Navigasjon
Navigasjon
Selje cup
Glade jenter med sine premiar. Foto: Hanne Oline Ulset
Glade jenter med sine premiar. Foto: Hanne Oline Ulset

VRF J12 spelte fem kampar under cupen, og fekk med seg ein siger. Dei spelte jamt med dei fleste laga, men hadde problem med å omsetje sjansane sine i scoringar.

Resultat for VRF J12:

Guard -VRF         1 - 0     

TMFK -VRF          3 - 1  

Førde 1-VRF       0 - 1  

VRF -MSIL            1 - 2          

VRF -Førde 2      0 - 1       

VRF J13 måtte stille i klassa 13/14 pga. få påmelde lag, men klarte seg bra mot litt eldre motstand. Laget vann finalen i B-sluttspelet og kom dermed på ein fin 5.plass. Dei starta turneringa bra med siger 4-0 over Selje. Seinare på dagen var Volda motstandar, i ein kamp jentene våre tapte  4-1. Neste kamp var mot Åheim. Dette var ein kamp der begge lag var like gode, men dessverre hadde jentene dårlig utteljing på sine mange sjansar.   Dermed enda det med 3-2 siger til Åheim. Siste kampen i gruppespelet var mot Rival. Kampen vart spelt på grusbane, og det vart ein tøff og jamn kamp. Heldigvis drog jentene  sigeren i land og vann 1-0.

Etter gruppespelet enda VRF j13 på 3.plass i si pulje og vart dermed kvalifisert til B-sluttspelet. I semifinalen skulle vi på ny møte Rival. Vi forventa oss ein like tøff kamp som sist – og det vart det. Laga følgde kvarandre tett, og gleda over ei scoring varte ikkje lenge før motstandaren utlikna. Heldigvis hadde jentene nok krefter igjen og vann denne viktige kampen 4-3.

I finalen var Leirgulen/Davik/Ålfoten motstandaren. Dette var eit lag beståande av mange 14åringar, og det var tydeleg at jentene hadde respekt for motstandaren i 1.omg. Til pause låg VRF under 3-0. Men vi vart einige om å fortsette å kjempe, sidan alle såg moglegheita til at vi også kunne score nokre mål. Jentene la ned ein stor arbeidsinnsats, og klarte å snu 0-3 til 3-3 før 2. omgang var over.   Ved fullspelt ordinær speletid stod detframleis 3-3. Kampen gjekk dermed til speleforlenging 5 min, sudden death. Ingen av laga makta å score fleire mål, og kampen skulle dermed avgjerast på hjørnespark. Men der stod laga også likt, og kampen vart avgjort med myntkast. VRF var heldige, og kunne dermed sleppe jubelen laus.

Vil dermed gratulere jentene med  flott innsats, og ein velfortent 5.plass!

Ellen Marie Hole, trener for j13.  



