Navigasjon
Navigasjon
NM, Norgescup

NM, Norgescup, med meir harde fakta over sportslege prestasjonar.

1948: VIL vann langrennspokalen frå bygdarenna til odel og eige etter tre strake napp i

          46-, 47 og 48. Vinnarlaget frå 1948 var Paul Hole (37.24), Olav P. Hole (37.38) og

          Karl P. Hole (39.24).

1949: VIL tok vandrepokalen i hopp frå bygdarenna til odel og eige med trioen Kaspar Fet,

          Magnar Fet og Anders Kvisvik.

          VIL tok overraskande tremannspokalen i Aksla sitt terrengløp ved trioen Olav P. Hole,

          Paul P. Hole og Torleiv Hole.

1950: Magnar Fet beste hoppar i Velledalen IL sitt distriktsrenn

1950: Olav P. Hole vann VIL sitt distriktslangrenn og Langevåg IL sitt landsrenn. Begge

          renna var 17 km, og i begge renna måtte Jakob Kjersem nøye seg med 2. plass.

1967: Leiv Alnes vann klasse 11 år i områderenn i hopp i Velledalen. Ole Jostein Fet nr.2.

1972: Bjørn Lade nummer 11 i langrenn i klasse G 13 under Områdemeisterskapen i Sparbu.

1980: Geir Fet nummer 14 både i slalåm og storslalåm under Donald Duck-leikane.

          Inger Marie Lie og Jon Hole Drabløs vart uoffisielle NM-vinnarar i hesteskokasting

          (single). I double vann Inger Marie Lie/Oddny Brunstad dameklassa, medan Per Hole

          Drabløs og Kåre Hole Drabløs tok seg av herreklassa.

1981: Bård Erstad vart nummer 42 i Birkebeinerrennet klasse 35-39 år med tida 4.03.53

          Jon Hole Drabløs og Inger Marie Lie tok for andre år på rad single-sigranei uoffisielt

          NM i hesteskokasting, arrangert i Velledalen. Double vart arr. i Breim, og her vann

          Inger Marie Lie/Oddny Brunstad kvinneklassa.

          VIL vart nr.121 (av 284 lag) i Holmenkollstafetten med tida 54.42

1982: Ann Kristin Fet vart nr. 3 i områdemeisterskapen i alpint på Oppdal.

          Einar Fet sprang halvmaraton på 1.17.09 under Sykkylven halvmaraton

          VIL sitt herrelag kom på 2.plass i Breimstafetten i klasse B (Hødd vann)

          Helga/Ragnhild Brunstad 1.pl.dameklassa i Velledalscupen i hesteskokasting (212 delt)

          Inger Riksheim samanlagtvinnar av Sunnmørscupen i langrenn

1983: Ny siger til Helga/Ragnhild i Velledalscupen i hesteskokasting (216 deltakarar)

1984. Atle Hole samanlagtvinnar av Sparebankcupen i langrenn

1985: Terje Aurdal samanlagtvinnar av Sparebankcupen i langrenn.

          Einar Fet sprang Sykkylven halvmaraton på 1.17.07 i ein alder av 41 år

1986: Kjell Arild Heggdal delte 1.plassen i Norgescupen i hesteskokasting med Torgeir   

          Årdal.

1987: Kjell Arild Heggdal nr.3 i NC-stemnet i Velledalen.

1989: Einar Fet debuterte som maratonløpar i Drammen med tida 2.51 og nokre sekund

          i ein alder av 45 år.

1990: Frank Hole nr 14 i Midtnorsk meisterskap i langrenn i Stjørdal.

          Kjell Arild Heggdal nr. 6 samanlagt i Norgescupen i hesteskokasting

1991: Frank Hole nr 3 samanlagt i Draugen-Cup (langrenn).

1993: Kjell Arild Heggdal NM-vinnar i single i Hobøl (offisiell vinnar)

1998: Sterkt ”come back” av Ragnhild Brunstad i hesteskokasting, med to 1.plassar i  

          Norgescupen og andreplass samanlagt

2002: Liv Skogvold samla 2629 trimpoeng – rekord, og kjempelangt omrekna i meter.

