meir (06.06.2020)
Holetindane trimpost vil ha besøk
Nils Terje Skylstad melder til VIL-Nett at Holetindane trimpost har smelta fram i dagen.
Les meir (06.06.2020)
Det gode rykket i Koldabakken
Ho starta saman med mora Malene og bestemora Bjørg, men litt ut i løpet hadde Mathea eit rykk på lur.
Les meir (06.06.2020)
Constantin sette rekord i Koldabakken
Rekord-deltaking då Koldabakken Grand Prix vart avvikla under gode forhold torsdag 4.juni.
Les meir (04.06.2020)
2638 grasrotkroner i mai månad
Velledalen IL takkar grasrotspelarane sine for 2638 kroner i mai
Les meir (01.06.2020)
1.juni er siste dag av trimpost-vandringa.
Oppslutninga har vore enorm. No står berre innleveringa og premietrekkinga att.
Les meir (31.05.2020)
Motbakkeløp sprint på Hole 4.juni
Friidrettsleiar Bøe melder at Koldabakken Grand Prix vert arrangert torsdag 4.juni på kveldstid.
Les meir (30.05.2020)
Sterkt VIL-trekløver med fødselsdag 29.mai
Minst tre VIL-medlem hadde fødselsdag fredag 29.mai. Les kven.
Les meir (30.05.2020)
ANETTE HEIMLI JOKSTAD – FRÅ BALLSPEL TIL HINDERLØP
Vi visste det ikkje då vi starta denne serien, men faktum er at Anette Heimli Jokstad har to reklameplakatar for vørterøl i leilegheita ho bur. Ekte reklameplakatar frå T-bana i Oslo, som Anette har hatt sidan barndomen. Tøft!
Les meir (24.05.2020)
O-sesongen i gang med løp på Emblem
Hurra! Endeleg er o-sesongen i gang for alvor med løp på Emblem sundag 24.mai
Les meir (24.05.2020)
2001 var Jostein Linga sitt år
Ny sak frå Atle Hole sitt frilansarkiv. Denne gongen frå fotballåret 2001.
Les meir (21.05.2020)
Seks utøvarar frå Velledalen IL sprang 17.mairaton
Mellom desse Roger André Vanebo som dermed leverte ein flott re-debut som VIL-løpar i moden alder (M 55-59).
Les meir (19.05.2020)
Her kjem ei 17.maihelsing frå osloavdelinga.
Oslo maraton arrangerte det virtuelle løpet 17.mairaton med over 8000 deltakarar i dag.
Les meir (18.05.2020)
SVEIN ARNE NAKKEN – Skulemann, sauebonde og gratis-arbeidar
Svein Arne Nakken sine svar er så grundige, at vi treng ikkje skrive mange orda om han «føreåt». Men grovt sagt er livet hans delt i fire bolkar, som fylgjer: Familie Ullavik skule Sauebonden Svein Gratis-arbeid
Les meir (17.05.2020)
Snøras over mykje brukt treningsveg
Heldigvis gjekk alt bra denne gongen
Les meir (17.05.2020)
Les «Siste Dansen» og send varme tankar til Severin
«Siste Dansen» er historia om VRF sitt herrelag sine gode år i perioden 1995-2000, med hovudvekt på året 1996, då laget berre var eitt mål unna opprykk til nivå tre.
Les meir (16.05.2020)
Jan Rakottyai – i motorsport-miljøet «Rakett-Jan»
Velledalen IL har etter kvart vorte ganske så internasjonale. Ein av dei som bidreg i så måte, er Jan Rakottyai, frå Slovakia. Han snakkar flytande norsk, så språkleg er dette 100 prosent problemfritt.
Les meir (15.05.2020)
Jarle Konrad 80 år 11.mai
I dag fyller Jarle Konrad Fausa i Fausadalen 80 år.
Les meir (11.05.2020)
Ellen Marie Hole – medfødt medlemskap på livstid
Ellen Marie er den mellomste av Olatausene i alder. Ho har alltid vore ei bestemt kjelle, så bestemt at ho tok eit kvileår frå fotballen som niåring. Men det vart fort kjedeleg, så ho var tilbake året etter.
Les meir (10.05.2020)
Jorunn sprang virtuelt løp
Takk til Jorunn Kvalsund Jarnes som introduserte oss for virtuelle løp då ho deltok i «Run Forest Run», sundag 10. mai. Men kva er eit virtuelt løp?
Les meir (10.05.2020)
Fin gest til turfolket!
I Hjorthol Grunneigarlag vert auka rift etter parkering møtt med gratis parkering og ynskje om GOD TUR!
Les meir (09.05.2020)
Elling held koken på Myrdalsfjellet
VIL har hatt ein melder på Myrdalsfjellet trimpost. Der i frå vert det rapportert at Elling Hole har fått luke til resten av feltet.
Les meir (09.05.2020)
Frode Mauren – King of the road

BUSTAD: Vegsund

ALDER: 47

Les meir (07.05.2020)
Per Inge kommenterer 105 000 meters løpet
Vi har tidlegare på VIL-nett fått kommentarar frå Frode Hoprekstad og Bjørn Arve Brune via Svein Arne Nakken. Her set Per Inge Bjørnestad sine ord på hendinga.
Les meir (04.05.2020)
Nærbutikken Velledalen: Vørterøl fram 600 prosent
Butikk-sjefen ved Nærbutikken i Velledalen, Henning Tandstad, melder om ein formidabel auke i salet av vørterøl siste året.
Les meir (04.05.2020)
Aktive treningsdagar i Velledalen for OCR-paret vårt
Planen var at hinderløparane våre, Anette Heimli Jokstad og Nikolai Handle Jensen, skulle setje farge på Konradløpet.
Les meir (03.05.2020)
Kommentarar frå Bjørn Arve og Frode
Svein Arne Nakken har sendt kommentarar frå Bjørn Arve Brune og Frode Hoprekstad til VIL-Nett i etterkant av 105 km–løpet deira 1.mai.
Les meir (03.05.2020)
Endeleg fekk Anette premien sin
Laurdag 2.mai 2020 fekk Anette Heimli Jokstad endeleg premien sin som «Årets Idrettskvinne 2019» i Velledalen IL.
Les meir (03.05.2020)
Forsvars-Konrad
I fjor haust var det min tur til å reise i fyrstegongstenesten.
Les meir (01.05.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no