Navigasjon
Navigasjon
Hekta på langrenn

Solveig Beate Brunstad (f. 1996) og Andrea Berge Kastellet (f. 1998) ville gjerne møte to av idola sine, Marit Bjørgen og Therese Johaug. Dei fann at det kunne gjerast gjennom deltaking på sommarskiskule på Aure (Nordmøre). Men det gjekk ikkje heilt slik jentene hadde trudd.

-           Vi melde oss på i januar. Skiskulen skulle vere 23-26 juni, i regi av toppidrettsveka same stad. Fordi vi ikkje ville møte ubudde, kjøpte (Solveig Beate) og lånte (Andrea) vi rulleski i vår og la oss i trening. Men diverre dukka ikkje Bjørgen og Johaug opp. Dei måtte på samling med damelandslaget, fortel dei to modige veninnene.

-           Kven fekk de då som instruktørar?

-           Vi skal ikkje klage. Fleire frå det norske sprintlandslaget med Øystein Pettersen (Pølsa), Eirik Brandsdal og Ola Vigen Hattestad i spissen. I tillegg hadde vi fleire svenske, mellom andre Sandra Hansson og Robin Brynteson.

 

Kjende ingen

Sommarskiskulen hadde to treningsøkter kvar dag. Det opna med elghufsinterval fyrste dagen, rulleski den andre og tre timars joggetur opp på eit fjell den tredje. Siste dagen vart det arrangert ei form for jaktstart basert på poeng frå tidlegare prøver, som laget til Solveig Beate og Andrea vann. I alt deltok 110 gutar og jenter i alderen 10-16 år på Nordmøre.

-           Vi kjende ingen av dei andre då vi kom, men vart kjende etter kvart. Utanom læring frå trening vart det lagt vekt på at vi skulle ha det kjekt i lag. Mange sosiale aktivitetar. Sjølv om vi ikkje traff Marit og Therese svara opphaldet til forventningane

 

Langt til snø

Andrea og Solveig Beate har vorte hekta. Hekta på trening. Kvar dag er dei i sving. Komande måndag reiser Solveig Beate til Sognefjellet der ho skal gå på natursnø.

-           Det er langrenn eg vil satse på. Kanskje melder eg meg inn i Stordal IL, der inne er dei flinke med langrenn, seier jenta med farmor nettopp frå Stordal til VIL-nett.

For Andrea er det litt verre. Ho bur nemleg i snøfattige Stavanger.

-           Næraste snøsikre stad er Sirdal, to timar frå Stavanger. Kanskje melder eg meg inn i Sandnes IL. Der driv dei med langrenn og det var der eg lånte rulleski.

 

Kanskje Hellesyltløpet

Solveig Beate og Andrea ser fram til at lysløypa for langrenn i Ladalen skal bli ferdig. Den vil bli flittig brukt. Men før snøen kjem dalande skal det trenast mange timar på barmark. Komande laurdag vert Hellesyltløpet arrangert. Kanskje tek dei med seg løpet som eit ledd i treninga.

   Og enn så lenge lever draumen. Draumen om idola Marit og Therese. Det vart ikkje på Nordmøre i 2012, men éin dag vil dei treffast.

 

 