2003: Paul Hole blir den fyrste i laget som tek idrettsmerket for 40.gong

          Kristian Moe går Birkebeineren på 3.08, og blir nr.24 i klasse 20-24 år

2004: Nils Terje Skylstad vann Konradløpet for tredje gong og sette løyperekord (15.29)

2005: Sverre Gunnar Brunstad fullførte fire maratonløp med 2.49.02 i Amsterdam som

          bestetid. Brunstad vart ”Årets utøvar” i VIL i 2005.

          Bård Erstad noterte knallsterke 293 noteringar i trimboka i Riksheimdalen.

2006: Svein Arne Nakken greidde merkekravet for 10.gong i Birkebeinerrennet

         Nils Terje Skylstad hadde fleire sterke motbakkeløp og slo den gamle skikongen

         Oddvar Brå i ”Skåla rett opp”.

         SverreGunnar Brunstad fullførte tre maratonløp, alle under 2timar 55 minutt.

          Kenneth Fet ”Årets utøvar” i VIL, mellom anna KM-vinnar i langrenn dette året.

2007: Terje Aurdal den fyrste frå VIL som fullførte Vasaloppet (6.15.24)

           Jan Ringseth nr.4 i veteran VM i hopp, klasse 60-64 år, 1,1 poeng frå bronse.

          Sverre Gunnar Brunstad vart nr 2 i maraton-NM klasse 40-45 år med tida 2.48.26,

          og nr 11 totalt.

           Konradløpet, medrekna Minikonrad, samla 422 deltakarar. Hilde Riksheim Tandstad

           Sette ny løyperekord for kvinner/jenter med tida 18.46. Ho vann òg Hellesyltløpet,    

           Jordbærdilten, samt lengde og 800 meter under Ørstaleikane.

           Motbakkeløpar Nils Terje Skylstad noterte sterke klassesigrar i Varden Opp

           (Langevåg) og Nesaksla Opp (Åndalsnes). I det største, Skåla Opp, vart han nr.4.