Publisert: Onsdag 20. Juni 2012 Kl. 16:07
Siste nyhende
O-gruppa jobbar knallhardt med kart
Nytt kart i området Ikornnes/Sessvatnet, oppdatering av Velledals-kartet og utviding av Fjellsætet-kartet.
Les meir (05.07.2020)
Trimbingo til Brunstadsætra 12.juli
Arkivfoto Trimgruppa melder at den årlege grillkvelden vert noko amputert i coronaåret
Les meir (05.07.2020)
Nytt karusell-løp i Ålesund 8.juli
Andre løp i Ålesund Sommarkarusell vert arrangert onsdag 8.juli
Les meir (05.07.2020)
Ove Skylstad held fram som leiar i VIL
«Orrenes-ekspressen» (Sondre Bårnes) einaste nye i hovudstyret.
Les meir (05.07.2020)
Takkar for 2829 grasrotkroner i juni!
Juni vart ein særs god månad med 2829 kroner i klubbkassa frå 105 spelarar
Les meir (01.07.2020)
Aktuelt foto frå vinteren 2005
Broren til den sovande jenta er verdsmeister i orientering mange gonger, og skal nytte Velledalen Il sin o-kart til trening i sommar.
Les meir (30.06.2020)
May Evy Nesheim nest beste kvinne i Mefjellet Opp
Frode Mauren vart nummer to i klasse M 45-49
Les meir (28.06.2020)
Kjetil og Per-Gunnar fekk klaff med juni-vêret
Alle vi veit om synest juni 2020 har vore ein framifrå vêrmånad
Les meir (28.06.2020)
Lukke til Frode og May Evy!
Frode Mauren og May Evy Nesheim er i dag på plass i Fjørå der starten går for motbakkeløpet Mefjellet Opp.
Les meir (28.06.2020)
Toppløpar klar for Velledalen IL
Friidrettsleiar Alf Petter Bøe er stolt som ein hane om dagen etter å ha fått sterke Constantin Rust (23) inn på laget.
Les meir (28.06.2020)
Stor takk til Sparebanken Møre
Banken gav 25 000 kroner (TEFR-midlar) til prosjektet « Orienteringskart Ikornnes/Sessvatnet).
Les meir (28.06.2020)
Eit vakkert foto om gode rollemodellar!
Så godt som alle born har sine rollemodellar, med gjerne foreldra i aller fremste line.
Les meir (23.06.2020)
Kvepsebol
Pass opp for små hissige kvepsar.
Les meir (22.06.2020)
Litt stoff omkring det å vere o-løpar
Meir frå «Oppdal 2-dagars». Mellom anna våre utøvarar sine resultat andre dag
Les meir (22.06.2020)
Tomasløpet: Ny triumf til Constantin Rust
Arrangøren, Velledalen IL, er ikkje nøgde med 42 deltakarar. Men vinnartidene var fine, 17.55 på Constantin Rust og 22.52 på Elida Fuglem.
Les meir (21.06.2020)
Hoppskule og renn med klassesigrar til Jonny og Jan
Få tenkjer på skihopp når gradestokken slikkar 30-grader streken, men Jonny Mauren og Jan Ringseth sytte for to klassesigrar til Velledalen IL.
Les meir (21.06.2020)
To skarpe VIL-familiar spring «Oppdal 2-dagers»
Det er snakk om orientering og familiane som representerer Velledalen IL er Fløttum Fauske og Ibsen Lervåg.
Les meir (21.06.2020)
Flotte VIL-prestasjonar i Sommar-Karusellen
110 løparar fullførte 1.løpet i Sommar-Karusellen i Ålesund. Dette er ny rekord.
Les meir (17.06.2020)
Sommarkarusell i Ålesund – 1.løp 17.juni
Folk er løps-sugne som aldri før. Ny deltakarrekord er alt sikra. Les om stor VIL-tropp og andre kjende på startlistene.
Les meir (14.06.2020)
Tomasløpet vert arrangert i Straumgjerde 21.juni
Velledalen IL har gleda av å ynskje mosjonistar, syklande og springande velkomne til nytt Tomasløp – sundag 21.juni.
Les meir (13.06.2020)
God veke for Pernille!
Torsdag 4.juni var Pernille Linga beste jente/kvinne opp Koldabakken, tre dagar seinare var ho mellom dei uttrekte vinnarane i trimpost-vandringa for mai månad.
Les meir (07.06.2020)
Likar du kart og data, og er 14-26 år…?
I så fall bør du lese denne saka nøye
Les meir (06.06.2020)
Årsmøte i Velledalen IL 25.juni
VIL-leiar, Ove Inge Skylstad, melder at det vert halde årsmøte for 2019 den 25.juni
Les meir (06.06.2020)
Holetindane trimpost vil ha besøk
Nils Terje Skylstad melder til VIL-Nett at Holetindane trimpost har smelta fram i dagen.
Les meir (06.06.2020)
Det gode rykket i Koldabakken
Ho starta saman med mora Malene og bestemora Bjørg, men litt ut i løpet hadde Mathea eit rykk på lur.
Les meir (06.06.2020)
Constantin sette rekord i Koldabakken
Rekord-deltaking då Koldabakken Grand Prix vart avvikla under gode forhold torsdag 4.juni.
Les meir (04.06.2020)
2638 grasrotkroner i mai månad
Velledalen IL takkar grasrotspelarane sine for 2638 kroner i mai
Les meir (01.06.2020)
1.juni er siste dag av trimpost-vandringa.
Oppslutninga har vore enorm. No står berre innleveringa og premietrekkinga att.
Les meir (31.05.2020)
Motbakkeløp sprint på Hole 4.juni
Friidrettsleiar Bøe melder at Koldabakken Grand Prix vert arrangert torsdag 4.juni på kveldstid.
Les meir (30.05.2020)
Sterkt VIL-trekløver med fødselsdag 29.mai
Minst tre VIL-medlem hadde fødselsdag fredag 29.mai. Les kven.
Les meir (30.05.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no