Publisert: Måndag 2. Juli 2012 Kl. 23:45
Siste nyhende
O-gruppa VIL, terminliste våren 2020
-endringer kan forekomme, følg med på Facebook-gruppa «Orienteringsløp Sykkylven».
Les meir (17.02.2020)
Lokale resultat frå Furusjøen Rundt
ArkivfotoSvein vart nummer sju i klasse 50-54 år, Kjell Magnar nummer 16 i klasse 30-34 år.
Les meir (17.02.2020)
Vert det «Barnas Fjellsæterrunde i vinter..?
arkivfotoTruleg JA, seier langrennsgruppa i Velledalen IL som nyleg har hatt møte.
Les meir (11.02.2020)
Ny trakkemaskin står klar
Langrennsgruppa melder at ei ny trakkemaskin formeleg hungrar etter meir snø i Ladalen.
Les meir (11.02.2020)
Plass til fleire på Idrettsgalla
Dagen før påmeldingsfristen går ut melder kasserar i VIL, Henning Tandstad , om kring 20 ledige plassar.
Les meir (11.02.2020)
Bilskiltet «ARNE 371» sine band til Velledalen IL
Han vart KM-vinnar for Velledalen IL i 1960 med 2,77 meter, men gav seg ikkje før han hoppa 3,71 i stille lengde.
Les meir (11.02.2020)
Anders Wigdahl gjekk Sjusjøen Skimaraton
Endeleg har vi eit ski-resultat og melde – frå VIL-avdelinga på Austlandet.
Les meir (09.02.2020)
Vinterkarusell nr 4: Andreas og Frode klassevinnarar
Fem menn representerte Velledalen IL under fjerde løpet av Vinterkarusellen i Ålesund.
Les meir (08.02.2020)
May Evy beste kvinne på 5 kilometer
May Evy Nesheim vart beste kvinne på 5 kilometer med tida 22.17 under Ålesund Vinterkarusell. Også Lillian Nykrem klassevinnar.
Les meir (08.02.2020)
Bladet «Runners World» skriv om Kjell Magnar
Heile fem sider – framsida og fire inne i bladet - har løpsbladet «Runners World» spandert på Kjell Magnar Berli.
Les meir (08.02.2020)
Nye karusell-løp i Ålesund 8.februar
arkivfotoFå utøvarar har førebels meldt seg på, men Olaf Einar Øien stiller på 5 km.
Les meir (05.02.2020)
Velkommen til sonerenn i Hyttehola på Hellesylt laurdag 8. februar.
Rennet går i fristil, med start klokka 12.30, individuell start og normaldistanse.
Les meir (05.02.2020)
Dei finaste nedslaga
Med Helge Lødøen sin bortgang har Velledalen mist ein sann idretts-ven.
Les meir (04.02.2020)
Krevjande helgakonkurranse
Men Kristin Grebstad visste at Katrine Ulriksen (VIL-leiar I 1997) var rett svar denne gongen.
Les meir (03.02.2020)
Idrettsgalla 22.februar – påmeldingsfrist 12.febr.
arkivfotoI år er det påmelding til Velledalen IL sin Idrettsgalla –frist for påmelding er 12.februar.
Les meir (03.02.2020)
Fire blad Nakken i Oslo Winterrun 2020.
I går kvitterte Sivert og Andreas Mosby Nakken ut ei av julegåvene sine. Far Svein og mor Anita var også mellom deltakarane.
Les meir (02.02.2020)
Tusen, tusen takk til 94 grasrotspelarar!
Januar vart ein knallmånad med 2662 grasrotkroner til Velledalen IL.
Les meir (01.02.2020)
Britt Janne 40 år 1.februar
arkivfotoJubileuma kjem tett i Velledalen IL for tida. I dag er det Britt Janne sin tur.
Les meir (01.02.2020)
Krevjande helga-konkurranse
Faktum er at det er 23 år sidan sist leiaren i Velledalen IL budde andre stadar enn på Hole.
Les meir (31.01.2020)
Hurra for VIL-leiaren som fyller 60 år 30.januar!
30.januar fyller Hau-tvillingane (Kai Roger og Ove Inge) 60 år.
Les meir (29.01.2020)
O-gruppa i VIL har søkt midlar til skulegardskart
Velledalen IL – o-gruppa har søkt midlar frå Forbundet til skulegardskart, kartteiknings-kurs og kurs for tilsette ved skular.
Les meir (28.01.2020)
Visste du at………..
arkivfotoNettsida friskar opp nokre som har sportslege jubileum i 2020
Les meir (27.01.2020)
Vanskeleg konkurranse – Leif Karlsen vinnar
Denne gongen var konkurransen så vanskeleg at det kom inn akkurat like mange gale svar som rette.
Les meir (27.01.2020)
Galla for sportslege sprell 22.februar
arkivfotoVelledalen IL arrangerer Idrettsgalla i Velledalen grendahus laurdag 22.februar.
Les meir (27.01.2020)
Brunstadbakken i vinden
Takka vere nokre foto i Sunnmørsposten frå hopprennet i 1962, har Brunstadbakken i Velledalen på nytt blitt løfta fram i lysey.
Les meir (25.01.2020)
Nærsprinten – nytt tilbod for unge løparar
Fyrste løp – av i alt fem - i cupen vert arrangert på Brunstad fredag 3.april.
Les meir (25.01.2020)
Lokal kvintett går Birkebeiner-rennet
arkivfotoDå vi sjekka påmeldingane til Birkebeiner-rennet den 20. januar fann vi fire sykkylvingar på listene.
Les meir (25.01.2020)
VIL har signert styrmann med vind i segla
Idrettslaget sin plattformarbeidar, som tidlegare var kasserar, får selskap av styrmann som også er relatert til oljebransja i sitt yrkesliv.
Les meir (22.01.2020)
Meir om mangekamp og Henrik sitt NM-gull
Mangekamp innandørs for menn har sju øvingar, mot ti øvingar utandørs.
Les meir (21.01.2020)
Henrik Johan Holmberg NM-vinnar i mangekamp
Henrik Johan Holmberg, Vik IL, vart i helga NM-vinnar i NM i mangekamp i Nes Arena (innandørs).
Les meir (19.01.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
La22.02
To19.03
Fr03.04
To30.04
Fr01.05
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no