2010: Jan Ringseth nr.2 i veteran NM hopp, klasse 65-69 år. , Vikersund
         Jan Ringseth nr. 2 i veteran VM hopp, klasse 65-69 år, Slovenia
         Jon Runar Drotninghaug nr.11 i NM Fjelltelemarkkøyring i Sogn
Siste nyhende
Visste du at………..
arkivfotoNettsida friskar opp nokre som har sportslege jubileum i 2020
Les meir (27.01.2020)
Vanskeleg konkurranse – Leif Karlsen vinnar
Denne gongen var konkurransen så vanskeleg at det kom inn akkurat like mange gale svar som rette.
Les meir (27.01.2020)
Galla for sportslege sprell 22.februar
arkivfotoVelledalen IL arrangerer Idrettsgalla i Velledalen grendahus laurdag 22.februar.
Les meir (27.01.2020)
Brunstadbakken i vinden
Takka vere nokre foto i Sunnmørsposten frå hopprennet i 1962, har Brunstadbakken i Velledalen på nytt blitt løfta fram i lysey.
Les meir (25.01.2020)
Nærsprinten – nytt tilbod for unge løparar
Fyrste løp – av i alt fem - i cupen vert arrangert på Brunstad fredag 3.april.
Les meir (25.01.2020)
Lokal kvintett går Birkebeiner-rennet
arkivfotoDå vi sjekka påmeldingane til Birkebeiner-rennet den 20. januar fann vi fire sykkylvingar på listene.
Les meir (25.01.2020)
VIL har signert styrmann med vind i segla
Idrettslaget sin plattformarbeidar, som tidlegare var kasserar, får selskap av styrmann som også er relatert til oljebransja i sitt yrkesliv.
Les meir (22.01.2020)
Meir om mangekamp og Henrik sitt NM-gull
Mangekamp innandørs for menn har sju øvingar, mot ti øvingar utandørs.
Les meir (21.01.2020)
Henrik Johan Holmberg NM-vinnar i mangekamp
Henrik Johan Holmberg, Vik IL, vart i helga NM-vinnar i NM i mangekamp i Nes Arena (innandørs).
Les meir (19.01.2020)
Velkomen i det gode selskap, Ole Martin!
I dag ynskjer vi den allsidige idrettsmannen Ole Martin Korsnes velkomen i Velledalen IL sine rekkjer.
Les meir (19.01.2020)
Turtausa er VIL-medlem!
Er du følgar av @turtausatrimbok på Instagram?
Les meir (18.01.2020)
Olav Brunstad 65 år 18.januar
Somme lurer kanskje på; kven er Olav Brunstad ?
Les meir (18.01.2020)
Velkomen til trening i nytt år!
Her kan alle delta – oppmøte ved Fet Bru sundag 19.januar klokka 10.00.
Les meir (18.01.2020)
6 unge mødre med 16 born tidleg ute med VIL-medlemskap
Vi er glade for dei engasjerte mødrene og barnefamiliane som har ”tikka inn” som medlemmar dei første par vekene av 2020.
Les meir (18.01.2020)
Brøvoll Youngboys klare for Velledalen IL
Det er med stor glede vi kan melde Jan Helge Myhre og Roger Vanebo klare til dyst for Velledalen IL – friidrett.
Les meir (16.01.2020)
Storspringaren vår fyller 47 i dag
Giørtz, Isabell Rørvik og Velledalen IL sin seige langdistanseløpar, Frode Nordstrand Mauren, fyller 47 år i dag, 16.januar.
Les meir (16.01.2020)
Overføring til Oslo-avdelinga
Ole Peder Kristian Holmberg har flytta til Oslo for å ta utdanning som togførar.
Les meir (14.01.2020)
Ny Frode innmeld i Velledalen IL
FF-teamet : Frode nr 2 frå venstreDet er med stor glede vi tek mot langdistanse-løparen, Frode Hoprekstad, som ny utøvar i Velledalen IL.
Les meir (14.01.2020)
37.15 på mila etter lang pause
arkivfotoKjekt å ha Kjell Magnar Berli tilbake i konkurranse etter lang pause.
Les meir (12.01.2020)
To praktkarar på same foto
Jo Andre Tandstad (t.v) er enno ikkje olympisk meister, men karen saman med han, Olaf Tufte, er.Jo Andre Tandstad (t.v) er enno ikkje olympisk meister, men karen saman med han, Olaf Tufte, er.
Les meir (11.01.2020)
Sporty julegåver – del 2
arkivfotoSporty julegåver er i vinden som aldri før. Her kjem eit nytt eksempel på det.
Les meir (11.01.2020)
Sykkylvingar i vinterkarusellen
arkivfotoTredje løp i Ålesund vinterkarusell vert avvikla i ettermiddag. Sjå kven som stiller frå Velledalen IL.
Les meir (11.01.2020)
Gledeleg treningsiver
Rykta fortel om 24 utøvarar under sirkeltreninga i Velledalen grendahus.
Les meir (09.01.2020)
Sporty julegåver i vinden
Fleire VIL-medlemar har fått det som må reknast som sporty julegåver sist jul.
Les meir (09.01.2020)
Jo Andre kapp-ror mot Olaf Tufte
ArkivfotoI sommar deltok Jo Andre Tandstad i NM i motbakkeløp, eit halvt år seinare stiller den allsidige karen i NM romaskin i Ålesund.
Les meir (09.01.2020)
Tredje løpet i vinterkarusellen komande laurdag
Laurdag 11.januar går tredje løpet i Ålesund vinterkarusell. Start klokka 15.00.
Les meir (08.01.2020)
VIL treng medlemmane sine
Kasseraren klar for å skrive nye og gamle medlemmar inn i 2020-registeret.
Les meir (08.01.2020)
Klubbmeteorologen
Eg fekk almanakk i julegåve, og etter å ha studert denne ser det ut for at vi vert velsigna med dette veret for 1. halvår:
Les meir (04.01.2020)
Nye VIL-løparar påmelde på Stranda
arkivfoto2. januar hadde 410 meldt seg på Stranda Fjord Trail Race 8.august. Fem representerer VIL.
Les meir (02.01.2020)
Grasrotspelarar i sykkylvs-idretten.
Her kjem ei oversikt over talet på grasrotspelarar i sykkylvsidretten – og utviklinga siste året.
Les meir (02.01.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
La22.02
To19.03
Fr03.04
To30.04
Fr01.05
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no